Mulhaycen
oktober 15, 2008
”Hello, how are you Mr Mountaintop? You are very nice! I like you. I like sex! It’s good!”
Før eg hadde denne samtalen med fjelltoppen skjedde følgande:
Avsnitt 1.
Eivind såg på svensken, svensken såg på Eivind. No skal han til å seie noko tenkte Eivind. Det viste seg at han hadde rett.
- Vi lurade på at fara til Mulhaicen en tur. En veninda av oss sa at det var en tur hon kunne recomondera.
- Det hørres ut som ein utmerka idè! Svarte nordmannen og tok et mandig slurk av ølglaset. Ka med fystkommande helg?
- Hva?
- Ka med fystkommande helg?
- Hva betjuder det?
- What about this weekend?
- Aha, sä! Jo… Ja.. Hvarfor inte?
Avsnitt 2.
Eivind havna på sida av ein av svenskane på bussen. Svensken var for anledningen kledd i ei bommuls t-shorte med bilete av ein skog på. Perfekt for ein fjelltur. ”Faen, tenkte Eivind. ”Det var som faen at ikkje eg har ein sånn”. Dan hadde vidare ein stor og flott hjerne. Han var psykologistudent. Samtalen pensla seg sjølvsagt inn på USA og krig og då gjekk den 2 timar og 10 min lange bussturen fort for dei beggje. Sjølv om det var ein 2,5 timars busstur som blei ein smule mindre pga den leie kombinasjon av liten hjerne og tung høgrefot hjå bussjoføren. Vegen var smal og vegskråningane blandt dei brattaste og lengste i verda. Dei fire vennene satt heilt framme i bussen og kunne med panoramautsikt sjå korleis den livstrøtte bussjoføren til stadighet forsøkte å drepe dei og all motgåande trafikk.
Avsnitt 3.
”Her må dykk gå av” sa bussjoføren.
”Hvaför?” Svarte den eine svensken
”For det er her dykk skal” sa bussjoforen så, med et litt oppgitt uttrykk i andletet. ”Me er i Capileira, det er her dykk skal av”.
Hverken Eivind, dei to svenske psykologistudentane eller jena frå austlandet, Sunniva, hadde tenkt på kor dei skulle gå av bussen. Alle var glade over den flaksen dei hadde hatt, så då feira dei med ei øl i landsbyen før dei traska avgårde oppover dalen.
Avsnitt 4.
”Voff voff”, sa hunden
”Ja ja, så fin så”, sa Eivind.
”Ikke rør den! Den har sikkert lopper!”, sa jenta frå Austlandet.
Litt lenger oppe i dalen passerte dei ein andalusisk sauegjeter. Han gjekk med blå bondekjeledress og var så brun som marka han stod på. Han hadde tri loppesirkus og med dei gjeta han ein flokk med sauer og ein flokk med geiter – som forsåvidt var ein og samme flokk. Men geitene gjekk litt småhovent bak sauene, som franskmenn saman med andre menneske.
Avsnitt 5
Etter langt om lenge og lengre enn langt kom våre venner til ein veg – midt uti det dei trudde var villmark. Den slutta ved eit vannkraftverk frå 1957. Den hadde tilliggande hus og kjerke. Byen var fråflytta og merkeleg. Alt var bygga i beste kommuniststil – noko som vel er litt merkeleg i.o.m. at Franco hadde sitt eige litle faschistrike på jorda i Spania på denne tida (som han fortsatte med heilt til 1974 – altså 30 år etter både Mussolini og Hitler, med sine Nye Stor-Italia og Det 3. Riket, reiste til dei evige jaktmarker). Vindua i kjerka var mura igjen med murstein. Men nokre pøblar hadde klart å komt seg opp her, knust mursteinsvindu, lagt madrassar på gulvet, blanda blodet sitt med heroin og skreve ”sex, sex, sex, sex” på alteret.
Avsnitt 5
Ville hestar, som vel og merke ikkje var ville, men dei gjekk laust i fjella, og fjellgeiter såg dei fire vandrerane mykje av på vegen. Fjella var store og rolige. Dei bare var der. Ikkje tøffe, ikkje kule og ikkje minst: ikkje redde for ein ting i denne verden. Slik lå dei der og ligg der enda. Brune fjell. Som har blitt vandra på av hedningar av alle slag, inkludert kartagerar og romerar, og seinare muslimane og dei riv ruskande galne katolikkane. Ved ei seter tok vandringsmennene og kvinna ein pause og sov i sola. Så bar det vidare til overnattingshytta. Her skulle det skje forferdelege og fantastiske ting.
Avsnitt 6
Det var ei spansk turistforeningshytte med plass til 85 menneske. 16 personar sov på kvart rom fordelt på 4 store senger. Romma var delt med vegger som ikkje gjekk heilt opp til taket. Våre heltar fekk ei seng for seg sjølve og alle var relativt fornøgd med plasseringa. Når natta kom kunne dei høyre korleis folk snorka i takt. Og ikkje minst kor enormt store mengder med gass som kan samle seg inne i eit menneske og korleis den blei presa gjennom klamme fiseringar til sovande (la oss be til Gud om av det var) menn og ut i den felles lufta til 85 menneske med mektige brumm. Og nokre gonger med eit søtt hyl. Men i og med at skandinaverane hadde med seg wiskey og hadde sitte på trappa på hytta og sett følgande: skyene ovanfra – som låg som eit lokk over den dalen dei nettopp hadde gått gjennom, sola gå ner, månen gå ner og fleire stjerneskot, så klaga dei ikkje.
