I Finnmark
juni 11, 2008
Nå er eg attende i frå Finnmark. Norges ende. Eg og resten av klassa mi har reist langs Finnmarkskysten med “Jan Mayen”, UiT sin forskningsbåt, og så var me i Passvik. Dette tok 9 dagar. Der er sjeldan eg har hatt det så gøy. Til tross for snø kvar dag og nakne finnmarkingar som skeit frå tre medan me var i Passvik.
Kysten langs Aust-Finnmark er meg nå eit forpint stykke Norge. Me undrast på korleis folk kunne bu her. Og ikkje minst korleis dei klarte seg for 50-100 år sidan? I eit helvetes ver som kjem med Nordpolen-ekspressen og ei kulde som tar livet av alle som sovner på veg heim frå fylla. Det finnes ikkje tre så kor dei budde eller korles dei kokte kaffi forstår eg ikkje. Men ombord på Jan-Mayen var det fint. Me fann mange spanande dyr nere i sjøen. Kvar dag fekk me tri varme måltider, to dessertar, to gonger kaker og kaffi samt kvelds. Sommarkroppen gjekk til helvete medan humøret gjekk til himmels. Det var mykje å gjere. Artsbestemming, rapportskriving og eting var så energikrevande at me ikkje tok ein einaste styrt av laspriten. Men arbeidet var kjekt, så det var greit.
Når me kom så langt aust som ein kan komme i Norge så gjekk me sørover eit stykke. Då kom me til Kirkenes. Her vågde me oss i land. Det var ein fin by i grunn. Dei infødde var hyggelege og rake i ryggen. Alle skilta stod på norsk og russisk. Me lurte på om me skulle prøve å bytte til oss tørrfisk og bjørneskinn mot bordsalt og fyrstikker. Men me torde ikkje i frykt for at dei skulle ete oss opp.
Når me kjørte innover i landet kom det fyst nokre bjørk og så kom pigede meg fora: me var i Passvik nasjonalpark. Ein fantastisk stad. Bisamrottas rike. Der elgen er feit og sauene er åtne opp av bjørn. Her var det lappfiskender og brushanar, aure, abbor og kjempegjedder. Haren låg strødde langs vegkantane, Mikkel Rev slepte vomma si langs den kvite stripa med trevler av roadkill mellom tenna. Me var der ein biolog vil vere.

Medan resten av klassa samla inn insektslarvar og dritt i vatna rundt omkring, nytta eg tida til å ta igjen tapt søvn. Eg kunne sove i bilen på veg til lokaliteten, medan me var på lokaliteten (det var berre å gå litt vekk frå dei andre, og legge seg ner å snorke i lyngen. Eg hadde nemlig klart å skaffe med ein slik overlevningsdress, inne i der var det varmt og godt) og medan dei andre analyserte det me hadde funne på lokaliteten.
Når me var ferdige med desse småkrypa skulle me sjå på fisk og fugl. Det var kjekkare. Me hadde med oss ein galning fra Arendal som hadde budd der oppe i 20 år. Ein skikkeleg biolog som hadde jobba med sel og kval og bjørn og kunne alt om fugl, planter, geologi og alkohol. Han var så engasjert at han sikla når han snakka. Og han snakka. Der han ikkje kunne svare der dikta han opp eit svar. Når han såg ein sjeldan fugl fekk han ei tåre i augekroken og når han såg noko på fire bein med kjøtt på så måtte me halde han fast inne i bilen så han ikkje skulle skyte det. Paul, som han heiter, tok oss med på fuglekikking på Passvikelva. Midt i denne elva går grensa til Russland. Paul nerma seg skummelt denne denne grensa medan han tenkte på lappfiskand eller kanskje hekken til ein gammal flamme. Politiet blei sendt ut. Heldigvis var han ein gammal kjenning av politiet, og når dei såg at me nerma oss kristent land igjen så gidda dei ikkje eingong å vente til me kom attende. Dei berre snakka strengt til dei som stod på land, satte seg i bilen og reiste attende til politistasjonen. Som forøvrig besto av ein garasje, ein lafta enebolig og eit stabbur midt i skogen, heilt sant!
Forøvrig så har eg ein danske i klassen som kan drikke øl og gå på line samtidig.
Eksamenslesing
mai 24, 2008
Å lese til eksamen er ikkje berre berre. Magen held på å sprenge av all kaffien, eg skit knekk. Hovudet verker, eg får kreft i ræva og min “normale” mentaltilsand blir generelt forringa.
Då er det ein ting å gjere: komme seg inn i naturen.
Det hender rett som det er at eg tenkjer: kvifor er eg i Tromsø? Verdas nordlegaste universitet. Kaldt og mørkt og felt. Fundamentale manglar florerer: det er ikkje sjenking på universitetsområdet, damene kler ikkje av seg før etter at skuleåret er slutt osv.
Så kommer ein seg ut på ein tur, og så forstår ein. Det går ikkje an å flytte herfrå. Naturen er så fin, moglegheitane så mange. Det er ikkje lange turen ein skal køyre før ein kjem vekk frå siviliserte folk. Så kan ein padle, gå på ski og bein, sjå på dyr eller skyte dei i hovudet. Sveitten pipler nedover panna. Eg har ikkje sjekka det opp, men eg trur det er slik at det er negative tankar i desse sveittedropane. Dei blir pressa ut frå hovudet, og drypp ner på bakken.
Når ein kjem attende til skulearbeid og liknande så begynner det sakte men sikkert å byggje seg opp igjen med dårleg stemning inne i hovudet. Men det tar litt tid.





