Uteliv

juli 17, 2008

Nå sitter eg hjå ein gammal kjenning. Hans navn: Mustafa. Han jobber i utelivsbransjen. Det gjer fordeler og ulemper. Fordelen er at me kan sitte på ein utestad etter at det har stengt og drikke gratis øl. Bakdelen er at dagen derpå er hård.

Metallicagjengen har endå ikkje blitt gamle. Dei tok gitarane og knulla meg i beggje øyrene samtidig. I to timar til ende. Det var MMMMmmmmmmmmmoms moms! Men øyrene er litt såre i dag.

22 000 mennseske med langt hår og svarte t-shorter inntok Bergen by i går. Dei var stort sett irriterande. På konserten prøvde mange å plage alle andre så mykje dei kunne. Dette ved å presse, skubbe, tråkke, pisse, klype og slå. At eg sjølve ikkje gjorde det siste er eit mirakel. Rockemusikk: OK+. Rockerar: OK-.

… Metallica gives you heavy baby!!”

 

I Bergen vettu, der komme Metallica. I morgon. Dei er på ”Sick of studio tour”.  Kven skal å sjå på dei? I kven si taska kjem det til å riste i om omtrent 24 timar? Kven kjem til å gråte ein skvett under ”Fade to black”? Tja… Sei det. Eg veit i alle fall om ein, som om ikkje himmelen dett ner, skal.

 

Eg undrast på mange ting her i verda. Blandt anna korleis det nye albumet til Matallica kjem til å høyrast ut. Kjem det til å knulla i øyrene mine? Eller blir det et bevis på at heltane har blitt gamle? Er er optimistisk. Dei påstår sjølve at det nye albumet kjem til å likne på dei som kom før ”Load”-albumet.  I så fall blir det som Danish-girl seier: ”Moms moms”.

 

Ellers har eg funne ut kva eg er redd for. Flytande metall. Eg har jobba på eit smelteverk. Der var det svære mengder flytande alluminium. Men det blei handtert av hjullasterar med verktøy på enden av ein ein 8 meter lang metallstav. Nyleg, faktisk for 4 minuttar sidan, såg på discovery channel ein som jobber med smelta stål. Han holdt eit kosteskaftliknande reidskap og gjorde same jobben. Det flytande metallet holdt 2400 grader. På armen hadde han eit brannsår frå ein drope som hadde spruta på han veka før. I andletet hadde han eit anna brannsår, som han hadde fått på same måte forrige dag. På spørsmål om det gjorde vondt svarte han at ja, det gjorde det. Det kjentes som om huden blei frittyrsteikt. Eg er redd for andre ting også, men når eg såg det opplegget det fekk eg frysningar på hjernen. Gje meg heller ein kvithai eller ein pscyko knivmordar med kniv enn den jobben der.

Amerikanerar…

juli 11, 2008

… er noko av det verste eg veit. For eit par dagar sidan henta eg eit par av desse jorda sine øydeleggjerar på flyplassen. Eg budde eit år hjå dei i MIchigan for lenge sidan. Me ringtes relativt ofte rett etter eg returnerte til heimlandet. Så blei det sjeldnare. Etter kvart blei det berre nokre mailar i halvåret. Dei siste åra har er kanskje hatt kontakt med dei eit par gonger. Så plutseleg får eg beskjed. “Hello Ivan. We are coming over in juli.” Ok. Greit. Men… Kva skal eg snakka med dei om då? Eg var forvirra. Eg verken gleda meg eller grua meg til dei skulle komme. Snarare tvert i mot.

I løpet av køyreturen frå luthavna så blei tonen ganske lik den frå lenge sidan. Eller lenge og lenge, for nokon som er eit halvt århundre gammal er ikkje 6 år så lenge, men for et lite kje som meg så er det desse tinga fjernt. Dei hendte i den tida rett etter Bill Clinton var landshøding i The US. Det var før onskapens akse,  anthrax, toalettsaker  og alle dei andre åndsvake trusslane mot verdensordenen blei oppdaga. Me knirka oss i gang gjenom formelle og keisamme spørsmål om barnebarn og anna familie, og så var me i gang. Me snakka skit. My favourite kind of social intercourse. Me snakka altså om ingenting. Til å med amerikanerar kan vere uthaldelege. Det er flaut å tenke på, men medan eg budde der, så syntes eg folk var heilt greie, sånn jamnt over. Dei snakka aldri om politikk eller historie, så ein såg sjeldan kor dumme dei er. I Norge så snakkar alle om politikk og då ser ein gjerne kor dumme dei er. Men uansett, skitsnakk er kanskje Tellus sitt felles språk. Ein finn vel neppe nokon, som vel å verke er verdt å vere med, som ikkje forstår skitsnakk.

I dag sa eg “Good bye!”. No skal me reise våre separate vegar. Dei til Michigan: land of the sand dunes, sandy beaches and big cars. Eg (blir her ei stund før eg) skal til Essspania, el lande del cervesssa, sol y señoritas. Eg foretrekk Spania. I Amerika snakkar dei for mykje, sjølv for meg.

Eg har ferie. Rutiner finnes ikkje. “Livet, døden, kroppshår og havet” går ikkje sin kjente gang. Eg likar et ikkje, men slik er det altså. Det kjem vel ein post no og då, men det er ikkje det same som før. Plutseleg, før ein veit ordet av det, så kan postane komme med dei gode gamle 2-dagars mellomromma. Inntil då kan du anten grine, blir sint, slutte å besøke sida eller ta deg ei bolle, men ingenting hjelp. Sida lev sitt eige liv, i tett symbiose med mit. Eg har ikkje noko styr på mitt liv, noko som fylgjeleg gjer at denne sida blir ustyrleg.

