Kunst

juni 13, 2008

Eg meldte meg nett inn i ei facebookgruppe som prøver å stoppe ein kunstutstilling. Gruppa heiter “STOP THIS “ARTIST”!!! THIS MAN IS A MONSTER”. Guillermo Vargas Habacuc, kunstnaren som dei er så sinte på, hadde same installasjon i fjor. I år har han blitt innvitert til”Visual Arts Biennial of the Central American” for å gjennta suksessen. Konseptet er kunstnerisk på ein tradisjonell måte. Provoserande, originalt og uventa. Guillermo fanga ein laushund og bandt han fast inne på utstillinga. Her fekk den ikkje mat. Etterkvart blei den sløv, og dette gav eit fint inntrykk av eit eller anna som dei besøkande kunne nyte. Skiltet over installasjonen var laga av hundemat, utafor rekkevidde for hunden.

Eg har ikkje gjort noko undersøkingar om dette stemmer. Men viss det gjer det så provoserer meg det inn til ryggmargen. Pine eit dyr er sjukt. Pine det på denne måten er sadistisk. Å kalle det kunst og vise det offentleg er perverst.

Her er eit anna trist eksempel på eit dyr i fangenskap. Eg tipper du ikkje ler av denne filmen:

 

Legg att eit svar