Zzzzz

mai 21, 2009

(Tidlegare nemt inspirasjon umoglegjorde å ikkje skrive ein ungdumsskulestil. Det blei ein litt uheldig formatering på teksten når den blei kopiert inn i wordpress, men blant anna pungtmarkeringar i staden for slike strekar som er vanleg når nokon snakker.)

 

 

Zzzz

Det var ei mørk og kald tid på jorda. Menneska snakka mest ikkje med kvarandre. Dei forlot berre tilhaldsstadene sine for å gjere det absolutt nødvendigaste, elles heldt dei seg heime og i skjul.

 

Zapp gjekk gjennom skogen. «Det var da faen til lauv her da» uttrykkte han på sin karakteristiske likegyldige måte. Zzzzz folket var nokre av dei mest likegyldige skapningane i universet. Dei var også nokre av dei mest stuttjukke, og det var leit for Zapp og Zippo å fote seg fram gjennom det vissne lauvet. Svetten dreiv av Zippo, han var ikkje av den mest atletiske typen. Han strevde intenst med den fjuskande teleporteren sin, men gang på gang måtte han ty til gåing for å komme seg fram gjennom den mørke skogen.

  • Nå har du snart gått 20 steg Zippo. Skal me slå leir for dagen?

  • Slå leir eller utrydde fleire nakentellusar, det tar eg ikkje så tungt nett no, sa Zippo og lot sveitten renne nedover det grønne andletet hans.

  • Kanskje me skulle prøvd å sjå litt på den teleporteren din, om me ikkje kan få den fiksa?

  • Ja det kan me berre gjere. Eller, eg gjer tilrektig faen som eg plar seie.

  • Du er sjefen Zippo… Der er det same for meg.

  • Jamen Herre Gud, slutt å legge absolutt alt annsvaret over på meg berre for at eg har fått tildelt litt meir kommando. Zippo gjespa. -Eg er trøyt. Finn ut kva me skal gjere. Det er ein direkte delegasjon.

 

Då Zapp ikkje hadde nokon særskilde meiningar og Zippo var for trøyt til å ta initiativ, så slo dei leir for nokre dagar. Det var ikkje før ei lita jente kom hoppande innover skogen at intitiativet igjen kom over dei.

 

  • Nei så inne i Jupiters kjerne av gass, der kommer det faen meg ein nakentellus. Drep, Zippo! Drep!

  • Eg har allereie drept to. Det gjer meg fred fra øverstekuken ei stund. Dette eksemplaret er nok ditt Zapp.

  • Hehe, øverstekuken! Men eg kan berre seie at eg har drept to eg også så sitt eg like fint i det.

  • Men om dei bruker LDFL(løgndetektor-med-døden-som-følge-for-dei-som-lyg)? Du veit øverstekommandanten har brugt den uZzzzkeleg mykje i det siste?

     

Zapp pilla seg i nasen.

 

  • Du og den mellomdramatikken din. Det kan godt hende at dei ikkje bruker den. Dessuten har du den beste DFHT-en (drepe-flå-og-henge-til-tørk-maskinen).

 

 

Begge blei liggande å vurdere situasjonen, det vil seie smådiskutere seg i mellom, mens jenta liksom dansa seg i deira retning. Ho plukka blåveis og nynna på ein litt melankonsk og forøvrig melodiøs sang.

 

  • Det er noko som ikkje stemmer… Mumla Zapp for seg sjølve og stappa ein bussemann i munnen.

 

Zippo tok ikkje dette så tungt og leita til slutt fram DFHT-en sin.

 

  • Viss ein liten nakentellus er her.. Så er det kanskje fleire andre også i nærheten. Og då ville det kanskje vere lurt å finne og drepe dei alle… Zapp var fortsatt usikker.

 

Zippo fekk ikkje flekkjaren, som han likte å kalle den, til å virke. Då kan hadde slått den mot ei rot, og fått avslag frå Zapp på sitt spørsmål om hjelp til å reparere den, innså han at det kanskje ikkje var så viktig likevel.

 

Jenta passerte dei to marsbuerane, og etter ei god stund, når ho kom tilbake langs skogsstien med ein stor og fin bukett blåveis, låg Zapp og Zippo fortsatt og småkjekla om kven som skulle bestemme kva dei skulle gjere. Til slutt innså Zippo det vakre med å ha kommandoen, og gav Zapp ordre om å reparere utstyret. Så bar dei i veg etter jenta for å finne fleire menneske å utrydde.

