Dyr
juni 18, 2008
Tradisjonell norsk oppfatning er at dyr er dyr og mennesker er mennesker.
Er det større forskjell på eit menneske og ein gorilla enn på ein gorilla og ei mus? Eller ein gorilla og ei flatlus? For ikkje å snakke om eit eincella dyr – tøffeldyret eller malaria-protozoen (tradisjonen tru gidder eg ikkje å sjekke om malaria verkeleg skyldes ein protozo. Men eg meiner å huske at det er det) for eksempel. Det er ikkje det i følge genetikken. Og ikkje i følge normal intelligens heller. Ikkje eingong i følge unormal liten intelligens er ein gorilla meir lik på ein protozo enn på deg: viss du trener ein urangutang til å alltid peike på dei to tinga som likner mest på kvarandre når den får presentert tri ting, sorry mack: då peiker han på deg og gorillaen. Ikkje teikninga av ein ein eincella ball. Det blir enda verre enn medlemmet av den fundamentalistisk frikjerka som meiner det er meir forskjell frå ingen øl til ei øl enn på ei øl og ein brukerdose heroin.
Aristoteles kunne mange ting. Blandt anna biologi. Eller kunne og kunne, det meste han fann ut om biologi var jo feil. Men det var ikkje før over tusen år seinare me fann ut av det. Men synet hans om dyr som maskinar utan sjel, det henger igjen.

Nitzhe sa: “Eg frykter at mennesker er et folk som på skremmande måte har mista dyreforstanden sin”. Dette er, i lag med mykje av det andre han sa, ikkje akseptert som sant, men ganske så sant likevel.
Eg har vore (les: sosial omgang, ikkje seksuell) med ein del dyr. Ein merker at dei har eigne personleghetar. Og alle tinga som er så “menneskleg” dei kan ein sjå hjå dyr (elefantar som besøker daude elefantar, gledesskrikande sjimpansar, sjalu hundar, sjimpansar som jaktar på ensomme offer og som smisker med den dei trur skal bli den nye sjefen. Selar som prøver å ver tøffe. Dei som har hatt noko med dyr, kanskje utanom husdyr (dei er avla fram til å bli heilt spessielle), å gjere veit at dei ikkje berre er maskinar.
Nyleg såg eg Schindlers liste. Dei jødiske damene som var skamklipte og blei jaga gjennom Auswitz av piskar og snerrande hundar såg i grunn ganske dyriske ut. Augo var fulle av panikk. Hadde eg jobba der, i min velstelte tyskeruniform og aldri sett jødar i andre situasjonar, så hadde eg nok ikkje tvilt på at jødar var ündermench. Ei nordnorsk venninde av meg sa ein gong at reinsdyr ikkje hadde sjel: det kunne ein sjå i dei tomme augo deira. Vidare oppførte dei seg så dei så ‘tosje’ når dei kom inn i byen at dei ikkje kunne ha noko intelligens heller. Dei reindyra hu hadde sett var individ som hadde forvilla seg frå vidda og inn i byen hennar (som forøvrig er ein avstand på 500 m). Eg har sett reinsdyr i sitt naturlege habitat og i eit relativt naturleg habitat (ei innhegning). Her verka dyra riktig så intelligente. Og i dei augo der var det ein sjel, like sikkert som at mora mi har det. Men ein skal ikkje jage dei mykje rundt om i f.eks. ein låve før dei ser heilt fjerne ut. Jødar har eg aldri sett, men eg går ut i frå at det same gjeld desse.

Om 42 timar har eg sommarferie!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Der fekk eg kriblingar i magen, når eg tenkte på det. Nå derimot er det berre å guffe opp volumet på Vestlandsfanden og studere fluelarvar. Kos deg der du er i verden. Viss du trur du har det felt så har du kanskje det. Men då er me to.
