I ein leilighet i Spania

august 18, 2008

Er i ein leilighet i Spania. Har nettopp hatt ein siesta på 3 timar. Det har blitt litt lettare å sove nå, i byrjinga var det som å sova med feber: sveitt og ubeageleg. Ein av triksa eg brukte for å sove betre var å slutte å bruke sengeteppet av tjukk og klam poliester som dyne. Når eg utforska senga fann eg ei dyne som er tynnare enn noko laken ein finn i Norge.


Almuñecar er ein liten turistby. Eg har berre sett to andre blonde mennesker her, et teikn på at den får vera i fred frå nordeuropeiske turistar. Her er mest spanjolar og italienerar. Om vinteren er gjennomsnittstemperaturen 25 grader (sa i alle fall ein lerar på språkskulen). Når dei innfødte blir opplyst om at 5-10 minusgrader er normalt i Tromsø får dei som oftast store auger med et hint av avsky. Når eg videre fortell om mørketida slit dei med å skjule sin forbauselse over at menneske bur der.

 

Livet består av 3,5 timar på språkskule, siesta, strand og utforsking av lokal mat og drikke.

 

Sjølv om Middelhavet er eit lite dritthav samanlikna med atlanteren blir det relativt store bølger her. I går prøvde eg kroppsurfing. Ikkje ein ting å annbefale i grunn. I alle fall ikkje viss stranda består delvis av småstein. Men det var kjekt. Viss ein svømmer som ein vanvetting akkurat før bølga kjem så skyt ein fart og ”surfer” på den. Ein held då naturlegvis same fart som bølga (den kjekke delen) men stopper også like fort som den (den mindre kjekke delen). 

Spanjolar, i alle fall dei i Andaluica (Sør-Spania) har siesta mellom kl 2 og 5. Det er mest som ein religion her, alle butikkane stenger. På same tid er sola så sterk at ingen er på stranda (!). Då hersker det ro i Almuñecar. Der er kjedelig. Men eg er heldigvis tilpasningsdyktig og har begynt å ta siesta eg også. Eit par timar ro og skjønnhetssøvn for å ta igjen det som eg går glipp av om natta. Då er det nemleg Vino de verano (”sommervin”), tapas, hygge, velvære, og påbegynnende skrumplever som gjeld.

 

Det er eit treningssenter her i byen (eller ’landsbyen’ som mine medstudenter frå dei store byane i Europa kaller den), utan aircontition, og kor lite det nå enn fristar så skal eg ta meg ein tur der nå. Eg aktar ikkje å returnere til Norge som ein blautfeit og sydenbrun FRP-politikar. Eit treningssenter i Spania er ellers ikkje ulikt eit norskt eit. Alle som stirrer på deg for å sjå kor tungt skrot du klarer å løfte og går rundt med magen trukket inn, brystkassen blåst opp og armane hengande skrått ut frå sida av kroppen (for di dei ”er så sterke” at armane ikkje kan henge normalt).

 

Ha ein fin dag, kor enn du er i verden. Viss du ikkje har det fint så kan du kanskje trøste deg med at det har eg?

Legg att eit svar