Tentamen
mai 19, 2009

Då er me direkte inne fra norstentamen på Tysværvåg Skule. Stemninga er laber, på grensa til trist. Det er tri streberfitter igjen i klasserommet. Dei trykker mest aldri på datamaskinane sine, men sitt å dreg seg i håret og lar leppene peike nedover. Å gå før tida er ute passar ikkje personlegheita deira. Men det gjer det for resten av klassa. Samtlege av dei 42 andre elevane gjekk presis klokka to, når det fyst var tillatt å forlate klasserommet.
Eg leste fyste avsnitt til ein av besvarelsane, og det var bra greier. Det var litt flaut for det handla om Gud den Allmektige, framtida og anna kliss, men så heilt plutseleg, som ein sjølvskot, kom det fram at den allmektige var forfattaren sjølve, og tankar om kva han planla å gjere i framtida blei presentert. Den same eleven gav eg for nokre veker sidan i oppgåve å skrive ein liten historie om ein elev som var uskikkeleg i klassen, og som det gjekk veldig dårleg med til slutt. Dette då han juksa på eit engelsk kryssord. Eg meinte å merke ironi på den sida med slurvete løkkeskrift eg fekk av av dei bleike pubertetsnevane hans, læraren var litt i overkant rettvisen. Men med sjarm klarte han å gjere ironien vag nok til at eg ikkje kunne avstraffe han for det. Ein framtidig klatrar av karriærestigar dette.
Ellers er går det i prøysisk disiplin her på Tysværvåg Barne og Ungdumsskule. Eg har også vore innom Bokn Skule, og der veit dei knapt kva eit piskeslag er. Men når dei ein sjeldan gong blir sluppne ut i friluft så veger dei opp med å ikkje gjere nokon ting. Dei står å henger med kvar sin lyktestolpe med henda i lommane og kunne ikkje drøyme om å vere stygge med kvarandre. Her forandrar elevane seg ordentlege menneske, og driver psykologisk og fysisk terror av ypperste slag. Viss nokon studerer psykologi, må ein samanlikning av desse to små verdenane kunne vere av største interresse.
Jentene ser over stilane sine om og om igjen. Dei prøver nok som best dei kan å drøye tida. Dette er greit nok for meg for eg får timelønn. Dei andre lærarane er ikkje like fornøgde, dei skulle heller gjerne ha retta prøvar. No må dei gjere det heime i steden for. Skadefryd er den beste fryd plar eg å seie, så eg koser meg dobbelt opp.
Når eg ser på dei stakkars små folka som danser, spring, går og subbar, alt etter alderen, forbi vindauget kjenner eg nostalgi. Framfor alt skulle eg ønske at eg kunne skrive stil igjen. Etter ungdumsskulen gløymde eg heilt av å skrive stilar. Det blei artikkel kvar gong, og samtlege hadde annmerknad om altfor muntleg språkform. Men på barne og ungdumsskulen… Sukk… Då var det historiar om vennegjengar på turar, romveseninnvasjonar og vanvittige sosialpsykologiske fenomen. Eg visste ikkje kva oppbygning eller klimaks betydde. Eg berre begynte å skrive, og når det nerma seg slutten av tida så fann eg på ein slutt. Retting og liknande blei det sjeldan tid til.
No renn tida ut for mine undersåtter som eg liker å kalle dei. Det er berre to elevar att, med 15 minuttar til å sjå over dei tri sidene sine ein gong til. Dei kjem til å seie “vent! Eg må berre sjekke ein ting fyst!” når eg skal ta inn besvarelsane. “Frauelein, klokka to er tida ute, og dette har du visst lenge” vil eg sjå meg nødt til å konstatere. Så blir dei så triste og lurer på om det eine ordet dei ikkje fekk sett over for tredje gong skal slå ut på karakteren deira, og gret kanskje ein skvett på bussturen heim. Sånn er livet. Her på Tysværvåg læres små uskyldige sjeler opp i å leve i den store og fryktelege verda.