I denne byen

august 18, 2008

Denne byen er ein merkeleg by. Den er i grunn hverken er ein by eller ein landsby. Det er kanskje mest av alt ein turistplass. Men med ein stor historie (som den nå i stor grad lever på). I tillegg til historiske slott, veneziske fiskeoppdrett (som er murt opp av stein), romerske akvedukter og arabiske palass finnes det mest ei mil med strender. Av ein eller aen grunn så kjem det ikkje FRP mennesker her. Det er stort sett spanjolar of andre latinskspråklege turistar å finne. Dei eineste som konkurrerer med blondt-hår-nisja mi er eit par engelskmenn. Dei er også dei einaste som kan konkurere med bleik-hud.

 

Eg har bleik hud til å vere normann. Men eg er ikkje unormal til å vere nordmann. Men det begynner å gå opp or meg kor unormalt det er å vere nordmann. Her i byen/turiststaden er det heldigvis ein pakkis som selger kebab. Han snakker engelsk, tysk og  spansk (i tillegg pakkistansk) og har ellers mange positive eigenskaper. Ikkje minst utrulig lange og mosomt stygge tenner. Me pleier å slå av ein liten prat når me møtes for å gjere forretningar (1 kebab og ein alhambra øl mot 40 kr). I går sa han etter ein liten snakkepause ”Norway….. The end of the world, right?”… Eg trudde fyst det var ein spøk, men det viste seg a vera eit alvorleg spørsmål. ”Yeah.. I guess it is. The only countries that are further north is maybe Russia, Canada and the States”. Verdens ende… Det er jo ein måte å sjå det på.

 

I går reiste min eineste venn i dette landet. Han skulle attende til Austerriket for å gjera seg feit. Han har ikkje eit gram feitt på kroppen og er konstant sulten. Når han er aleine klarer han ikkje å få i seg nok kalorier og nå var det kanskje på tide å oppsøke hjelp frå mor. Den beste beskrivelsen på denne guten er paa det engelske språket: ”a chiller”. Han går, snakker og ser ut som om han honstant er høg på hasjis. ”This sucks” ”That’s stupid” ”what ever” ”hr hr hr” og ”I’m going to the beach. You coming?” er omtrent alt han seier. Han har ikkje bevegt kroppen ein cm meir enn nødvendig og ikkje gjort noko anna enn å ete, sove, gå på skulen (3,5 timer pr dag) og ligge på stranda i løpet av den mådeden han har vore her. Jo forresten, drikke har han gjort. Han er ein jævel på å mikse drinker, noko som har innskrumpa mang ein lever i vår sosiale vennekrins. På torsdags kveld satt me på stranda og hadde med oss snacks, apelsinjus, annanasjus, cola, rom, vodka, bailies (eller korleis det no i helvete skrives), kaffilikør, wisky og fanden og hans oldermor og druer. Det endte i alle tilfeller opp med at Nikolaus dansa som ein vanvetting på ein bar. Han går på klassisk dansing og brukte grunnsteg derifrå til å danse ein slags psycho-mongo-dans til hip-hop musikk. HEILE dansegulvet slutta å danse for å se på. Heilt til han gjekk på do. Så kom han attende, utan å ha tatt til vet, og sa ”OUUUOOH!!” og dansa berre endå verre. Stakkaren trudde han var kul. Eg kan ikkje huske sist eg lo så mykje. Når me kom oss ut på gata igjen så fann han ein pakke full med sigarettar. Han spanderte på alle som var i nærheten og det medførte blant aent at me kom i kontakt med nokre baskerar (eit folkeslag i Nord-Spania som sprenger ting og mennesker i lufta då dei vil ha sjølvstendighet). Dei smilte og var meget alvorlege om kvarandre, og gjorde nazi-helsingar og sa at ’me er ikkje frå Spania’ ’Spania sug’ og ’Spania bom-bom (medan dei gestikulerte at dei skaut folk)’. ”Greit” sa eg. Så gjekk me heim.

 

No har altså Niko reist heim og eg sitt aleine i ein leilighet. Men eg har utsikt over middelhavet, mat i huset, krutt i posen og fri. Faktisk stod eg opp og skynta meg for å nå butikken før skulen begynte i dag, for å finne ut at det var stengt. Eg forbanna Spania høgt på norsk for å vere så ugudeleg udugelege at dei ikkje kunne opne butikkane før kl 11 om morgonen. Før eg fann ut at det var søndag og ikkje mandag og at ikkje eingong har skule i dag. Stranda kan eg ikkje gå på for eg er raud som ein ein kokt kardinal av havet. Tv forstår eg ikkje for det er på spansk. Internett har eg sjølvsagt ikkje (som er grunnen til at dett inlegget blir lagt ut i morgon). I leiligheten er det sikkert 35 grader. Eg er tom for snus. Hadde det ikkje vore for at eg er så sløv at eg ikkje har lyst til å gjere noko uansett så hadde eg stappa tommelen i kjeften, lagt meg i fosterstiling og grene som ein liten unge.

 

Adiosssssss

I ein leilighet i Spania

august 18, 2008

Er i ein leilighet i Spania. Har nettopp hatt ein siesta på 3 timar. Det har blitt litt lettare å sove nå, i byrjinga var det som å sova med feber: sveitt og ubeageleg. Ein av triksa eg brukte for å sove betre var å slutte å bruke sengeteppet av tjukk og klam poliester som dyne. Når eg utforska senga fann eg ei dyne som er tynnare enn noko laken ein finn i Norge.


