I ein leilighet i Spania

august 18, 2008

Er i ein leilighet i Spania. Har nettopp hatt ein siesta på 3 timar. Det har blitt litt lettare å sove nå, i byrjinga var det som å sova med feber: sveitt og ubeageleg. Ein av triksa eg brukte for å sove betre var å slutte å bruke sengeteppet av tjukk og klam poliester som dyne. Når eg utforska senga fann eg ei dyne som er tynnare enn noko laken ein finn i Norge.


Almuñecar er ein liten turistby. Eg har berre sett to andre blonde mennesker her, et teikn på at den får vera i fred frå nordeuropeiske turistar. Her er mest spanjolar og italienerar. Om vinteren er gjennomsnittstemperaturen 25 grader (sa i alle fall ein lerar på språkskulen). Når dei innfødte blir opplyst om at 5-10 minusgrader er normalt i Tromsø får dei som oftast store auger med et hint av avsky. Når eg videre fortell om mørketida slit dei med å skjule sin forbauselse over at menneske bur der.

 

Livet består av 3,5 timar på språkskule, siesta, strand og utforsking av lokal mat og drikke.

 

Sjølv om Middelhavet er eit lite dritthav samanlikna med atlanteren blir det relativt store bølger her. I går prøvde eg kroppsurfing. Ikkje ein ting å annbefale i grunn. I alle fall ikkje viss stranda består delvis av småstein. Men det var kjekt. Viss ein svømmer som ein vanvetting akkurat før bølga kjem så skyt ein fart og ”surfer” på den. Ein held då naturlegvis same fart som bølga (den kjekke delen) men stopper også like fort som den (den mindre kjekke delen). 

Spanjolar, i alle fall dei i Andaluica (Sør-Spania) har siesta mellom kl 2 og 5. Det er mest som ein religion her, alle butikkane stenger. På same tid er sola så sterk at ingen er på stranda (!). Då hersker det ro i Almuñecar. Der er kjedelig. Men eg er heldigvis tilpasningsdyktig og har begynt å ta siesta eg også. Eit par timar ro og skjønnhetssøvn for å ta igjen det som eg går glipp av om natta. Då er det nemleg Vino de verano (”sommervin”), tapas, hygge, velvære, og påbegynnende skrumplever som gjeld.

 

Det er eit treningssenter her i byen (eller ’landsbyen’ som mine medstudenter frå dei store byane i Europa kaller den), utan aircontition, og kor lite det nå enn fristar så skal eg ta meg ein tur der nå. Eg aktar ikkje å returnere til Norge som ein blautfeit og sydenbrun FRP-politikar. Eit treningssenter i Spania er ellers ikkje ulikt eit norskt eit. Alle som stirrer på deg for å sjå kor tungt skrot du klarer å løfte og går rundt med magen trukket inn, brystkassen blåst opp og armane hengande skrått ut frå sida av kroppen (for di dei ”er så sterke” at armane ikkje kan henge normalt).

 

Ha ein fin dag, kor enn du er i verden. Viss du ikkje har det fint så kan du kanskje trøste deg med at det har eg?

Taekwondoo

august 1, 2008

Eg driv med kampsport og blir av den grunn av og til oppfatta som ein skummel jævel. Jævel? Ja, kanskje. Skummel? Nja. Her tenkte eg å leggje fram eit bevis for at det å ha dreve med kampsport ikkje nødvendigvis gjer ein til noko overmenneskleg.Taekwondoo, eller korleis den latterlige kampsorten nå staves, har eit beltesystem, der raudt er ca det tredje ein får. Denne mannen seier han har hatt raudt belte i 3 år, med dårleg skjult stolthet. Viss nokon hadde sagt det til deg med eit morskt ansikt på ein fest hadde du kanskje tenkt “oi, ein stykk galning her altså. Han må eg holda meg inne med, for viss me får bråk på byen så kan han bare sparke dei rett ner”. Viss dette hender deg så gjer meg ein teneste: le. Eg kan forresten spå. Viss den nemte situasjonen oppstår og du gjer opp ei imponert mine og seier “oi, då kan du vel banke dei fleste”, så lener han seg tilbake, klarer ikkje å tørke smilet av munnen og seier “Nåh, eg veit ikkje. Jajo, eg hadde vel kanskje tatt dei fleste”. AAAnyways, here is zhe movie:

Siste dag…

august 1, 2008

Dette er min siste dag i mit heimland. I morgon reiser eg til ein by full av muslimar, jødar, afrikanerar og søreuropeerar. Den har eit stort innslag av kjeltringar og fattige folk. Store slott og palass, temperaturar som sjeldan når under 30 grader… Eg skal til Granada, Spania.

