Slutten
januar 22, 2009
Slutten på ein sommar. Slutten på ferien.
Festen er slutt. Nå må ein rydde opp. Etterkvart må ein sjekke kor masse pengar ein brukte i dei ruspåvirka, seine nattestimane, og ta dei tiltaka som er nødvendige. Ete spagetti med ketchup? Ringe til mor?
Med hovudverk kan ein tenkje tilbake på dei fine augonblikka. Dei mange tinga som vanlegvis ikkje hender, men som har ein tendens til å skje under den spessielle stemninga som oppstår når ein er langt vekke frå alt det vanlege.
No er det slutten for meg. Eller no og no, snart i alle fall. Eg har allereie begynt både å slikke sår og å reflektere over på minner.
Fine folk, turar, byar, mat, strender, fjell, sol, latter, diskusjonar, øl og festar. Minner ein har til ein døyr eller får alzheimer. Eller slår seg skikkeleg hardt i hovudet. *Bank i bordet*.