Snikekattane
november 6, 2009
Bare saa alle veit det, blogginga foreskjer for tida paa snikekattane.wordpress.com
Kva er morosamt?
juni 19, 2009
Nett no kan eg komme på fleire ting. Eg nemner kattungen vår.
Me har ein liten kattepus baby. Eller ei lita kjette som eg plar seie. Den er så til dei grader sympatisk og sjarmerande at den har fått meg til å like seg, sjølve om den er katt. Den held seg innandørs no medan den veks til. Seinare skal den bli den største musefangaren i distriktet, nest etter meg. Det litle rovdyret leiker med garnnøste, dett ner frå trappa osv. Alt dette er morosamt, men det som verkeleg får meg til å fnise er den låge sosiale intelligensen. Den spankulerer bort mot hunden (når den står utanfor vindauget) med strakebein og trur, med sine 10 cm, at den har noko å stille opp med. Hee ree Gud! Og når hunden ligg på altanen og tenkjer sine hundetanker, og kjettejævlen går forbi vindauget, så sprett den pluseleg bort til ruta med ein fres så den stakkars hunden skvett, oppfølgt av et frekt blikk (som seier “heee heee heeeee”). Me har prøvd å sosialisere desse to så veldig forskjellege skapningane, men varierande uhell. Far kommanderte hunden til å sitte heilt i ro medan han satte katten på ryggen hans. Det er fyste gong eg har sett ein katt smile. Kort tid etterpå overlevde katten så vidt, ved å skli inn i sprekka under vaskemaskinen. Kva som skjer når me ein gong hiv katten ut veit eg ikkje. Den har vanvittig store baller til å vere ein hokatt, men alt avhengiger av dumheten til hunden (som vel ikkje bør undervurderast). Klarer katten å lure hunden like godt som seg sjølve vedrørande kor skummel den er så kan me få ein økt biodiversitet på tunet. Viss ikkje blir kjettas fyste luftetur avslutta med et glefs og et knekk. Det ville vore fullt fortjent.
Akkurat no, i skrivande augongblink så foregår det ein staredown mellom kattungen og hunden. Her er me direkte inne, la oss sjå kva som skjer:
Katten har måtte sjå vekk to gonger no. Hunden har eit jernblikk.
Den tredje gongen blinkar hunden.
Oi oi! Aslak ser vekk igjen, og ser tilfeldigvis på ei anna retning ei lita stund.
No er det kjettejævelen som stirrer kjødeslaust på hunden, mens hunden så vidt ser tilbake.
Hunden lukkar augene og sev/latar som han sev.
Fantastisk! Kattejævler verda over: eg hatar dykk, men denne ambassadøren for rasen dykkar har mjukna meg opp. Til tross for altfor overdrevet hygiene, selvopptatthet og ekle, beinete kroppar, så er dykk brukande til noko. Dykk kan psyke ut ein vaksen hund, berre nokre månader gammal. FANtastisk!
Zzzzz
mai 21, 2009
(Tidlegare nemt inspirasjon umoglegjorde å ikkje skrive ein ungdumsskulestil. Det blei ein litt uheldig formatering på teksten når den blei kopiert inn i wordpress, men blant anna pungtmarkeringar i staden for slike strekar som er vanleg når nokon snakker.)
Zzzz
Det var ei mørk og kald tid på jorda. Menneska snakka mest ikkje med kvarandre. Dei forlot berre tilhaldsstadene sine for å gjere det absolutt nødvendigaste, elles heldt dei seg heime og i skjul.
Zapp gjekk gjennom skogen. «Det var da faen til lauv her da» uttrykkte han på sin karakteristiske likegyldige måte. Zzzzz folket var nokre av dei mest likegyldige skapningane i universet. Dei var også nokre av dei mest stuttjukke, og det var leit for Zapp og Zippo å fote seg fram gjennom det vissne lauvet. Svetten dreiv av Zippo, han var ikkje av den mest atletiske typen. Han strevde intenst med den fjuskande teleporteren sin, men gang på gang måtte han ty til gåing for å komme seg fram gjennom den mørke skogen.
-
Nå har du snart gått 20 steg Zippo. Skal me slå leir for dagen?
-
Slå leir eller utrydde fleire nakentellusar, det tar eg ikkje så tungt nett no, sa Zippo og lot sveitten renne nedover det grønne andletet hans.
-
Kanskje me skulle prøvd å sjå litt på den teleporteren din, om me ikkje kan få den fiksa?
-
Ja det kan me berre gjere. Eller, eg gjer tilrektig faen som eg plar seie.
-
Du er sjefen Zippo… Der er det same for meg.
-
Jamen Herre Gud, slutt å legge absolutt alt annsvaret over på meg berre for at eg har fått tildelt litt meir kommando. Zippo gjespa. -Eg er trøyt. Finn ut kva me skal gjere. Det er ein direkte delegasjon.
Då Zapp ikkje hadde nokon særskilde meiningar og Zippo var for trøyt til å ta initiativ, så slo dei leir for nokre dagar. Det var ikkje før ei lita jente kom hoppande innover skogen at intitiativet igjen kom over dei.
