Kunst

juni 13, 2008

Eg meldte meg nett inn i ei facebookgruppe som prøver å stoppe ein kunstutstilling. Gruppa heiter “STOP THIS “ARTIST”!!! THIS MAN IS A MONSTER”. Guillermo Vargas Habacuc, kunstnaren som dei er så sinte på, hadde same installasjon i fjor. I år har han blitt innvitert til”Visual Arts Biennial of the Central American” for å gjennta suksessen. Konseptet er kunstnerisk på ein tradisjonell måte. Provoserande, originalt og uventa. Guillermo fanga ein laushund og bandt han fast inne på utstillinga. Her fekk den ikkje mat. Etterkvart blei den sløv, og dette gav eit fint inntrykk av eit eller anna som dei besøkande kunne nyte. Skiltet over installasjonen var laga av hundemat, utafor rekkevidde for hunden.

Eg har ikkje gjort noko undersøkingar om dette stemmer. Men viss det gjer det så provoserer meg det inn til ryggmargen. Pine eit dyr er sjukt. Pine det på denne måten er sadistisk. Å kalle det kunst og vise det offentleg er perverst.

Her er eit anna trist eksempel på eit dyr i fangenskap. Eg tipper du ikkje ler av denne filmen:

 

Nadine Stair, en 85 år gammel dame frå USA, ble intervjuet på dødsleiet sitt. Noko av det ho sa i dette intervjuet har blitt kjent verda over:

Hvis jeg fikk leve et liv til, da ville jeg gjøre flere feil

Jeg ville koble mer av og være mykere,

 Jeg ville være dummere enn jeg har vært på denne reisen

Jeg skulle ta saker og ting mindre alvorlig, ta flere sjanser, bestig fjell, og svømme i flere sjøer

Jeg ville spise mer iskrem og færre bønner

Jeg kom kanskje til å få flere bekymringer, men jeg skulle ha færre innbilte

Dere skjønner…. jeg er et sånt menneske som lever forsiktig og sunt,time etter time, dag etter dag

Jo visst har jeg hatt mine fine stunder, og hvis jeg fikk gjøre det om igjen,skulle jeg prøve å ha bare stunder

En stund om gangen, istedet for å leve så mange år på forskudd

Jeg har vært en sånn person som aldri går noe sted, uten termometer, varmeflaske, regnfrakk og fallskjerm

Hvis jeg fikk leve mitt liv en gang til, skulle jeg pakke mindre i vesken

Hvis jeg fikk leve en gang til, skulle jeg begynne å gå barbeint tidligere enn våren, og fortsette med det lenger ut på høsten

Jeg ville danse mer, kjøre mer karusell,

- og jeg skulle plukke flere tusenfryd…

(dette var klipp og lim frå moisund.com. Forresten ei relativt ok nettavis. Min onkel laga den for ei bygd med 500 innbyggjerar. Ei bygd med nerlagd militærstasjon, butikk, togstasjon og postkontor. No er avisa ein dollarmachine, med eigen skoda-firmabil og planar om papirversjon.)

Kva skulle ein gjort viss ein måtte leve ein gong til? Eg for min del hadde tatt livet av meg før puberteten – eg har ikkje styrke til å leve gjennom den ein gong til. Før den tid er det ikkje så mykje det går an å forandre på, då tusler ein jo stort sett rundt å gjer det ein har lyst til å gjere.

Urbefolkningar er forskjellege frå oss siviliserte på mange områder. Fyst og fremst har dei spesielle navn: Cree-indianerar, apache-indianerar, abourginerar, inuittar, maoriarar, maorioriar og nordlendingar.

Og når me likevel snakkar om maoriarar og maorioriar så kan det kanskje passe med ei historie:

Ei engelsk selfangstskute kom ein vakker dag, eller kanskje det var ein stygg eller ein heilt vanleg dag, eg er ikkje sikker, innom New Zeeland. Kalenderen viste 1835. Engelskmenna fortalde Maoriarane (urbefolkningen på New Zeeland) om ei øy 100 mil aust for New Zeeland der alle gjekk omkring nakne, og der det var store mengder med skjell og sel. Maoriarane var glade i alt dette. Straks sendte dei to seilskuter med 900 menn til denne øya, som førøvrig heiter Chatham.

I løpet av nokre dagar etter at dei kom til Chatham hadde dei drept fleire hundre maorioriarar (dei infødte på Chatham) og kokt og åte mange av kroppane deira. Alle dei andre blei tatt som slavar og dei fleste av desse blei også drept i løpet av få år, alt etter som det passa seg for maoriarane. Skjella er det uvisst korleis det gjekk med, men selen blei naturlegvis skutt.