Eg har enda ikkje pakka. Eg har derimot skaffa meg eit nødpass i dag, for passet var tusta vekk. Nødpass og  eit nytt pass kom på 900 kr. Det gjer vondt og ver dum (visdomsord frå USA).

På min tur til det kommunale kjøpesenteret gjekk eg også til innkjøp av to Bjørneboe bøker, ei reisebok om spania, lokal valuta og to boksar renati. Det er det eg, i tillegg til klede og litt turutstyr, trur eg treng å ha med meg. Eg skal leve som fant i to månader og lere meg spansk for stuteringa tar til. Då er det viktig å ikkje ta for mykje å bera på.

Til alle dykk som skal studere eller jobbe til hausten (den kalde sure og våte norske hausten): eg synes synd på dykk. Eg er rett og slett glad at eg ikkje er i dykkar sko. Norge er bra det, men kan det konkurrere med sol og grønne skogar, slaraffenliv, billig alkohol og Saerra Nevada med eit skitstort skianlegg til vinteren som berre er 30 min unna? “You’re beuty is beond compare, with ivory skin and barbain hair and eyes of emerald green. I can not compete with you Jolene”. Norge har vel som sagt et par ess i ermet, heimlandet mitt er ikkje for katten. Men all the same. Granada: no er det oss. Med ei flaske vin og litt tapas i sommarsola så skal me nok få det koseleg.

Ha det bra så lenge! Dei fleste av mine venner er innviterte til å komme på vitjing. Til kompisane så kan eg friste med señoritas og cervesa, til mine veninner kan eg friste med meg og vin.

Uteliv

juli 17, 2008

Nå sitter eg hjå ein gammal kjenning. Hans navn: Mustafa. Han jobber i utelivsbransjen. Det gjer fordeler og ulemper. Fordelen er at me kan sitte på ein utestad etter at det har stengt og drikke gratis øl. Bakdelen er at dagen derpå er hård.

Metallicagjengen har endå ikkje blitt gamle. Dei tok gitarane og knulla meg i beggje øyrene samtidig. I to timar til ende. Det var MMMMmmmmmmmmmoms moms! Men øyrene er litt såre i dag.

22 000 mennseske med langt hår og svarte t-shorter inntok Bergen by i går. Dei var stort sett irriterande. På konserten prøvde mange å plage alle andre så mykje dei kunne. Dette ved å presse, skubbe, tråkke, pisse, klype og slå. At eg sjølve ikkje gjorde det siste er eit mirakel. Rockemusikk: OK+. Rockerar: OK-.

… Metallica gives you heavy baby!!”

 

I Bergen vettu, der komme Metallica. I morgon. Dei er på ”Sick of studio tour”.  Kven skal å sjå på dei? I kven si taska kjem det til å riste i om omtrent 24 timar? Kven kjem til å gråte ein skvett under ”Fade to black”? Tja… Sei det. Eg veit i alle fall om ein, som om ikkje himmelen dett ner, skal.

 

Eg undrast på mange ting her i verda. Blandt anna korleis det nye albumet til Matallica kjem til å høyrast ut. Kjem det til å knulla i øyrene mine? Eller blir det et bevis på at heltane har blitt gamle? Er er optimistisk. Dei påstår sjølve at det nye albumet kjem til å likne på dei som kom før ”Load”-albumet.  I så fall blir det som Danish-girl seier: ”Moms moms”.

 

Ellers har eg funne ut kva eg er redd for. Flytande metall. Eg har jobba på eit smelteverk. Der var det svære mengder flytande alluminium. Men det blei handtert av hjullasterar med verktøy på enden av ein ein 8 meter lang metallstav. Nyleg, faktisk for 4 minuttar sidan, såg på discovery channel ein som jobber med smelta stål. Han holdt eit kosteskaftliknande reidskap og gjorde same jobben. Det flytande metallet holdt 2400 grader. På armen hadde han eit brannsår frå ein drope som hadde spruta på han veka før. I andletet hadde han eit anna brannsår, som han hadde fått på same måte forrige dag. På spørsmål om det gjorde vondt svarte han at ja, det gjorde det. Det kjentes som om huden blei frittyrsteikt. Eg er redd for andre ting også, men når eg såg det opplegget det fekk eg frysningar på hjernen. Gje meg heller ein kvithai eller ein pscyko knivmordar med kniv enn den jobben der.