-
Nei så inne i Jupiters kjerne av gass, der kommer det faen meg ein nakentellus. Drep, Zippo! Drep!
-
Eg har allereie drept to. Det gjer meg fred fra øverstekuken ei stund. Dette eksemplaret er nok ditt Zapp.
-
Hehe, øverstekuken! Men eg kan berre seie at eg har drept to eg også så sitt eg like fint i det.
-
Men om dei bruker LDFL(løgndetektor-med-døden-som-følge-for-dei-som-lyg)? Du veit øverstekommandanten har brugt den uZzzzkeleg mykje i det siste?
Zapp pilla seg i nasen.
-
Du og den mellomdramatikken din. Det kan godt hende at dei ikkje bruker den. Dessuten har du den beste DFHT-en (drepe-flå-og-henge-til-tørk-maskinen).
Begge blei liggande å vurdere situasjonen, det vil seie smådiskutere seg i mellom, mens jenta liksom dansa seg i deira retning. Ho plukka blåveis og nynna på ein litt melankonsk og forøvrig melodiøs sang.
-
Det er noko som ikkje stemmer… Mumla Zapp for seg sjølve og stappa ein bussemann i munnen.
Zippo tok ikkje dette så tungt og leita til slutt fram DFHT-en sin.
-
Viss ein liten nakentellus er her.. Så er det kanskje fleire andre også i nærheten. Og då ville det kanskje vere lurt å finne og drepe dei alle… Zapp var fortsatt usikker.
Zippo fekk ikkje flekkjaren, som han likte å kalle den, til å virke. Då kan hadde slått den mot ei rot, og fått avslag frå Zapp på sitt spørsmål om hjelp til å reparere den, innså han at det kanskje ikkje var så viktig likevel.
Jenta passerte dei to marsbuerane, og etter ei god stund, når ho kom tilbake langs skogsstien med ein stor og fin bukett blåveis, låg Zapp og Zippo fortsatt og småkjekla om kven som skulle bestemme kva dei skulle gjere. Til slutt innså Zippo det vakre med å ha kommandoen, og gav Zapp ordre om å reparere utstyret. Så bar dei i veg etter jenta for å finne fleire menneske å utrydde.
Zzzz-buerar er som sagt eit ytterst likegyldig folk. Dei bryr deg ikkje så mykje om så mykje. Så lenge ein operasjon, for eksempel utryddelsen av menneskene, ikkje medfører farer eller slit, så kan dei liksågodt gjere det som å zappe på tv. Det var ikkje særleg vanskeleg å utrydde menneske. Problemet i hovudsak var at viss dei blei skadeskutt så kunne dei sette i hyl eller brør, alt etter kor mykje testosteron dei hadde i blodet. Dette kunne tiltrekke andre i flokken og både Zippo og Zapp hadde høyrt at desse då gjerne var i dårleg humør. Nokre Zzzzbuerar hadde blitt alvorleg kvesta av desse tynne skapningane som så til dei grader var overgitt til deira primitive instinkter. Ein frå gamle klassa til Zapp hadde for eksempel mista evna til å produsere nye marsbuerar etter at ei nakentellusho hadde blitt heilt vill og plutseleg gått til anngrep. På ein eller annan måte hadde ho klart å sparke inn det som optimistisk sett ikkje skal sparkast inn. Ein annan historie dei beggje hadde høyrt var den om den berømte Zappkaradass som på ei av dei mange tokta sine hadde gått inn i ei badstue for nakentellushoar. Dei blei så dyrisk sinte og anngreip med slik frytsomhet, at når han til slutt klarte å teleportere seg vekk så var han dekka med fryktelege kloremerker langs heile den 110cm lange kroppen. Det var helst hoene ein skulle passe seg for. Hannane var meget forutsigbare, og gav alltid tydeleg signal på førehand når dei gjekk til anngrep. Noko dei forøvrig sjeldan fann det gunstig å gjere. Litt teleportering her og der var alt som skulle til, og Zapp, så hang dei til tørk.
Zapp tok ikkje dette så tungt og når jenta nådde landsbyen skaut han nakentellusungen akkurat i det ho skulle hive seg i henda til mora. Då han ikkje hadde lagd sjela si i å skyte inn DFHT-en, så blei den litle skapningen berre skadeskutt i den eine foten. Mora, og dei andre hoene som var samla rundt brønnen, blei hensatt i eit frykteleg sinne og storma i mot den stuttjukke marsbuaren, bevæpna med kostar og andre primitive men fryktinngytande nakentellusvåpen. Zapp zappa det han var god for og skadeskaut ei gammal bestemor, før han måtte dukke under eit svingslag med ein vaskemopp. Han teleporterte seg opp til kanten av brønnen og frå der sende han videre ei heil rekkje salver mot den ville flokken. Han skadeskaut bestemora nok ei gong, og traff på to geiter, som blei flådde og hengde til tørk. Så tok han sikte på den villaste i flokken: mora. Det vil seie, no sikta han litt til venstre, for han hadde sett kva veg DFHT-en skaut feil. Han lukka det eine auge og fyrte av, men i same augonblink blei han truffe over leggane sine av noko hardt. Skotet for oppover og han velta bakover. Nakentelussungen hadde blitt liggande ved kanten av brønnen, og tross den såra foten hadde ho klart å finne ein sopelime som ho deisa over beina på Zapp. Det var ein djup brønn og marsbuaren falt langt før han til slutt plaska ner i vatnet. Når han omtrent fann ut kva som var og og ner, teleportertete han seg ut av brønnen. Det er ikkje lett å teleportere seg til ein stad ein ikkje kan sjå, men Zapp kom seg opp på gårdsplassen igjen. Der fann han fyst pustande og pesande ut at teleportaren og flekjaren beggje no var øydelagde av alt vatnet og så at nokon var i ferd med å slå han med ein kjelve. Etter det fann han ikkje så mykje på ei stund, utanom stjerner og mørke.