Almuñecar er ein liten turistby. Eg har berre sett to andre blonde mennesker her, et teikn på at den får vera i fred frå nordeuropeiske turistar. Her er mest spanjolar og italienerar. Om vinteren er gjennomsnittstemperaturen 25 grader (sa i alle fall ein lerar på språkskulen). Når dei innfødte blir opplyst om at 5-10 minusgrader er normalt i Tromsø får dei som oftast store auger med et hint av avsky. Når eg videre fortell om mørketida slit dei med å skjule sin forbauselse over at menneske bur der.

 

Livet består av 3,5 timar på språkskule, siesta, strand og utforsking av lokal mat og drikke.

 

Sjølv om Middelhavet er eit lite dritthav samanlikna med atlanteren blir det relativt store bølger her. I går prøvde eg kroppsurfing. Ikkje ein ting å annbefale i grunn. I alle fall ikkje viss stranda består delvis av småstein. Men det var kjekt. Viss ein svømmer som ein vanvetting akkurat før bølga kjem så skyt ein fart og ”surfer” på den. Ein held då naturlegvis same fart som bølga (den kjekke delen) men stopper også like fort som den (den mindre kjekke delen). 

Spanjolar, i alle fall dei i Andaluica (Sør-Spania) har siesta mellom kl 2 og 5. Det er mest som ein religion her, alle butikkane stenger. På same tid er sola så sterk at ingen er på stranda (!). Då hersker det ro i Almuñecar. Der er kjedelig. Men eg er heldigvis tilpasningsdyktig og har begynt å ta siesta eg også. Eit par timar ro og skjønnhetssøvn for å ta igjen det som eg går glipp av om natta. Då er det nemleg Vino de verano (”sommervin”), tapas, hygge, velvære, og påbegynnende skrumplever som gjeld.

 

Det er eit treningssenter her i byen (eller ’landsbyen’ som mine medstudenter frå dei store byane i Europa kaller den), utan aircontition, og kor lite det nå enn fristar så skal eg ta meg ein tur der nå. Eg aktar ikkje å returnere til Norge som ein blautfeit og sydenbrun FRP-politikar. Eit treningssenter i Spania er ellers ikkje ulikt eit norskt eit. Alle som stirrer på deg for å sjå kor tungt skrot du klarer å løfte og går rundt med magen trukket inn, brystkassen blåst opp og armane hengande skrått ut frå sida av kroppen (for di dei ”er så sterke” at armane ikkje kan henge normalt).

 

Ha ein fin dag, kor enn du er i verden. Viss du ikkje har det fint så kan du kanskje trøste deg med at det har eg?

Taekwondoo

august 1, 2008

Eg driv med kampsport og blir av den grunn av og til oppfatta som ein skummel jævel. Jævel? Ja, kanskje. Skummel? Nja. Her tenkte eg å leggje fram eit bevis for at det å ha dreve med kampsport ikkje nødvendigvis gjer ein til noko overmenneskleg.Taekwondoo, eller korleis den latterlige kampsorten nå staves, har eit beltesystem, der raudt er ca det tredje ein får. Denne mannen seier han har hatt raudt belte i 3 år, med dårleg skjult stolthet. Viss nokon hadde sagt det til deg med eit morskt ansikt på ein fest hadde du kanskje tenkt “oi, ein stykk galning her altså. Han må eg holda meg inne med, for viss me får bråk på byen så kan han bare sparke dei rett ner”. Viss dette hender deg så gjer meg ein teneste: le. Eg kan forresten spå. Viss den nemte situasjonen oppstår og du gjer opp ei imponert mine og seier “oi, då kan du vel banke dei fleste”, så lener han seg tilbake, klarer ikkje å tørke smilet av munnen og seier “Nåh, eg veit ikkje. Jajo, eg hadde vel kanskje tatt dei fleste”. AAAnyways, here is zhe movie:

Siste dag…

august 1, 2008

Dette er min siste dag i mit heimland. I morgon reiser eg til ein by full av muslimar, jødar, afrikanerar og søreuropeerar. Den har eit stort innslag av kjeltringar og fattige folk. Store slott og palass, temperaturar som sjeldan når under 30 grader… Eg skal til Granada, Spania.

Eg har enda ikkje pakka. Eg har derimot skaffa meg eit nødpass i dag, for passet var tusta vekk. Nødpass og  eit nytt pass kom på 900 kr. Det gjer vondt og ver dum (visdomsord frå USA).

På min tur til det kommunale kjøpesenteret gjekk eg også til innkjøp av to Bjørneboe bøker, ei reisebok om spania, lokal valuta og to boksar renati. Det er det eg, i tillegg til klede og litt turutstyr, trur eg treng å ha med meg. Eg skal leve som fant i to månader og lere meg spansk for stuteringa tar til. Då er det viktig å ikkje ta for mykje å bera på.

Til alle dykk som skal studere eller jobbe til hausten (den kalde sure og våte norske hausten): eg synes synd på dykk. Eg er rett og slett glad at eg ikkje er i dykkar sko. Norge er bra det, men kan det konkurrere med sol og grønne skogar, slaraffenliv, billig alkohol og Saerra Nevada med eit skitstort skianlegg til vinteren som berre er 30 min unna? “You’re beuty is beond compare, with ivory skin and barbain hair and eyes of emerald green. I can not compete with you Jolene”. Norge har vel som sagt et par ess i ermet, heimlandet mitt er ikkje for katten. Men all the same. Granada: no er det oss. Med ei flaske vin og litt tapas i sommarsola så skal me nok få det koseleg.

Ha det bra så lenge! Dei fleste av mine venner er innviterte til å komme på vitjing. Til kompisane så kan eg friste med señoritas og cervesa, til mine veninner kan eg friste med meg og vin.