 

Zzzz-buerar er som sagt eit ytterst likegyldig folk. Dei bryr deg ikkje så mykje om så mykje. Så lenge ein operasjon, for eksempel utryddelsen av menneskene, ikkje medfører farer eller slit, så kan dei liksågodt gjere det som å zappe på tv. Det var ikkje særleg vanskeleg å utrydde menneske. Problemet i hovudsak var at viss dei blei skadeskutt så kunne dei sette i hyl eller brør, alt etter kor mykje testosteron dei hadde i blodet. Dette kunne tiltrekke andre i flokken og både Zippo og Zapp hadde høyrt at desse då gjerne var i dårleg humør. Nokre Zzzzbuerar hadde blitt alvorleg kvesta av desse tynne skapningane som så til dei grader var overgitt til deira primitive instinkter. Ein frå gamle klassa til Zapp hadde for eksempel mista evna til å produsere nye marsbuerar etter at ei nakentellusho hadde blitt heilt vill og plutseleg gått til anngrep. På ein eller annan måte hadde ho klart å sparke inn det som optimistisk sett ikkje skal sparkast inn. Ein annan historie dei beggje hadde høyrt var den om den berømte Zappkaradass som på ei av dei mange tokta sine hadde gått inn i ei badstue for nakentellushoar. Dei blei så dyrisk sinte og anngreip med slik frytsomhet, at når han til slutt klarte å teleportere seg vekk så var han dekka med fryktelege kloremerker langs heile den 110cm lange kroppen. Det var helst hoene ein skulle passe seg for. Hannane var meget forutsigbare, og gav alltid tydeleg signal på førehand når dei gjekk til anngrep. Noko dei forøvrig sjeldan fann det gunstig å gjere. Litt teleportering her og der var alt som skulle til, og Zapp, så hang dei til tørk.

 

Zapp tok ikkje dette så tungt og når jenta nådde landsbyen skaut han nakentellusungen akkurat i det ho skulle hive seg i henda til mora. Då han ikkje hadde lagd sjela si i å skyte inn DFHT-en, så blei den litle skapningen berre skadeskutt i den eine foten. Mora, og dei andre hoene som var samla rundt brønnen, blei hensatt i eit frykteleg sinne og storma i mot den stuttjukke marsbuaren, bevæpna med kostar og andre primitive men fryktinngytande nakentellusvåpen. Zapp zappa det han var god for og skadeskaut ei gammal bestemor, før han måtte dukke under eit svingslag med ein vaskemopp. Han teleporterte seg opp til kanten av brønnen og frå der sende han videre ei heil rekkje salver mot den ville flokken. Han skadeskaut bestemora nok ei gong, og traff på to geiter, som blei flådde og hengde til tørk. Så tok han sikte på den villaste i flokken: mora. Det vil seie, no sikta han litt til venstre, for han hadde sett kva veg DFHT-en skaut feil. Han lukka det eine auge og fyrte av, men i same augonblink blei han truffe over leggane sine av noko hardt. Skotet for oppover og han velta bakover. Nakentelussungen hadde blitt liggande ved kanten av brønnen, og tross den såra foten hadde ho klart å finne ein sopelime som ho deisa over beina på Zapp. Det var ein djup brønn og marsbuaren falt langt før han til slutt plaska ner i vatnet. Når han omtrent fann ut kva som var og og ner, teleportertete han seg ut av brønnen. Det er ikkje lett å teleportere seg til ein stad ein ikkje kan sjå, men Zapp kom seg opp på gårdsplassen igjen. Der fann han fyst pustande og pesande ut at teleportaren og flekjaren beggje no var øydelagde av alt vatnet og så at nokon var i ferd med å slå han med ein kjelve. Etter det fann han ikkje så mykje på ei stund, utanom stjerner og mørke.

 

  • Zapp! Zapp Filialppus!!

 

Zippo rista i kameraten sin. Zapp på sin side var i draumeland og såg fortsatt stjerner. Men den irriterande stemmen til Zippo hylte i hovudet hans.

 

  • Zapp! Høyrer du meg? ZAAaaap!?

  • Ja, slutt å mas!! Ropte Zapp tilbake, medan han snudde seg mot der lyden kom frå. Til sin forbauselse såg han Zapp. Han snudde seg tilbake igjen, og der såg han stjerner. Så til høgre, og der stod Zippo. Omtåka av hovudverk innsåg den skamlåtte Zapp at han var tilbake på romskipet.

  • Me er på veg tilbake til Zzzzzz. Forklarte Zippo.

  • Javel, ynka Zapp seg, og såg ut gjennom vindauget.

  • Eg redda deg frå nakentellusane fortalde Zippo medan han skifta kanal på Tv-en. Eg teleporterte meg bort til deg, og så teleporterte eg oss til helvete tilbake til romskipet.

  • Men det var jo flott stønna Zapp og holdt seg til hovudet.

  • Ja det var heilt greit det. Ein haug med nakentellusar reiv meg i håret og liknande i det eg trykka på knappen, og dei blei med oss ombord i romskipet.

  • Ok, svarte Zapp og tok fjernkontrollen fra Zippo.