-
Zapp! Zapp Filialppus!!
Zippo rista i kameraten sin. Zapp på sin side var i draumeland og såg fortsatt stjerner. Men den irriterande stemmen til Zippo hylte i hovudet hans.
-
Zapp! Høyrer du meg? ZAAaaap!?
-
Ja, slutt å mas!! Ropte Zapp tilbake, medan han snudde seg mot der lyden kom frå. Til sin forbauselse såg han Zapp. Han snudde seg tilbake igjen, og der såg han stjerner. Så til høgre, og der stod Zippo. Omtåka av hovudverk innsåg den skamlåtte Zapp at han var tilbake på romskipet.
-
Me er på veg tilbake til Zzzzzz. Forklarte Zippo.
-
Javel, ynka Zapp seg, og såg ut gjennom vindauget.
-
Eg redda deg frå nakentellusane fortalde Zippo medan han skifta kanal på Tv-en. Eg teleporterte meg bort til deg, og så teleporterte eg oss til helvete tilbake til romskipet.
-
Men det var jo flott stønna Zapp og holdt seg til hovudet.
-
Ja det var heilt greit det. Ein haug med nakentellusar reiv meg i håret og liknande i det eg trykka på knappen, og dei blei med oss ombord i romskipet.
-
Ok, svarte Zapp og tok fjernkontrollen fra Zippo.
-
Eg teleporterte oss og 7 hysteriske nakentellusar inn i kommandosentralen på skipet. Innen me fekk teleportert dei tilbake hadde dei sendt overkuken på sjukestova. Han ligg der fortsatt. Han fekk klora vekk så mykje hud at han må transplantere rumpeskin til andletet. Han fann ut at me ikkje skal… Gje meg tilbake fjernkontrollen! Han kom fram til at me ikkje gidd å utrydde menneke meir.
Zapp fortsatte å zappe gjennom kanalane.
-
Javel. Kva skal me sjå på?
-
Eg gjer i grunn tilrektig faen Zapp, det må eg seie. Men gje meg no fjernkontrollen! Zippo heldt handa bedande framfor seg, og augo truande retta mor Zapp.
-
Ja ta den då, sa Zapp og kasta fjernkontrollen opp i fanget til Zippo. Det er ikkje noko eg vil sjå alikevel. Zapp slapp ein fis og drog i hendelen som vippa lenestolen bakover.
Tentamen
mai 19, 2009

Då er me direkte inne fra norstentamen på Tysværvåg Skule. Stemninga er laber, på grensa til trist. Det er tri streberfitter igjen i klasserommet. Dei trykker mest aldri på datamaskinane sine, men sitt å dreg seg i håret og lar leppene peike nedover. Å gå før tida er ute passar ikkje personlegheita deira. Men det gjer det for resten av klassa. Samtlege av dei 42 andre elevane gjekk presis klokka to, når det fyst var tillatt å forlate klasserommet.
Eg leste fyste avsnitt til ein av besvarelsane, og det var bra greier. Det var litt flaut for det handla om Gud den Allmektige, framtida og anna kliss, men så heilt plutseleg, som ein sjølvskot, kom det fram at den allmektige var forfattaren sjølve, og tankar om kva han planla å gjere i framtida blei presentert. Den same eleven gav eg for nokre veker sidan i oppgåve å skrive ein liten historie om ein elev som var uskikkeleg i klassen, og som det gjekk veldig dårleg med til slutt. Dette då han juksa på eit engelsk kryssord. Eg meinte å merke ironi på den sida med slurvete løkkeskrift eg fekk av av dei bleike pubertetsnevane hans, læraren var litt i overkant rettvisen. Men med sjarm klarte han å gjere ironien vag nok til at eg ikkje kunne avstraffe han for det. Ein framtidig klatrar av karriærestigar dette.
Ellers er går det i prøysisk disiplin her på Tysværvåg Barne og Ungdumsskule. Eg har også vore innom Bokn Skule, og der veit dei knapt kva eit piskeslag er. Men når dei ein sjeldan gong blir sluppne ut i friluft så veger dei opp med å ikkje gjere nokon ting. Dei står å henger med kvar sin lyktestolpe med henda i lommane og kunne ikkje drøyme om å vere stygge med kvarandre. Her forandrar elevane seg ordentlege menneske, og driver psykologisk og fysisk terror av ypperste slag. Viss nokon studerer psykologi, må ein samanlikning av desse to små verdenane kunne vere av største interresse.