Ferie er berre arbeid på ein annan måte, sa bestefaren min. Han var bonde og eg veit ikkje når han fekk ferie, kva han gjorde då og om han i det heile tatt hadde ferie. Han reiste i alle fall ikkje til syden. Min livssituasjon er meget forskjelleg frå bestefar sin. I staden for å drive ein gard, utan traktor, så driver eg rundt. Eg studerer, med alt det inneberer av sitting og kaffipausar og seine morgenar. Eg får ikkje godt i hjarta når eg samanlikner meg med bestefar. No har eg ferie. Det har eg hatt i to veker allereie, men no har eg ein slik type ferie som eg ikkje har hatt sidan eg var 14 år. Eg har ingenting å gjera. Dvs, moglegheitene er mange. Men eg planlegg ingenting. Berre står opp og ser kva eg føler for. Eg får litt vondt i hjarta når eg ser på andre folk som jobber. Søstera mi står opp mest før eg legg meg, malker på ein gard eit par timar, jobber så ein vanleg arbeidsdag i teknisk etat og så malker ho den andre økta. Faren min tar det relativt piano no om sommaren, men til gjengjeld må polakken stå på. I dag var det 44 grader i sola og Martin, som han heiter, sto i solsteiken å laga gjerder (medan far er på Skudefestivalen). Dette bringer oss på sett og vis til ein “ny slavetid” diskusjon. Som kanskje er reell. Men me har ikkje lenker på polakken vår, som forøvrig er frå Litauen, eg lover! Han får til og med ferie 3/5 av året. “What do you do when you are home?” spurte eg Martin i går. “I sleep” sa han. 3/5 av året… Jaja. På bunnen er me alle like. Me søv alle når me kan. 

Eg for min “søv” her på datamaskina. Helst fordi eg er for solbrendt til å vere ute å sløve i sola. Dagane går. Viss du har noko som skal gjerast må du for all del ikkje ta dette som eit signal på at eg er klar for å hjelpe! Eg vil berre nyte min firhet. Kjem eg innom hjelp eg sjølvsagt til. Men ikkje faen om eg lar meg bestille. Eg skal vere fri som fuglen, leve i pakt med sjela og remain untamed no i ei veke. Leve som ein narkis, berre utan å vere høg. Eg gidder nemleg ikkje ein gong å drikke. Eg orker ikkje tanken på kor slitsomt det er å vere fullesjuk.

Adjø, Nord-Norge

juli 4, 2008

Nord-Norge, ha det bra så lenge. Som avskjedsselskap har me, eg og Nord-Norge, kost oss i lag. I 9 dagar har me omfavna kvarandre ved Sørøya og ved Sømmarøy. Me grein til og med litt i lag. Nord-Norge ved å plutseleg komme med mørke skyer over horisonten og sleppe regn over leiren vår mens me var på ein fjelltopp (og sjølvsagt ikkje hadde pakka inn sakene) , og eg når eg kom tilbake og såg at alt var vått.

På Sørøya var det renunion for klassen min på Øytun Folkehøgskule: “flyt”. Surfebrett, fjellsko, fiskestenger og gamle kjenningar sikra ei småfrekk oppleving. Me sov i holer, akkurat som steinalderfolk. Det var heilt greit. Fuktig og med gjennomtrekk. Klerne blei berre endå våtare en kva dei var frå før av når me tørka dei. I taket hang det store steinblokker som var i ferd med å dette ner. Det var ikkje hygge og velvære over det heile der inne, men til gjenngjeld sov me ikkje noko særleg. Sola gjekk aldri ner og som ein eller annan sa: du skal ikkje sove vekk sumarnatta, ho er for ljos til det. Den nest siste setninga var forøvrig ein løgn, sjølv om den satte meg og mine venner i eit godt lys. Me sov rundt 12 timar kvart døgn.   Ein annan poet som eg har vore litt på turar med skreiv følgande i ein jobbsøknad til turistforeninga om tur-året hans: “Det har vore fisketurar med meir bål enn fisk, bålturar med meir regn enn bål, klatreturar på fleire taulengder som kan minne meir om buldring og jaktturar som minna meir om klatring enn om jakt”. Dette kan vere beskrivande for resten av mitt turår, som til tider har minna meir om eit uår, men ikkje denne forsommaren. Merk: forsommar i Tromsø er høgsommar i Sør-Norge. Trea får på dei mest ukristelege stadane ikkje blad før Sangt Hans.

Her følger eit bilde av John, gammal fallskjermjeger (= respekt), og lerar i Flytklassen. Ein kjernekar. Her har du han med brystvortene, som vanleg, fullt synlege gjennom genseren.

Så bar det til Sommarøy (på Kvaløya) der me padla omkring, fiska og svetta i fjellsko. Høgdepuntet var fiskesuppe med eigenfiska fisk ved tidenes leirstad. Utanom den nevnte tårevåte opplevinga så var det ein einaste lang solskinnsdag. Solbrente i ansikte køyrde me heim.

No sitt eg på ei relativt øde øy, min heimstad på sørveslandet, og har klart å blitt solbrent på resten av kroppen også. Eg savnar allereie Nord-Norge. Men folk, fe og natur er tiltalande også her.

No får du ynnskylde meg medan eg tar på meg gummistøvlane og ser til sauene.