Bart

april 11, 2008

Om du studerer på UiT og har høyrt noko om ein galning med raud bart som driv å spring etter framande folk. Ja, så veit eg kanskje litt om den saken. Men det var ikkje med vilje, som min onkel seier, det var med vanilje. Det har seg slik at eg hadde bart i nokre dagar. Kvifor valgte eg, som einaste person (i alle fall einaste gut), under 30 år, å ha bart? Hmm.. Litt då eg fekk slik sympati for den der den stod så uskylig etter at eg hadde barbert vekk resten av skjegget. Litt bere på faen. Og kanskje eit lite snev av ei tankerekkje som kan likne på denne: bart var sist populært på 70(kanskje begynnelsen av 80)-talet, so det er sikkert rett om hjørnet at den blir populær igjen.

Andre dagen med bart, altså i går, skulle eg treffa ein vegleiar på SV-fak. Noko som minner med på ein vits om SV-fak. Noja, den får komme seinare. Eg fann ikkje fram og gjekk hverken fram eller tilbake, snarare tvert i mot, når det kom ei lita studentine gåande. Eg såg på ho, såg vekk mens eg manna meg opp, og så snudde eg meg, gjekk bort til ho og sa ”Hei! Vett du kor SV-fak ekspedisjonen e?” på mitt mål. Dette måtte eg gjenta. “Vettukor SV-fakekspedisjonen e?”. Så sa ho noko som eg forstod slik at ho ikkje var flink i norsk, men eg kunne følge etter ho så skulle ho vise meg veien. Ok sa eg med eit smil, og gjekk etter. Ho var ivrig etter å ikkje kaste vekk tida mi, ho gjekk raskt og bestemt. Ho auka farten slik at eg mest måtte springe for å halde fylgje. Det var ikkje før me hadde gått gjennom heile fakultetet og ho storma på utgangsdøra på den andre sida at den sosiale intelligensen min forstod kva det var som eigentleg var skjedd.

Eg blei veldig sur på den (den sosiale inelligensen). Men den hadde plukka opp eit sitat frå “Kill Buljo” som den slengte i hjernebarken min: “Forstådd? Når har æ noengang forstådd noe som helst? Æ trudde at vægvesenet var et monster som bodde på E6-en heilt til æ blei 16 år”. Der hadde den unekteleg eit poeng. Dette var noko eg visste om og som eg burde ha tatt høgde for.

Barten den måtte gå. Eg måtte sjølvsagt springe rundt med Hitlerbart og snakke tysk, gjere nazihelsingar og forlange SYYYSTEM! og ORDNUNG! til dei eg budde med i eit par minutt. Men så forsvant heile barten, og eg følte meg med eit som eit lite barn. Eg blei mest 5 år yngre. Dette er ein inngripen som kan annbefalast for gutar, og jenter, som ynskjer seg ein meir ungdommeleg utsjånad. La barten gå… Berre la den gå.