Amerikanerar…

juli 11, 2008

… er noko av det verste eg veit. For eit par dagar sidan henta eg eit par av desse jorda sine øydeleggjerar på flyplassen. Eg budde eit år hjå dei i MIchigan for lenge sidan. Me ringtes relativt ofte rett etter eg returnerte til heimlandet. Så blei det sjeldnare. Etter kvart blei det berre nokre mailar i halvåret. Dei siste åra har er kanskje hatt kontakt med dei eit par gonger. Så plutseleg får eg beskjed. “Hello Ivan. We are coming over in juli.” Ok. Greit. Men… Kva skal eg snakka med dei om då? Eg var forvirra. Eg verken gleda meg eller grua meg til dei skulle komme. Snarare tvert i mot.

I løpet av køyreturen frå luthavna så blei tonen ganske lik den frå lenge sidan. Eller lenge og lenge, for nokon som er eit halvt århundre gammal er ikkje 6 år så lenge, men for et lite kje som meg så er det desse tinga fjernt. Dei hendte i den tida rett etter Bill Clinton var landshøding i The US. Det var før onskapens akse,  anthrax, toalettsaker  og alle dei andre åndsvake trusslane mot verdensordenen blei oppdaga. Me knirka oss i gang gjenom formelle og keisamme spørsmål om barnebarn og anna familie, og så var me i gang. Me snakka skit. My favourite kind of social intercourse. Me snakka altså om ingenting. Til å med amerikanerar kan vere uthaldelege. Det er flaut å tenke på, men medan eg budde der, så syntes eg folk var heilt greie, sånn jamnt over. Dei snakka aldri om politikk eller historie, så ein såg sjeldan kor dumme dei er. I Norge så snakkar alle om politikk og då ser ein gjerne kor dumme dei er. Men uansett, skitsnakk er kanskje Tellus sitt felles språk. Ein finn vel neppe nokon, som vel å verke er verdt å vere med, som ikkje forstår skitsnakk.

I dag sa eg “Good bye!”. No skal me reise våre separate vegar. Dei til Michigan: land of the sand dunes, sandy beaches and big cars. Eg (blir her ei stund før eg) skal til Essspania, el lande del cervesssa, sol y señoritas. Eg foretrekk Spania. I Amerika snakkar dei for mykje, sjølv for meg.

Eg har ferie. Rutiner finnes ikkje. “Livet, døden, kroppshår og havet” går ikkje sin kjente gang. Eg likar et ikkje, men slik er det altså. Det kjem vel ein post no og då, men det er ikkje det same som før. Plutseleg, før ein veit ordet av det, så kan postane komme med dei gode gamle 2-dagars mellomromma. Inntil då kan du anten grine, blir sint, slutte å besøke sida eller ta deg ei bolle, men ingenting hjelp. Sida lev sitt eige liv, i tett symbiose med mit. Eg har ikkje noko styr på mitt liv, noko som fylgjeleg gjer at denne sida blir ustyrleg.

Ferie er berre arbeid på ein annan måte, sa bestefaren min. Han var bonde og eg veit ikkje når han fekk ferie, kva han gjorde då og om han i det heile tatt hadde ferie. Han reiste i alle fall ikkje til syden. Min livssituasjon er meget forskjelleg frå bestefar sin. I staden for å drive ein gard, utan traktor, så driver eg rundt. Eg studerer, med alt det inneberer av sitting og kaffipausar og seine morgenar. Eg får ikkje godt i hjarta når eg samanlikner meg med bestefar. No har eg ferie. Det har eg hatt i to veker allereie, men no har eg ein slik type ferie som eg ikkje har hatt sidan eg var 14 år. Eg har ingenting å gjera. Dvs, moglegheitene er mange. Men eg planlegg ingenting. Berre står opp og ser kva eg føler for. Eg får litt vondt i hjarta når eg ser på andre folk som jobber. Søstera mi står opp mest før eg legg meg, malker på ein gard eit par timar, jobber så ein vanleg arbeidsdag i teknisk etat og så malker ho den andre økta. Faren min tar det relativt piano no om sommaren, men til gjengjeld må polakken stå på. I dag var det 44 grader i sola og Martin, som han heiter, sto i solsteiken å laga gjerder (medan far er på Skudefestivalen). Dette bringer oss på sett og vis til ein “ny slavetid” diskusjon. Som kanskje er reell. Men me har ikkje lenker på polakken vår, som forøvrig er frå Litauen, eg lover! Han får til og med ferie 3/5 av året. “What do you do when you are home?” spurte eg Martin i går. “I sleep” sa han. 3/5 av året… Jaja. På bunnen er me alle like. Me søv alle når me kan. 

