Eventyr i syden

oktober 15, 2008

Det var ein gang ein gutt som ville til syden. Han pakka det han trengde og la fatt på den lange ferda. Ferda tok ikkje lang til, og gratis var det for statens lånekasse betalte alt.

 

Det var ikkje lett og manøvrere seg i eit framandt land. Men etter langt og lenge fann han staden der han skulle bu. Han banka på og hilste høfleg på romkameraten sin, men inne i seg var han redd. Den nye romkameraten hans var nemleg eit troll. Utan klede på overkroppen kunne ein sjå skogen som vokste der.  Avvisande verka han også. Trollet tok eit skritt fram slik at guten blei reint redd, medan han snakka så spyttet sto på det framande språket. Den veldige fingeren hans peika oppover. Han begynte å snakka høgare, senka augonbryna og begynte å vifte meir manisk med handa – stadig peikande oppover. Gutten lurte på om trollet kunne kjenne lukta av kristenmannsblod. Plutseleg kom det eit menneske gåande opp trappene, og guten kunne ikkje huske å ha vore så letta før. Den andre mannen virka ikkje redd for trollet, men sa noko til det på trollspråket. Mannen kunne oversetje frå trollspråket at guten sin leilighet var i etasjen ovanfor, ikkje her, for raude helsike.

 

Vel inne i den rette leiligheten var det ein kjekk ut og ein gal mann. Vannvettingen smila til stadighet, hadde blanke augo og mange bevegingar av armar og hovud som guten aldri før hadde sett. Han kunne f.eks. sitte med beina i kors som ei kvinne medan han vrei på hovudet som ei sjuk geit og haldt eit par underbukser i handa. I dusjen brukte han alltid meir enn 30min, og i vaskemaskina vaska han aldri meir enn tri plagg om gongen. Fyst lurte guten på om dette kunne vere ein damemann, men etter nermare betraktning av kroppsrykningar og sedvaner fann han ut at mannen berre var splitter pine gal. Dette var det fyste gale menneske han fekk sjå i Syden, men det blei ikkje det siste. Seinare måtte han blandt anna dele bustad med ei hengslete og uvanleg stygg 45 år gamle kvinne som hadde laange svarte hår under armane, alkoholproblemer og viste sin interesse for sex til ei grad som var uanstendig ovenfor kristlege mennesker (noko hu burde vete i og med at ho var religionslerar. Ho var religiøs på den måten at kroppen og anleted stivna viss nokon uttalte seg negativt om religion).

 

Fyste kvelden blei den kaldblodige guten full i syden. Han begynte å fekte med med visne palmeblader, klatre i på skilt og liknande. Nokre innfødte begynte å snakke til han på trollspråket. Han forstod ikkje, så han berre smilte og vinka tilbake. Men det falt ikkje i smak og så fekk han nok ein gong i sitt liv oppleve blind vald. Men om guten var full, så var han fortsatt smidig – om ikkje som ein katt så i alle fall meir enn trollungen som ville han ille. Etter at den lespande sydenværingen hadde slått den nye kjenningen hans og på ny sendte ein serie slag mot han sjølve så dukka guten og gidde så trollungen et dask (og kanskje to). Det var nok til å stokke han eit par sekund mens guten og kjenningen la på sprang. Flukten var i eit framand land, og dei flyktande kunne ikkje samanliknast med gaseller. Men det småfeite villsvinet klarte dei likevel å riste av seg, og så levde dei lykkeleg alle sine dagar i syden saman. Ikkje som partnerar vel og merke, men som vener. Men ingenting varer evig, og den nye vene måtte til slutt returnere til sitt rike (som eingang mest blei det 3.)

 

No er guten aleine i Syden. Han blir steikt av sola og svalt av Middelhavet kvar dag og han et tapas og ser på lespande damer i bikini. Og snipp snapp snute, så er byrjinga på eventyret ute.

Dette innlegget er skrevet for lenge sidan men gløymte å publisere…

Legg att eit svar