Ein maorikrigar uttalte. “we took possession … in accordance with our customs and we caught all the people. Not one escaped. Some ran away from us, these we killed, and others we killed – but what of that? It was in accordance with our customs.”

Det er ei allmenn oppfatning om at europeerar er flinkast til å kolonisere. Me har forsåvidt kolonisert meir enn dei fleste. Men maorioriane kan med handa på hjertet seie at andre også kan.

Historia om Inkaherskaren Atahuallpa er endå betre. Men den er så trist at eg ikkje vil fortelje den. Den inneberer: 168 spanske soldatar,  7000 ubevepna indianerar slakta på ein dag, fanging av Atahuallpa , Lausepenger for Athahuallpa som var eit rom på 22 * 8 * 17 fot  fylt med gull og henretting av Atahuallpa etter at dei hadde fått lausepengene. Detaljane står blandt anna i “Guns, Germs and Steel” av Jared Diamond.

Når Europeerane kom til Amerika var det like mange inbyggjerar der som det var i Europa. Dei fleste trudde kanskje at det var eit par tusen indianerar som var spreidde rundt om i ørkenen. Men det stemmer ikkje. Kva skjedde med alle desse? Forutan dei som har blanda seg med nykommerane (hovudsakleg i Sør-Amerika) så er det ikkje så mange tusen attende. Systematisk, usystematisk og liknande har menneska på eit heilt kontinent blitt utrydda. Av siviliserte og kristne (“ver snill mot din neste”, “du skal ikkje drepe” med meir) europeerar.

Har råskapen til menneska, me snille mennesker, nokre grenser? I så fall, kan nokon fortelje meg kor dei går? Eg kan ikkje sjå dei.

Skadefryd

april 28, 2008

Er det morosamt når folk slår seg og liknande? Ja! Ein kjent person sa den beste fryd er skadefryd. Eit godt krydder til denne fryden er når ein person, på same tid som han har det vondt også drit seg ut sosialt. Her kjem nokre historiar som har blitt kjente og kjære for meg.

Tulling 1: Ein militærgut fekk skuldera ut av ledd under ei øving. Guten var tøff og ville ikkje ha hjelp frå kameratane sine. Han tolte smerte og hadde dessutan sett på ein film korleis ein kunne få skuldera tilbake i ledd på eiga hand. Det gjaldt å springe inn i eit tre i stor fart med skuldera fyst, så ville skuldera “poppe” på plass igjen. Etter sjølvmedisineringa hørtes smertehyl. Militærguten hadde desverre ikkje klart å reparere skuldera. Men i samanstøtet var han så uheldig at han knakk kragebeinet.

Tulling 2: Det var ein gong ein gutt frå Stord som gjekk på taekwondoo. Han var ein arbeidsom utøvar, han kunne sparke høgt og liknande og fekk etter kvart flotte fargar på beltet sitt. Men det var ein ting han ikkje fekk til, og det var å gå i spagat. Men helten vår var målretta. Han strakk ut kvar einaste dag og etter langt om lenge så nerma skrittet seg gulvet. Ein dag klaska ballane i bakken, og så glad kunne han ikkje huske å ha vore. Han mottok smilande gratulasjonar frå kameratane sine før han skynta seg heim: han ville nemleg vise mora si kva han hadde lert seg. Vel heime gjorde han det. Desverre røyk det ei sen slik at naboen kunne høyre det i etasjen ovanfor (det kunne han faktisk!). Den flinke taekwondoo utøvaren hadde blitt kald på vegen heim.

I Finnmark har dei, av ein grunn som eg ennå ikkje har forstått, kuldeportar ved tunellopningane. Kuldeporten i Nordkapptunellen blir årleg øydelagd av billistar som ikkje slutter å køyre sjølv om det er ein port i vegen. Eg kjenner at det hadde vore særs flaut viss dette hadde skjedd meg. Men når det skjer ein annan (idiot) så er det i grunn ganske fornøyeleg.

Skadefryd har også ei negativ side. Nokre folk er så glade i å sjå andre sin vanntrivsel at dei overlagt bringer dei ut i uføre. Her kjem eit av mange eksempel:
Den russiske revolusjonen var ein revolusjon som på mange måtar var utriveleg. Soldatane nytta i denne høva skadefryd på ein måte som eg personleg synes var litt over grensa. Dette gjorde dei for å… Ja Gud veit kvifor dei gjorde det. For å få dagane til å gå fortare? For å ha det artig (litt på same måte som eg går på kino eller ser ein boksekamp)? Eller enkelt og greit for at menneske er ein gjeng med skaptorturistar? Uansett, la oss komme til saka: nemleg kva dei russiske soldatane (både dei kvite og dei raude) gjorde for å kunne nyte litt skadefryd med vodkaen sin. Dei laga eit lite snitt i magen på ein fange. Gjennom holet klarte dei å lirke ut ein bit av tynntarmen. Denne spikra dei fast til eit tre. Med glødande bajonettar jaga dei så fangen rundt, slik at han tvinna opp tarmen sin på treet.