Jentene ser over stilane sine om og om igjen. Dei prøver nok som best dei kan å drøye tida. Dette er greit nok for meg for eg får timelønn. Dei andre lærarane er ikkje like fornøgde, dei skulle heller gjerne ha retta prøvar. No må dei gjere det heime i steden for. Skadefryd er den beste fryd plar eg å seie, så eg koser meg dobbelt opp.
Når eg ser på dei stakkars små folka som danser, spring, går og subbar, alt etter alderen, forbi vindauget kjenner eg nostalgi. Framfor alt skulle eg ønske at eg kunne skrive stil igjen. Etter ungdumsskulen gløymde eg heilt av å skrive stilar. Det blei artikkel kvar gong, og samtlege hadde annmerknad om altfor muntleg språkform. Men på barne og ungdumsskulen… Sukk… Då var det historiar om vennegjengar på turar, romveseninnvasjonar og vanvittige sosialpsykologiske fenomen. Eg visste ikkje kva oppbygning eller klimaks betydde. Eg berre begynte å skrive, og når det nerma seg slutten av tida så fann eg på ein slutt. Retting og liknande blei det sjeldan tid til.
No renn tida ut for mine undersåtter som eg liker å kalle dei. Det er berre to elevar att, med 15 minuttar til å sjå over dei tri sidene sine ein gong til. Dei kjem til å seie “vent! Eg må berre sjekke ein ting fyst!” når eg skal ta inn besvarelsane. “Frauelein, klokka to er tida ute, og dette har du visst lenge” vil eg sjå meg nødt til å konstatere. Så blir dei så triste og lurer på om det eine ordet dei ikkje fekk sett over for tredje gong skal slå ut på karakteren deira, og gret kanskje ein skvett på bussturen heim. Sånn er livet. Her på Tysværvåg læres små uskyldige sjeler opp i å leve i den store og fryktelege verda.
Slutten
januar 22, 2009
Slutten på ein sommar. Slutten på ferien.
Festen er slutt. Nå må ein rydde opp. Etterkvart må ein sjekke kor masse pengar ein brukte i dei ruspåvirka, seine nattestimane, og ta dei tiltaka som er nødvendige. Ete spagetti med ketchup? Ringe til mor?
Med hovudverk kan ein tenkje tilbake på dei fine augonblikka. Dei mange tinga som vanlegvis ikkje hender, men som har ein tendens til å skje under den spessielle stemninga som oppstår når ein er langt vekke frå alt det vanlege.
No er det slutten for meg. Eller no og no, snart i alle fall. Eg har allereie begynt både å slikke sår og å reflektere over på minner.
Fine folk, turar, byar, mat, strender, fjell, sol, latter, diskusjonar, øl og festar. Minner ein har til ein døyr eller får alzheimer. Eller slår seg skikkeleg hardt i hovudet. *Bank i bordet*.
Interkommunal kulturutveksling
november 13, 2008
Eg er langt vekke frå heime. Eg har blitt kjent med mange og vennekretsen er eit slags internajonalt sammensurium. Me er meg frå Vestlandet, eit par er frå Tromsø, ei frå Mysen, 3-4 er svenskar og til og med ei frå Finnland.
Det er noko vakkert med å vera med så forskjellege folk. Det er noko veldig intressant med forskjellege kulturar. I byrjinga er det alltid litt vanskeleg for ein er så forskjellege og det er vanskeleg å forstå seg på kvarandre. Men etterkvart så knekk ein koden og forstår. Når svenskane f.eks. seier: ”Jag måste gå og ta ein basj” så forstår eg no at det betyr “eg skal hente ei øl”.
Ei frå Tromsø fortalte om når ho skulle ut å fly med faren sin for nokre år sidan. I sikkerhetskontrollen blei den eine securitassvakta brått veldig bleik i andletet. Ho ville stengje ner området og tilkalle politiet: i håndbagasjen hadde faren ein samekniv… Ein annan av vaktane prøvde å roe ho ner. Den mannlege securitassvakta holdt hovudet kalt. Han tok kniven ut av håndbaggasjen, gav det til kona og ba ho springe og sende den med posten. Det var tross alt ein tromsøværing ein hadde med å gjere. Den tilspissa situasjonen som kunne enda problematisk for eigaren av kniven blei løyst, takka vere ein mann som forstod seg på dei interkommunale kulturane. Ein anna situasjon som løyste seg var når ein nordlenning kalla ein politi for hæstkuk. Han blei straffeforfulgt av den ignorante politimannen, men blei frifunne då “hæstkuk inngår i hans naturlege ordreportoar”. Ein for Nord-Norge kan altså seie “hæstkuk” til ein politi, men ikkje ein sørlending. Det er mange slike eksempler. Når nokre frå resten av landet reiser til Bærum er det nærliggande å tru at raten av homoseksuelle mennesker der er uvanleg høg. Men ein som har vore litt ute i verda veit at det er heilt normalt for heteroseksuelle gutar frå Bærum å gå med rosa skjorter, panneband og sminke.