Dei låg våkne og fornøgde og venta på at alarmen skulle synge neste dagen i gang. Til frukost fekk dei loff, muffins, musli (utan djupe tallerkar) og kaffi con leche (=cafe latte). Austlendingen kjøpte ein ferdiglaga nistepakke til 10 €, der ho heiv mesteparten ”den ær det for mye kalorier i, det hær er ikke bra”. Svenskane var vegeterianerar, og hadde med seg 7 avacadoar og div kanin- og asiatermat. Evind var den einaste som hadde smørt skikkeleg niste: tørre gode skiver med spansk sjokoladepålegg.
Avsnitt 7
Gå, gå, gå.
Avsnitt 8
På veg opp flanken av Mulhaicen kunne nordmannen sjå Veleta – Spanias 3. høgaste fjell. Det hadde han besøkt nokre helger før, og han kunne fornøgd innsjå at Mulhaicen var finare. Eller snarare tvert i mot, han meinte at det var eit styggare og kjedelegare fjell. Men utsikten var mykje finare, vandringa var meir tiltalande og ikkje minst var beliggeneten (langt frå folk) betre. Mulhaicen var forma meir eller mindre som ein haug så det var umogleg å vete kor langt det var igjen. Men med eit så hadde feitt, kjøtt og bein – godt hjulpe av karbohydrater – tatt dei fire menneska til den høgaste toppen i Spania (utanom ein vulkan på kanariøyane).
Eventyr i syden
oktober 15, 2008
Det var ein gang ein gutt som ville til syden. Han pakka det han trengde og la fatt på den lange ferda. Ferda tok ikkje lang til, og gratis var det for statens lånekasse betalte alt.
Det var ikkje lett og manøvrere seg i eit framandt land. Men etter langt og lenge fann han staden der han skulle bu. Han banka på og hilste høfleg på romkameraten sin, men inne i seg var han redd. Den nye romkameraten hans var nemleg eit troll. Utan klede på overkroppen kunne ein sjå skogen som vokste der. Avvisande verka han også. Trollet tok eit skritt fram slik at guten blei reint redd, medan han snakka så spyttet sto på det framande språket. Den veldige fingeren hans peika oppover. Han begynte å snakka høgare, senka augonbryna og begynte å vifte meir manisk med handa – stadig peikande oppover. Gutten lurte på om trollet kunne kjenne lukta av kristenmannsblod. Plutseleg kom det eit menneske gåande opp trappene, og guten kunne ikkje huske å ha vore så letta før. Den andre mannen virka ikkje redd for trollet, men sa noko til det på trollspråket. Mannen kunne oversetje frå trollspråket at guten sin leilighet var i etasjen ovanfor, ikkje her, for raude helsike.
Vel inne i den rette leiligheten var det ein kjekk ut og ein gal mann. Vannvettingen smila til stadighet, hadde blanke augo og mange bevegingar av armar og hovud som guten aldri før hadde sett. Han kunne f.eks. sitte med beina i kors som ei kvinne medan han vrei på hovudet som ei sjuk geit og haldt eit par underbukser i handa. I dusjen brukte han alltid meir enn 30min, og i vaskemaskina vaska han aldri meir enn tri plagg om gongen. Fyst lurte guten på om dette kunne vere ein damemann, men etter nermare betraktning av kroppsrykningar og sedvaner fann han ut at mannen berre var splitter pine gal. Dette var det fyste gale menneske han fekk sjå i Syden, men det blei ikkje det siste. Seinare måtte han blandt anna dele bustad med ei hengslete og uvanleg stygg 45 år gamle kvinne som hadde laange svarte hår under armane, alkoholproblemer og viste sin interesse for sex til ei grad som var uanstendig ovenfor kristlege mennesker (noko hu burde vete i og med at ho var religionslerar. Ho var religiøs på den måten at kroppen og anleted stivna viss nokon uttalte seg negativt om religion).
Fyste kvelden blei den kaldblodige guten full i syden. Han begynte å fekte med med visne palmeblader, klatre i på skilt og liknande. Nokre innfødte begynte å snakke til han på trollspråket. Han forstod ikkje, så han berre smilte og vinka tilbake. Men det falt ikkje i smak og så fekk han nok ein gong i sitt liv oppleve blind vald. Men om guten var full, så var han fortsatt smidig – om ikkje som ein katt så i alle fall meir enn trollungen som ville han ille. Etter at den lespande sydenværingen hadde slått den nye kjenningen hans og på ny sendte ein serie slag mot han sjølve så dukka guten og gidde så trollungen et dask (og kanskje to). Det var nok til å stokke han eit par sekund mens guten og kjenningen la på sprang. Flukten var i eit framand land, og dei flyktande kunne ikkje samanliknast med gaseller. Men det småfeite villsvinet klarte dei likevel å riste av seg, og så levde dei lykkeleg alle sine dagar i syden saman. Ikkje som partnerar vel og merke, men som vener. Men ingenting varer evig, og den nye vene måtte til slutt returnere til sitt rike (som eingang mest blei det 3.)
No er guten aleine i Syden. Han blir steikt av sola og svalt av Middelhavet kvar dag og han et tapas og ser på lespande damer i bikini. Og snipp snapp snute, så er byrjinga på eventyret ute.
Dette innlegget er skrevet for lenge sidan men gløymte å publisere…