Bøddel Tom

april 20, 2008

I rektig gamle dagar straffa ein gjerne uturne folk offentleg. Viss straffen inkluderte å bli daud så var det ei særleg populær tilstelning. Det var mellom anna færre tilskodderar tilstades ved opninga av Eifeltårnet enn det var ved ei dobbelhenretting som fant sted i Paris dagen før. Publikum satte pris på fantasi og orginalitet når synderane skulle straffast. Kjente og kjære klassikerar var å binde tau til armar og bein og så feste andre enden til galloperande hestar, brenning ved svak flamme og koking.

Med tida vart folk ikkje mindre glade i å sjå på offentlege henrettingar, men dei satte andre krav til bøddelen. No ville dei at syndaren skulle bli kjapt og humant avliva. I dei tilfella der dette ikkje skjedde kunne publikum komme med sterke reaksjonar: bøddelen blei sjølve gjerne henretta av mobben (ofte før dei reiste heim og brann opp huset og familien hans). Når ein skal hugge hovudet av nokon med eige liv som innsats, så blir ein gjerne nervøs. Når ein er nervøs er det vanskeleg å hugge skikkeleg, og då døydde gjerne den dømte seint, og bøddelen kort tid etter. Det vart ei vanskeleg tid for bøddelane. Deira rolle i samfunnet havna på ein lavmål. Her begynner historia om Tom Charmony.

Tom Charmony (det var faktisk ikkje det han hette, men eg orker ikkje å sjekke kva det eigentleg var) var fødd i ein bøddelfamilie. På grunn av nevnte samfunnsituasjon var ikkje denne familien, i likhet med alle andre bøddelfamiliar i Europa, vel ansett. Dei hadde mest sex med seg sjølve og andre bøddelfamilar. Ein fekk etter kvart bødderdynastier. Tom Charmony var familiens utskot. Han ville ikkje vera bøddel slik som faren. I staden valgdte han ei militærutdanning. Men i militæret blei han frose ut av medsoldatane. Dette er ille då det einaste som er kjekt i militæret er kameratskapet. Så ille blei det at vår venn såg seg nødt til å slutte. Han prøvde på ny i ei anna avdeling, denne gongen under falskt navn, men det varte ikkje lenge før nokon fann ut kven han var og også her blei han frose ut. Tom skifta jobb og navn fleire gonger, men sjølve om han prøvde hardt så klarte han ikkje å springe frå sjebna sin. Til slutt enda han opp som eksekusjonist på guilliotinen saman med faren. Tom hadde hematofobi og tolte ikkje å sjå blod. Under heile hans yrkesaktive liv kunne ein høyre hyl under dei henrettingane der det spruta blod. Og det gjer det, desverre for Tom, gjerne når ein høgg hovudet av eit menneske.

For fleire fortellingar om triste menneskeskjebnar anbefaler eg “Bestialitetens historie” av Jens Bjoerneboe. Her blir lesaren tadd med på ei reise gjennom nokre århundrer med fantasifull vald og djuptsittande ueinigheter. Dette er den beste boka til norges beste forfattar. Her ser han 700 år med europeisk kultur inn i  kvitauget. Bjoerneboe vart så deprimert av å skrive boka (det blir ein av å lese den også) at at han døyde for eigen hand kort tid etter at den blei gidd ut.

 

Hadde Bjørneboe berre bore eit bjørnedyr. Desse smådyra har i lang tid vore kjent for å tole de meste. Men når russiske forskerar sendte ein gjeng ut i verdsrommet i ein open beholdar og utsatte dei for kosmisk stråling i 14 dagar, utan at dei tok skade av det, då blei eg litt overaska. Ellers kan ein forresten koke dei, fryse dei ner til 272 grader minus, utsette dei for radioaktiv stråling, plassere dei i vakuum og bada dei i sterke løysemidler.  Når dei er redde, eller berre generelt leie, kan dei gå inn i ein spesiell dvaletilstand som kallast kryptobiose. I denne særs djupe søvnen er dei mest utan vatninnhald, har ikkje noko målbart stoffskifte, toler nær sagt alt og kan sove i fleire år enn noko menneske kan telje. Ein må treffe dei vinkelrett med ei hydrogenbombe for å vera garantert ei avliving.