Det som er nok er litt nytt for meg er raseskille. I Sør-Europa kjem det mange menneske frå land frå Afrika. Dei betaler alt dei eig for å få sitte i ein åpen robåt over middelhavet. Mange døyr. Men mange når fram også. I Spania jobber desse med å selge falske klokker og piratbrente CR-ar og DVD-ar. Dei jobber då for eit nettverk som kontrollerer pengane deira. I heile Spania har eg sett ein neger med vanleg jobb. Han jobba som kelner.
Eg budde eit år i Michigan som er ein stat heilt nord i USA. Det var ikkje ein einaste svart person på skulen og eg kan heller ikkje huske å ha sett nokon i byen eg budde i. Det var til gjenngjeld mange meksikanerar der, og dei snakka ein helst ikkje med. Dei blei sett på som kriminelle, ulovlege innvandrerar med knivar og skumle onklar. Men det politiske korrekte var å seie at dei fleste er greie normale menneske, men nokre av dei øydelegg for dei andre – omtrent som i Norge. Men nyleg snakka eg med ei som hadde vore utvekslingsstudent i Alabama. Ho fortalte om når ho skulle med familien på kaffislabberas. På forhand blei ho advart om at den eine jenta i den familien dei skulle besøke var “mixed”. Det var vistnok det verste ein kunne vere. Ein bastard. Ved ein anna anledning hadde ho sagt noko til forsvar av ein svart person, og mora i huset hadde sagt “well, you’re just a niggerlover”. Ho blei lert opp til å f.eks. ikkje spøyre svarte folk om vegen. Takka vere eit bansleg og litt uskyldig-naivt oppsyn meinte ho, så kom ho unna med å snakke med både meksikanerar og negrar på skulen.
Mulhaycen
oktober 15, 2008
”Hello, how are you Mr Mountaintop? You are very nice! I like you. I like sex! It’s good!”
Før eg hadde denne samtalen med fjelltoppen skjedde følgande:
Avsnitt 1.
Eivind såg på svensken, svensken såg på Eivind. No skal han til å seie noko tenkte Eivind. Det viste seg at han hadde rett.
- Vi lurade på at fara til Mulhaicen en tur. En veninda av oss sa at det var en tur hon kunne recomondera.
- Det hørres ut som ein utmerka idè! Svarte nordmannen og tok et mandig slurk av ølglaset. Ka med fystkommande helg?
- Hva?
- Ka med fystkommande helg?
- Hva betjuder det?
- What about this weekend?
- Aha, sä! Jo… Ja.. Hvarfor inte?
Avsnitt 2.
Eivind havna på sida av ein av svenskane på bussen. Svensken var for anledningen kledd i ei bommuls t-shorte med bilete av ein skog på. Perfekt for ein fjelltur. ”Faen, tenkte Eivind. ”Det var som faen at ikkje eg har ein sånn”. Dan hadde vidare ein stor og flott hjerne. Han var psykologistudent. Samtalen pensla seg sjølvsagt inn på USA og krig og då gjekk den 2 timar og 10 min lange bussturen fort for dei beggje. Sjølv om det var ein 2,5 timars busstur som blei ein smule mindre pga den leie kombinasjon av liten hjerne og tung høgrefot hjå bussjoføren. Vegen var smal og vegskråningane blandt dei brattaste og lengste i verda. Dei fire vennene satt heilt framme i bussen og kunne med panoramautsikt sjå korleis den livstrøtte bussjoføren til stadighet forsøkte å drepe dei og all motgåande trafikk.
Avsnitt 3.
”Her må dykk gå av” sa bussjoføren.
”Hvaför?” Svarte den eine svensken
”For det er her dykk skal” sa bussjoforen så, med et litt oppgitt uttrykk i andletet. ”Me er i Capileira, det er her dykk skal av”.
Hverken Eivind, dei to svenske psykologistudentane eller jena frå austlandet, Sunniva, hadde tenkt på kor dei skulle gå av bussen. Alle var glade over den flaksen dei hadde hatt, så då feira dei med ei øl i landsbyen før dei traska avgårde oppover dalen.
Avsnitt 4.
”Voff voff”, sa hunden
”Ja ja, så fin så”, sa Eivind.
”Ikke rør den! Den har sikkert lopper!”, sa jenta frå Austlandet.
Litt lenger oppe i dalen passerte dei ein andalusisk sauegjeter. Han gjekk med blå bondekjeledress og var så brun som marka han stod på. Han hadde tri loppesirkus og med dei gjeta han ein flokk med sauer og ein flokk med geiter – som forsåvidt var ein og samme flokk. Men geitene gjekk litt småhovent bak sauene, som franskmenn saman med andre menneske.