Eg for min “søv” her på datamaskina. Helst fordi eg er for solbrendt til å vere ute å sløve i sola. Dagane går. Viss du har noko som skal gjerast må du for all del ikkje ta dette som eit signal på at eg er klar for å hjelpe! Eg vil berre nyte min firhet. Kjem eg innom hjelp eg sjølvsagt til. Men ikkje faen om eg lar meg bestille. Eg skal vere fri som fuglen, leve i pakt med sjela og remain untamed no i ei veke. Leve som ein narkis, berre utan å vere høg. Eg gidder nemleg ikkje ein gong å drikke. Eg orker ikkje tanken på kor slitsomt det er å vere fullesjuk.

Adjø, Nord-Norge

juli 4, 2008

Nord-Norge, ha det bra så lenge. Som avskjedsselskap har me, eg og Nord-Norge, kost oss i lag. I 9 dagar har me omfavna kvarandre ved Sørøya og ved Sømmarøy. Me grein til og med litt i lag. Nord-Norge ved å plutseleg komme med mørke skyer over horisonten og sleppe regn over leiren vår mens me var på ein fjelltopp (og sjølvsagt ikkje hadde pakka inn sakene) , og eg når eg kom tilbake og såg at alt var vått.

På Sørøya var det renunion for klassen min på Øytun Folkehøgskule: “flyt”. Surfebrett, fjellsko, fiskestenger og gamle kjenningar sikra ei småfrekk oppleving. Me sov i holer, akkurat som steinalderfolk. Det var heilt greit. Fuktig og med gjennomtrekk. Klerne blei berre endå våtare en kva dei var frå før av når me tørka dei. I taket hang det store steinblokker som var i ferd med å dette ner. Det var ikkje hygge og velvære over det heile der inne, men til gjenngjeld sov me ikkje noko særleg. Sola gjekk aldri ner og som ein eller annan sa: du skal ikkje sove vekk sumarnatta, ho er for ljos til det. Den nest siste setninga var forøvrig ein løgn, sjølv om den satte meg og mine venner i eit godt lys. Me sov rundt 12 timar kvart døgn.   Ein annan poet som eg har vore litt på turar med skreiv følgande i ein jobbsøknad til turistforeninga om tur-året hans: “Det har vore fisketurar med meir bål enn fisk, bålturar med meir regn enn bål, klatreturar på fleire taulengder som kan minne meir om buldring og jaktturar som minna meir om klatring enn om jakt”. Dette kan vere beskrivande for resten av mitt turår, som til tider har minna meir om eit uår, men ikkje denne forsommaren. Merk: forsommar i Tromsø er høgsommar i Sør-Norge. Trea får på dei mest ukristelege stadane ikkje blad før Sangt Hans.

Her følger eit bilde av John, gammal fallskjermjeger (= respekt), og lerar i Flytklassen. Ein kjernekar. Her har du han med brystvortene, som vanleg, fullt synlege gjennom genseren.

Så bar det til Sommarøy (på Kvaløya) der me padla omkring, fiska og svetta i fjellsko. Høgdepuntet var fiskesuppe med eigenfiska fisk ved tidenes leirstad. Utanom den nevnte tårevåte opplevinga så var det ein einaste lang solskinnsdag. Solbrente i ansikte køyrde me heim.

No sitt eg på ei relativt øde øy, min heimstad på sørveslandet, og har klart å blitt solbrent på resten av kroppen også. Eg savnar allereie Nord-Norge. Men folk, fe og natur er tiltalande også her.

No får du ynnskylde meg medan eg tar på meg gummistøvlane og ser til sauene.

“Ble du kåt nå?”

juni 19, 2008

FEERIIIE!!!

I morgen er eg for full til å skrive eit innlegg. Derfor har eg gjort eit klart dagen før. Viss eg skulle finne på å skrive eit innlegg i alkoholisert gledesrus så ikkje les det. Eg kommer til å slette det så snart eg blir edru igjen. Ingenting som står der er sant eller skrevet av meg.

Her kjem ei lita forteljing.

Guten kom frå Ås. Heimbygda til den berykta Are Moe: ein av dei få gjenlevanda individa av den trua ablegøyearten. Han (guten) hadde fått mopedlappen og var ute og råna. Langs vegen gjekk det ei rips. Guttebassen køyrde opp ved sida av ho og rusa mopeden sin. Vrom, vromvromVROOOM! Så tar han opp visiret og spøyr: “Ble du kåt nå?”