  • Eg teleporterte oss og 7 hysteriske nakentellusar inn i kommandosentralen på skipet. Innen me fekk teleportert dei tilbake hadde dei sendt overkuken på sjukestova. Han ligg der fortsatt. Han fekk klora vekk så mykje hud at han må transplantere rumpeskin til andletet. Han fann ut at me ikkje skal… Gje meg tilbake fjernkontrollen! Han kom fram til at me ikkje gidd å utrydde menneke meir.

 

Zapp fortsatte å zappe gjennom kanalane.

 

  • Javel. Kva skal me sjå på?

  • Eg gjer i grunn tilrektig faen Zapp, det må eg seie. Men gje meg no fjernkontrollen! Zippo heldt handa bedande framfor seg, og augo truande retta mor Zapp.

  • Ja ta den då, sa Zapp og kasta fjernkontrollen opp i fanget til Zippo. Det er ikkje noko eg vil sjå alikevel. Zapp slapp ein fis og drog i hendelen som vippa lenestolen bakover.

 

Tentamen

mai 19, 2009

tentamen

Då er me direkte inne fra norstentamen på Tysværvåg Skule. Stemninga er laber, på grensa til trist. Det er tri streberfitter igjen i klasserommet. Dei trykker mest aldri på datamaskinane sine, men sitt å dreg seg  i håret og lar leppene peike nedover. Å gå før tida er ute passar ikkje personlegheita deira. Men det gjer det for resten av klassa. Samtlege av dei 42 andre elevane gjekk presis klokka to, når det fyst var tillatt å forlate klasserommet.

Eg leste fyste avsnitt til ein av besvarelsane, og det var bra greier. Det var litt flaut for det handla om Gud den Allmektige, framtida og anna kliss, men så heilt plutseleg, som ein sjølvskot, kom det fram at den allmektige var forfattaren sjølve, og tankar om kva han planla å gjere i framtida blei presentert.  Den same eleven gav eg for nokre veker sidan i oppgåve å skrive ein liten historie om ein elev som var uskikkeleg i klassen, og som det gjekk veldig dårleg med til slutt. Dette då han juksa på eit engelsk kryssord. Eg meinte å merke ironi på den sida med slurvete løkkeskrift eg fekk av av dei bleike pubertetsnevane hans, læraren var litt i overkant rettvisen. Men med sjarm klarte han å gjere ironien vag nok til at eg ikkje kunne avstraffe han for det.  Ein framtidig klatrar av karriærestigar dette.

Ellers er går det i prøysisk disiplin her på Tysværvåg Barne og Ungdumsskule. Eg har også vore innom Bokn Skule, og der veit dei knapt kva eit piskeslag er. Men når dei ein sjeldan gong blir sluppne ut i friluft så veger dei opp med å ikkje gjere nokon ting. Dei står å henger med kvar sin lyktestolpe med henda i lommane og kunne ikkje drøyme om å vere stygge med kvarandre. Her forandrar elevane seg ordentlege menneske, og driver psykologisk og fysisk terror av ypperste slag. Viss nokon studerer psykologi, må ein samanlikning av desse to små verdenane kunne vere av største interresse.

Jentene ser over stilane sine om og om igjen. Dei prøver nok som best dei kan å drøye tida. Dette er greit nok for meg for eg får timelønn. Dei andre lærarane er ikkje like fornøgde, dei skulle heller gjerne ha retta prøvar. No må dei gjere det heime i steden for. Skadefryd er den beste fryd plar eg å seie, så eg koser meg dobbelt opp.

Når eg ser på dei stakkars små folka som danser, spring, går og subbar, alt etter alderen, forbi vindauget kjenner eg nostalgi. Framfor alt skulle eg ønske at eg kunne skrive stil igjen. Etter ungdumsskulen gløymde eg heilt av å skrive stilar. Det blei artikkel kvar gong, og samtlege hadde annmerknad om altfor muntleg språkform. Men på barne og ungdumsskulen… Sukk… Då var det historiar om vennegjengar på turar, romveseninnvasjonar og vanvittige sosialpsykologiske fenomen. Eg visste ikkje kva oppbygning eller klimaks betydde. Eg berre begynte å skrive, og når det nerma seg slutten av tida så fann eg på ein slutt.  Retting og liknande blei det sjeldan tid til.

No renn tida ut for mine undersåtter som eg liker å kalle dei. Det er berre to elevar att, med 15 minuttar til å sjå over dei tri sidene sine ein gong til. Dei kjem til å seie “vent! Eg må berre sjekke ein ting fyst!” når eg skal ta inn besvarelsane. “Frauelein, klokka to er tida ute, og dette har du visst lenge” vil eg sjå meg nødt til å konstatere. Så blir dei så triste og lurer på om det eine ordet dei ikkje fekk sett over for tredje gong skal slå ut på karakteren deira, og gret kanskje ein skvett på bussturen heim. Sånn er livet. Her på Tysværvåg læres små uskyldige sjeler opp i å leve i den store og fryktelege verda.