Avsnitt 5
Etter langt om lenge og lengre enn langt kom våre venner til ein veg – midt uti det dei trudde var villmark. Den slutta ved eit vannkraftverk frå 1957. Den hadde tilliggande hus og kjerke. Byen var fråflytta og merkeleg. Alt var bygga i beste kommuniststil – noko som vel er litt merkeleg i.o.m. at Franco hadde sitt eige litle faschistrike på jorda i Spania på denne tida (som han fortsatte med heilt til 1974 – altså 30 år etter både Mussolini og Hitler, med sine Nye Stor-Italia og Det 3. Riket, reiste til dei evige jaktmarker). Vindua i kjerka var mura igjen med murstein. Men nokre pøblar hadde klart å komt seg opp her, knust mursteinsvindu, lagt madrassar på gulvet, blanda blodet sitt med heroin og skreve ”sex, sex, sex, sex” på alteret.
Avsnitt 5
Ville hestar, som vel og merke ikkje var ville, men dei gjekk laust i fjella, og fjellgeiter såg dei fire vandrerane mykje av på vegen. Fjella var store og rolige. Dei bare var der. Ikkje tøffe, ikkje kule og ikkje minst: ikkje redde for ein ting i denne verden. Slik lå dei der og ligg der enda. Brune fjell. Som har blitt vandra på av hedningar av alle slag, inkludert kartagerar og romerar, og seinare muslimane og dei riv ruskande galne katolikkane. Ved ei seter tok vandringsmennene og kvinna ein pause og sov i sola. Så bar det vidare til overnattingshytta. Her skulle det skje forferdelege og fantastiske ting.
Avsnitt 6
Det var ei spansk turistforeningshytte med plass til 85 menneske. 16 personar sov på kvart rom fordelt på 4 store senger. Romma var delt med vegger som ikkje gjekk heilt opp til taket. Våre heltar fekk ei seng for seg sjølve og alle var relativt fornøgd med plasseringa. Når natta kom kunne dei høyre korleis folk snorka i takt. Og ikkje minst kor enormt store mengder med gass som kan samle seg inne i eit menneske og korleis den blei presa gjennom klamme fiseringar til sovande (la oss be til Gud om av det var) menn og ut i den felles lufta til 85 menneske med mektige brumm. Og nokre gonger med eit søtt hyl. Men i og med at skandinaverane hadde med seg wiskey og hadde sitte på trappa på hytta og sett følgande: skyene ovanfra – som låg som eit lokk over den dalen dei nettopp hadde gått gjennom, sola gå ner, månen gå ner og fleire stjerneskot, så klaga dei ikkje.
Dei låg våkne og fornøgde og venta på at alarmen skulle synge neste dagen i gang. Til frukost fekk dei loff, muffins, musli (utan djupe tallerkar) og kaffi con leche (=cafe latte). Austlendingen kjøpte ein ferdiglaga nistepakke til 10 €, der ho heiv mesteparten ”den ær det for mye kalorier i, det hær er ikke bra”. Svenskane var vegeterianerar, og hadde med seg 7 avacadoar og div kanin- og asiatermat. Evind var den einaste som hadde smørt skikkeleg niste: tørre gode skiver med spansk sjokoladepålegg.
Avsnitt 7
Gå, gå, gå.
Avsnitt 8
På veg opp flanken av Mulhaicen kunne nordmannen sjå Veleta – Spanias 3. høgaste fjell. Det hadde han besøkt nokre helger før, og han kunne fornøgd innsjå at Mulhaicen var finare. Eller snarare tvert i mot, han meinte at det var eit styggare og kjedelegare fjell. Men utsikten var mykje finare, vandringa var meir tiltalande og ikkje minst var beliggeneten (langt frå folk) betre. Mulhaicen var forma meir eller mindre som ein haug så det var umogleg å vete kor langt det var igjen. Men med eit så hadde feitt, kjøtt og bein – godt hjulpe av karbohydrater – tatt dei fire menneska til den høgaste toppen i Spania (utanom ein vulkan på kanariøyane).
Eventyr i syden
oktober 15, 2008
Det var ein gang ein gutt som ville til syden. Han pakka det han trengde og la fatt på den lange ferda. Ferda tok ikkje lang til, og gratis var det for statens lånekasse betalte alt.
Det var ikkje lett og manøvrere seg i eit framandt land. Men etter langt og lenge fann han staden der han skulle bu. Han banka på og hilste høfleg på romkameraten sin, men inne i seg var han redd. Den nye romkameraten hans var nemleg eit troll. Utan klede på overkroppen kunne ein sjå skogen som vokste der. Avvisande verka han også. Trollet tok eit skritt fram slik at guten blei reint redd, medan han snakka så spyttet sto på det framande språket. Den veldige fingeren hans peika oppover. Han begynte å snakka høgare, senka augonbryna og begynte å vifte meir manisk med handa – stadig peikande oppover. Gutten lurte på om trollet kunne kjenne lukta av kristenmannsblod. Plutseleg kom det eit menneske gåande opp trappene, og guten kunne ikkje huske å ha vore så letta før. Den andre mannen virka ikkje redd for trollet, men sa noko til det på trollspråket. Mannen kunne oversetje frå trollspråket at guten sin leilighet var i etasjen ovanfor, ikkje her, for raude helsike.
