Interkommunal kulturutveksling
november 13, 2008
Eg er langt vekke frå heime. Eg har blitt kjent med mange og vennekretsen er eit slags internajonalt sammensurium. Me er meg frå Vestlandet, eit par er frå Tromsø, ei frå Mysen, 3-4 er svenskar og til og med ei frå Finnland.
Det er noko vakkert med å vera med så forskjellege folk. Det er noko veldig intressant med forskjellege kulturar. I byrjinga er det alltid litt vanskeleg for ein er så forskjellege og det er vanskeleg å forstå seg på kvarandre. Men etterkvart så knekk ein koden og forstår. Når svenskane f.eks. seier: ”Jag måste gå og ta ein basj” så forstår eg no at det betyr “eg skal hente ei øl”.
Ei frå Tromsø fortalte om når ho skulle ut å fly med faren sin for nokre år sidan. I sikkerhetskontrollen blei den eine securitassvakta brått veldig bleik i andletet. Ho ville stengje ner området og tilkalle politiet: i håndbagasjen hadde faren ein samekniv… Ein annan av vaktane prøvde å roe ho ner. Den mannlege securitassvakta holdt hovudet kalt. Han tok kniven ut av håndbaggasjen, gav det til kona og ba ho springe og sende den med posten. Det var tross alt ein tromsøværing ein hadde med å gjere. Den tilspissa situasjonen som kunne enda problematisk for eigaren av kniven blei løyst, takka vere ein mann som forstod seg på dei interkommunale kulturane. Ein anna situasjon som løyste seg var når ein nordlenning kalla ein politi for hæstkuk. Han blei straffeforfulgt av den ignorante politimannen, men blei frifunne då “hæstkuk inngår i hans naturlege ordreportoar”. Ein for Nord-Norge kan altså seie “hæstkuk” til ein politi, men ikkje ein sørlending. Det er mange slike eksempler. Når nokre frå resten av landet reiser til Bærum er det nærliggande å tru at raten av homoseksuelle mennesker der er uvanleg høg. Men ein som har vore litt ute i verda veit at det er heilt normalt for heteroseksuelle gutar frå Bærum å gå med rosa skjorter, panneband og sminke.
Det som er nok er litt nytt for meg er raseskille. I Sør-Europa kjem det mange menneske frå land frå Afrika. Dei betaler alt dei eig for å få sitte i ein åpen robåt over middelhavet. Mange døyr. Men mange når fram også. I Spania jobber desse med å selge falske klokker og piratbrente CR-ar og DVD-ar. Dei jobber då for eit nettverk som kontrollerer pengane deira. I heile Spania har eg sett ein neger med vanleg jobb. Han jobba som kelner.
Eg budde eit år i Michigan som er ein stat heilt nord i USA. Det var ikkje ein einaste svart person på skulen og eg kan heller ikkje huske å ha sett nokon i byen eg budde i. Det var til gjenngjeld mange meksikanerar der, og dei snakka ein helst ikkje med. Dei blei sett på som kriminelle, ulovlege innvandrerar med knivar og skumle onklar. Men det politiske korrekte var å seie at dei fleste er greie normale menneske, men nokre av dei øydelegg for dei andre – omtrent som i Norge. Men nyleg snakka eg med ei som hadde vore utvekslingsstudent i Alabama. Ho fortalte om når ho skulle med familien på kaffislabberas. På forhand blei ho advart om at den eine jenta i den familien dei skulle besøke var “mixed”. Det var vistnok det verste ein kunne vere. Ein bastard. Ved ein anna anledning hadde ho sagt noko til forsvar av ein svart person, og mora i huset hadde sagt “well, you’re just a niggerlover”. Ho blei lert opp til å f.eks. ikkje spøyre svarte folk om vegen. Takka vere eit bansleg og litt uskyldig-naivt oppsyn meinte ho, så kom ho unna med å snakke med både meksikanerar og negrar på skulen.