Dette sitatet har sjølvsagt inspirert både meg og Are i kvardagen. Her ein dagen heiv eg nokre vannibller på ei i klassa. Ho overreagerte og blei sint, det kunne eg sjå siden ho ikkje sa noko medan ho gav meg eit skarpt blikk. “Blei du kåt nå?” glapp det troskyldig ut av meg. Då var det ikkje tvil om at ho var sint lenger.

Nyt veret viss du er i utlandet! Viss du er i Norge, tenk at det kunne vore verre: du kunne ha vore i Nord Norge. Viss du er i Nord Norge og ikkje kjem deg vekk så har du mine største medfølelsar (i alle fall viss du ikkje har vet til å misbruke/bruke naturen)

Dyr

juni 18, 2008

Tradisjonell norsk oppfatning er at dyr er dyr og mennesker er mennesker.

Vestlig lavlandsgorilla

Er det større forskjell på eit menneske og ein gorilla enn på ein gorilla og ei mus? Eller ein gorilla og ei flatlus? For ikkje å snakke om eit eincella dyr – tøffeldyret eller malaria-protozoen (tradisjonen tru gidder eg ikkje å sjekke om malaria verkeleg skyldes ein protozo. Men eg meiner å huske at det er det) for eksempel. Det er ikkje det i følge genetikken. Og ikkje i følge normal intelligens heller. Ikkje eingong i følge unormal liten intelligens er ein gorilla meir lik på ein protozo enn på deg: viss du trener ein urangutang til å alltid peike på dei to tinga som likner mest på kvarandre når den får presentert tri ting, sorry mack: då peiker han på deg og gorillaen. Ikkje teikninga av ein ein eincella ball.  Det blir enda verre enn medlemmet av den fundamentalistisk frikjerka som meiner det er meir forskjell frå ingen øl til ei øl enn på ei øl og ein brukerdose heroin.

Aristoteles kunne mange ting. Blandt anna biologi. Eller kunne og kunne, det meste han fann ut om biologi var jo feil. Men det var ikkje før over tusen år seinare me fann ut av det. Men synet hans om dyr som maskinar utan sjel, det henger igjen.

Nitzhe sa: “Eg frykter at mennesker er et folk som på skremmande måte har mista dyreforstanden sin”. Dette er, i lag med mykje av det andre han sa, ikkje akseptert som sant, men ganske så sant likevel.

Eg har vore (les: sosial omgang, ikkje seksuell) med ein del dyr. Ein merker at dei har eigne personleghetar. Og alle tinga som er så “menneskleg” dei kan ein sjå hjå dyr (elefantar som besøker daude elefantar, gledesskrikande sjimpansar, sjalu hundar, sjimpansar som jaktar på ensomme offer og som smisker med den dei trur skal bli den nye sjefen. Selar som prøver å ver tøffe. Dei som har hatt noko med dyr, kanskje utanom husdyr (dei er avla fram til å bli heilt spessielle), å gjere veit at dei ikkje berre er maskinar.

Nyleg såg eg Schindlers liste. Dei jødiske damene som var skamklipte og blei jaga gjennom Auswitz av piskar og snerrande hundar såg i grunn ganske dyriske ut. Augo var fulle av panikk. Hadde eg jobba der, i min velstelte tyskeruniform og aldri sett jødar i andre situasjonar, så hadde eg nok ikkje tvilt på at jødar var ündermench. Ei nordnorsk venninde av meg sa ein gong at reinsdyr ikkje hadde sjel: det kunne ein sjå i dei tomme augo deira. Vidare oppførte dei seg så dei så ‘tosje’ når dei kom inn i byen at dei ikkje kunne ha noko intelligens heller. Dei reindyra hu hadde sett var individ som hadde forvilla seg frå vidda og inn i byen hennar (som forøvrig er ein avstand på 500 m).  Eg har sett reinsdyr i sitt naturlege habitat og i eit relativt naturleg habitat (ei innhegning). Her verka dyra riktig så intelligente. Og i dei augo der var det ein sjel, like sikkert som at mora mi har det. Men ein skal ikkje jage dei mykje rundt om i f.eks. ein låve før dei ser heilt fjerne ut. Jødar har eg aldri sett, men eg går ut i frå at det same gjeld desse.

Om 42 timar har eg sommarferie!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Der fekk eg kriblingar i magen, når eg tenkte på det. Nå derimot er det berre å guffe opp volumet på Vestlandsfanden og studere fluelarvar. Kos deg der du er i verden. Viss du trur du har det felt så har du kanskje det. Men då er me to.