Vel inne i den rette leiligheten var det ein kjekk ut og ein gal mann. Vannvettingen smila til stadighet, hadde blanke augo og mange bevegingar av armar og hovud som guten aldri før hadde sett. Han kunne f.eks. sitte med beina i kors som ei kvinne medan han vrei på hovudet som ei sjuk geit og haldt eit par underbukser i handa. I dusjen brukte han alltid meir enn 30min, og i vaskemaskina vaska han aldri meir enn tri plagg om gongen. Fyst lurte guten på om dette kunne vere ein damemann, men etter nermare betraktning av kroppsrykningar og sedvaner fann han ut at mannen berre var splitter pine gal. Dette var det fyste gale menneske han fekk sjå i Syden, men det blei ikkje det siste. Seinare måtte han blandt anna dele bustad med ei hengslete og uvanleg stygg 45 år gamle kvinne som hadde laange svarte hår under armane, alkoholproblemer og viste sin interesse for sex til ei grad som var uanstendig ovenfor kristlege mennesker (noko hu burde vete i og med at ho var religionslerar. Ho var religiøs på den måten at kroppen og anleted stivna viss nokon uttalte seg negativt om religion).
Fyste kvelden blei den kaldblodige guten full i syden. Han begynte å fekte med med visne palmeblader, klatre i på skilt og liknande. Nokre innfødte begynte å snakke til han på trollspråket. Han forstod ikkje, så han berre smilte og vinka tilbake. Men det falt ikkje i smak og så fekk han nok ein gong i sitt liv oppleve blind vald. Men om guten var full, så var han fortsatt smidig – om ikkje som ein katt så i alle fall meir enn trollungen som ville han ille. Etter at den lespande sydenværingen hadde slått den nye kjenningen hans og på ny sendte ein serie slag mot han sjølve så dukka guten og gidde så trollungen et dask (og kanskje to). Det var nok til å stokke han eit par sekund mens guten og kjenningen la på sprang. Flukten var i eit framand land, og dei flyktande kunne ikkje samanliknast med gaseller. Men det småfeite villsvinet klarte dei likevel å riste av seg, og så levde dei lykkeleg alle sine dagar i syden saman. Ikkje som partnerar vel og merke, men som vener. Men ingenting varer evig, og den nye vene måtte til slutt returnere til sitt rike (som eingang mest blei det 3.)
No er guten aleine i Syden. Han blir steikt av sola og svalt av Middelhavet kvar dag og han et tapas og ser på lespande damer i bikini. Og snipp snapp snute, så er byrjinga på eventyret ute.
Dette innlegget er skrevet for lenge sidan men gløymte å publisere…
Klar, ferdig…
september 28, 2008

Hei eg heter Eivind og eg snakkar spansk. I alle fall litt. Dette er eit herrens mirakel, for 2 maanader sidan kunne eg ikkj saa mykje meir enn “cuanta cuesta la señorita?”. I morgon byrjar eg paa eit spansk universitet. Er er forsaavidt ikkje forberedt til det, men eg skal i alle fall begynne. Mens ein fell (er dette nynorsk for “faller”?…) saa fly ein.
Eg har endaa ikkje faatt internett der eg bur. Men eg har faatt ein ny bebuar i kollektivet; ein italiener. Han har innreda badet, der er det naa 12 knaggar for haandklede. Ein til kvar person for dusjhaandkleda, ein til kvar for torke-seg-paa-hendaa-haandkleda og ein til kvar for torke-seg-i-raeva-etter-aa-ha-brukt-bidéen-haandkleda. “Toilettpaper ise not sufficiente” meiner han, visstnok saman med resten av Italia .
Me har ogsaa ei fraa Düsseldorf i leiligheten og eg vet ikkje om dette er heldivgis eller desverre. Eg hadde ein fest som ho var edru med paa i saman med typen sin og dei to kjedelegaste venindene i verda. Dei drakk vatten med kolsyre og satt aleine paa eit eige bord heile kvelden. Innan eg hadde vaakna opp neste ettermiddag saa var leiligheten rydda og vaska. “I haf to clin” var grunnen hu gav.

Elles finnes det ein fraa Syria i denne byen. Han kan ikkje ete eller drikke saa lenge det er sol heile denne maanaden for han er muslim. Paa iPhonen sin saa har han iPray – eit program som begynner aa jodle paa arabisk naar han skal be og liknande. I kjoleskapet har han meir mat enn det er i kjoleskapet til heile familien min. Slik er det naar ein alltid handler paa tom mage! Om kvelden royker han enormt mykje for han maa ta igjen det han ikkje fekk royka om dagen (noko som minner meg om “broren min” der eg budde i USA. Han gjekk paa slankekur, noko som var nodvendig, og ein kveld naar han rekna paa kaloriane som han hadde ete den dagen saa fann han fornogd ut at han hadde ete mindre enn det han kunne. Saa daa tok han seg eit bloetkakestykke). Ein kan seie masse daarleg om Islam, og eg vil gjerne leggje til ein sak: dei drikk ikkje oel og et ikkje svin. Dette er hjornesteinane i Nord-Europeisk kultur!! Tyskerane erobra mest heile verda paa svin og oel. Det er ingenting som knuller i kjeften som bacon og litt ále. Kanskje utanom and med appelsinsaus. Noko som eg smaka for fyste gang paa ein restaurant i Guardamar del mar. MMmmMM!! Der glapp den kjente og kjaere traaden saa paa gjennsyn!
