I denne byen

august 18, 2008

Denne byen er ein merkeleg by. Den er i grunn hverken er ein by eller ein landsby. Det er kanskje mest av alt ein turistplass. Men med ein stor historie (som den nå i stor grad lever på). I tillegg til historiske slott, veneziske fiskeoppdrett (som er murt opp av stein), romerske akvedukter og arabiske palass finnes det mest ei mil med strender. Av ein eller aen grunn så kjem det ikkje FRP mennesker her. Det er stort sett spanjolar of andre latinskspråklege turistar å finne. Dei eineste som konkurrerer med blondt-hår-nisja mi er eit par engelskmenn. Dei er også dei einaste som kan konkurere med bleik-hud.

 

Eg har bleik hud til å vere normann. Men eg er ikkje unormal til å vere nordmann. Men det begynner å gå opp or meg kor unormalt det er å vere nordmann. Her i byen/turiststaden er det heldigvis ein pakkis som selger kebab. Han snakker engelsk, tysk og  spansk (i tillegg pakkistansk) og har ellers mange positive eigenskaper. Ikkje minst utrulig lange og mosomt stygge tenner. Me pleier å slå av ein liten prat når me møtes for å gjere forretningar (1 kebab og ein alhambra øl mot 40 kr). I går sa han etter ein liten snakkepause ”Norway….. The end of the world, right?”… Eg trudde fyst det var ein spøk, men det viste seg a vera eit alvorleg spørsmål. ”Yeah.. I guess it is. The only countries that are further north is maybe Russia, Canada and the States”. Verdens ende… Det er jo ein måte å sjå det på.

 

I går reiste min eineste venn i dette landet. Han skulle attende til Austerriket for å gjera seg feit. Han har ikkje eit gram feitt på kroppen og er konstant sulten. Når han er aleine klarer han ikkje å få i seg nok kalorier og nå var det kanskje på tide å oppsøke hjelp frå mor. Den beste beskrivelsen på denne guten er paa det engelske språket: ”a chiller”. Han går, snakker og ser ut som om han honstant er høg på hasjis. ”This sucks” ”That’s stupid” ”what ever” ”hr hr hr” og ”I’m going to the beach. You coming?” er omtrent alt han seier. Han har ikkje bevegt kroppen ein cm meir enn nødvendig og ikkje gjort noko anna enn å ete, sove, gå på skulen (3,5 timer pr dag) og ligge på stranda i løpet av den mådeden han har vore her. Jo forresten, drikke har han gjort. Han er ein jævel på å mikse drinker, noko som har innskrumpa mang ein lever i vår sosiale vennekrins. På torsdags kveld satt me på stranda og hadde med oss snacks, apelsinjus, annanasjus, cola, rom, vodka, bailies (eller korleis det no i helvete skrives), kaffilikør, wisky og fanden og hans oldermor og druer. Det endte i alle tilfeller opp med at Nikolaus dansa som ein vanvetting på ein bar. Han går på klassisk dansing og brukte grunnsteg derifrå til å danse ein slags psycho-mongo-dans til hip-hop musikk. HEILE dansegulvet slutta å danse for å se på. Heilt til han gjekk på do. Så kom han attende, utan å ha tatt til vet, og sa ”OUUUOOH!!” og dansa berre endå verre. Stakkaren trudde han var kul. Eg kan ikkje huske sist eg lo så mykje. Når me kom oss ut på gata igjen så fann han ein pakke full med sigarettar. Han spanderte på alle som var i nærheten og det medførte blant aent at me kom i kontakt med nokre baskerar (eit folkeslag i Nord-Spania som sprenger ting og mennesker i lufta då dei vil ha sjølvstendighet). Dei smilte og var meget alvorlege om kvarandre, og gjorde nazi-helsingar og sa at ’me er ikkje frå Spania’ ’Spania sug’ og ’Spania bom-bom (medan dei gestikulerte at dei skaut folk)’. ”Greit” sa eg. Så gjekk me heim.

 

No har altså Niko reist heim og eg sitt aleine i ein leilighet. Men eg har utsikt over middelhavet, mat i huset, krutt i posen og fri. Faktisk stod eg opp og skynta meg for å nå butikken før skulen begynte i dag, for å finne ut at det var stengt. Eg forbanna Spania høgt på norsk for å vere så ugudeleg udugelege at dei ikkje kunne opne butikkane før kl 11 om morgonen. Før eg fann ut at det var søndag og ikkje mandag og at ikkje eingong har skule i dag. Stranda kan eg ikkje gå på for eg er raud som ein ein kokt kardinal av havet. Tv forstår eg ikkje for det er på spansk. Internett har eg sjølvsagt ikkje (som er grunnen til at dett inlegget blir lagt ut i morgon). I leiligheten er det sikkert 35 grader. Eg er tom for snus. Hadde det ikkje vore for at eg er så sløv at eg ikkje har lyst til å gjere noko uansett så hadde eg stappa tommelen i kjeften, lagt meg i fosterstiling og grene som ein liten unge.

 

Adiosssssss

2 kommentarar til “I denne byen”

  1. Hei. Bare lurer, er du Eivind Moi, som i Eivind Moi Øytun Folkehøyskole 05-06 – Flyt? Jeg kan bare ikke kjenne deg igjen på bildet. Hilsen Anne-Therese (arktis i så tilfelle)

  2. eivindmoi sa

    Det stemmer det. Eg er Eivind Moi Eikje sjolve. Kossen havna du paa denna sidaa uten aa veta om an?
    Kossen staar det til med deg?
    Og naar me alikevel skriver til kvarandre: eg gaar paa skule med ein haug nederlendere.

Legg att eit svar