Kva er morosamt?
juni 19, 2009
Nett no kan eg komme på fleire ting. Eg nemner kattungen vår.
Me har ein liten kattepus baby. Eller ei lita kjette som eg plar seie. Den er så til dei grader sympatisk og sjarmerande at den har fått meg til å like seg, sjølve om den er katt. Den held seg innandørs no medan den veks til. Seinare skal den bli den største musefangaren i distriktet, nest etter meg. Det litle rovdyret leiker med garnnøste, dett ner frå trappa osv. Alt dette er morosamt, men det som verkeleg får meg til å fnise er den låge sosiale intelligensen. Den spankulerer bort mot hunden (når den står utanfor vindauget) med strakebein og trur, med sine 10 cm, at den har noko å stille opp med. Hee ree Gud! Og når hunden ligg på altanen og tenkjer sine hundetanker, og kjettejævlen går forbi vindauget, så sprett den pluseleg bort til ruta med ein fres så den stakkars hunden skvett, oppfølgt av et frekt blikk (som seier “heee heee heeeee”). Me har prøvd å sosialisere desse to så veldig forskjellege skapningane, men varierande uhell. Far kommanderte hunden til å sitte heilt i ro medan han satte katten på ryggen hans. Det er fyste gong eg har sett ein katt smile. Kort tid etterpå overlevde katten så vidt, ved å skli inn i sprekka under vaskemaskinen. Kva som skjer når me ein gong hiv katten ut veit eg ikkje. Den har vanvittig store baller til å vere ein hokatt, men alt avhengiger av dumheten til hunden (som vel ikkje bør undervurderast). Klarer katten å lure hunden like godt som seg sjølve vedrørande kor skummel den er så kan me få ein økt biodiversitet på tunet. Viss ikkje blir kjettas fyste luftetur avslutta med et glefs og et knekk. Det ville vore fullt fortjent.
Akkurat no, i skrivande augongblink så foregår det ein staredown mellom kattungen og hunden. Her er me direkte inne, la oss sjå kva som skjer:
Katten har måtte sjå vekk to gonger no. Hunden har eit jernblikk.
Den tredje gongen blinkar hunden.
Oi oi! Aslak ser vekk igjen, og ser tilfeldigvis på ei anna retning ei lita stund.
No er det kjettejævelen som stirrer kjødeslaust på hunden, mens hunden så vidt ser tilbake.
Hunden lukkar augene og sev/latar som han sev.
Fantastisk! Kattejævler verda over: eg hatar dykk, men denne ambassadøren for rasen dykkar har mjukna meg opp. Til tross for altfor overdrevet hygiene, selvopptatthet og ekle, beinete kroppar, så er dykk brukande til noko. Dykk kan psyke ut ein vaksen hund, berre nokre månader gammal. FANtastisk!