I denne byen
august 18, 2008
Denne byen er ein merkeleg by. Den er i grunn hverken er ein by eller ein landsby. Det er kanskje mest av alt ein turistplass. Men med ein stor historie (som den nå i stor grad lever på). I tillegg til historiske slott, veneziske fiskeoppdrett (som er murt opp av stein), romerske akvedukter og arabiske palass finnes det mest ei mil med strender. Av ein eller aen grunn så kjem det ikkje FRP mennesker her. Det er stort sett spanjolar of andre latinskspråklege turistar å finne. Dei eineste som konkurrerer med blondt-hår-nisja mi er eit par engelskmenn. Dei er også dei einaste som kan konkurere med bleik-hud.
Eg har bleik hud til å vere normann. Men eg er ikkje unormal til å vere nordmann. Men det begynner å gå opp or meg kor unormalt det er å vere nordmann. Her i byen/turiststaden er det heldigvis ein pakkis som selger kebab. Han snakker engelsk, tysk og spansk (i tillegg pakkistansk) og har ellers mange positive eigenskaper. Ikkje minst utrulig lange og mosomt stygge tenner. Me pleier å slå av ein liten prat når me møtes for å gjere forretningar (1 kebab og ein alhambra øl mot 40 kr). I går sa han etter ein liten snakkepause ”Norway….. The end of the world, right?”… Eg trudde fyst det var ein spøk, men det viste seg a vera eit alvorleg spørsmål. ”Yeah.. I guess it is. The only countries that are further north is maybe Russia, Canada and the States”. Verdens ende… Det er jo ein måte å sjå det på.
I går reiste min eineste venn i dette landet. Han skulle attende til Austerriket for å gjera seg feit. Han har ikkje eit gram feitt på kroppen og er konstant sulten. Når han er aleine klarer han ikkje å få i seg nok kalorier og nå var det kanskje på tide å oppsøke hjelp frå mor. Den beste beskrivelsen på denne guten er paa det engelske språket: ”a chiller”. Han går, snakker og ser ut som om han honstant er høg på hasjis. ”This sucks” ”That’s stupid” ”what ever” ”hr hr hr” og ”I’m going to the beach. You coming?” er omtrent alt han seier. Han har ikkje bevegt kroppen ein cm meir enn nødvendig og ikkje gjort noko anna enn å ete, sove, gå på skulen (3,5 timer pr dag) og ligge på stranda i løpet av den mådeden han har vore her. Jo forresten, drikke har han gjort. Han er ein jævel på å mikse drinker, noko som har innskrumpa mang ein lever i vår sosiale vennekrins. På torsdags kveld satt me på stranda og hadde med oss snacks, apelsinjus, annanasjus, cola, rom, vodka, bailies (eller korleis det no i helvete skrives), kaffilikør, wisky og fanden og hans oldermor og druer. Det endte i alle tilfeller opp med at Nikolaus dansa som ein vanvetting på ein bar. Han går på klassisk dansing og brukte grunnsteg derifrå til å danse ein slags psycho-mongo-dans til hip-hop musikk. HEILE dansegulvet slutta å danse for å se på. Heilt til han gjekk på do. Så kom han attende, utan å ha tatt til vet, og sa ”OUUUOOH!!” og dansa berre endå verre. Stakkaren trudde han var kul. Eg kan ikkje huske sist eg lo så mykje. Når me kom oss ut på gata igjen så fann han ein pakke full med sigarettar. Han spanderte på alle som var i nærheten og det medførte blant aent at me kom i kontakt med nokre baskerar (eit folkeslag i Nord-Spania som sprenger ting og mennesker i lufta då dei vil ha sjølvstendighet). Dei smilte og var meget alvorlege om kvarandre, og gjorde nazi-helsingar og sa at ’me er ikkje frå Spania’ ’Spania sug’ og ’Spania bom-bom (medan dei gestikulerte at dei skaut folk)’. ”Greit” sa eg. Så gjekk me heim.
No har altså Niko reist heim og eg sitt aleine i ein leilighet. Men eg har utsikt over middelhavet, mat i huset, krutt i posen og fri. Faktisk stod eg opp og skynta meg for å nå butikken før skulen begynte i dag, for å finne ut at det var stengt. Eg forbanna Spania høgt på norsk for å vere så ugudeleg udugelege at dei ikkje kunne opne butikkane før kl 11 om morgonen. Før eg fann ut at det var søndag og ikkje mandag og at ikkje eingong har skule i dag. Stranda kan eg ikkje gå på for eg er raud som ein ein kokt kardinal av havet. Tv forstår eg ikkje for det er på spansk. Internett har eg sjølvsagt ikkje (som er grunnen til at dett inlegget blir lagt ut i morgon). I leiligheten er det sikkert 35 grader. Eg er tom for snus. Hadde det ikkje vore for at eg er så sløv at eg ikkje har lyst til å gjere noko uansett så hadde eg stappa tommelen i kjeften, lagt meg i fosterstiling og grene som ein liten unge.
Adiosssssss




