“Ble du kåt nå?”
juni 19, 2008
FEERIIIE!!!
I morgen er eg for full til å skrive eit innlegg. Derfor har eg gjort eit klart dagen før. Viss eg skulle finne på å skrive eit innlegg i alkoholisert gledesrus så ikkje les det. Eg kommer til å slette det så snart eg blir edru igjen. Ingenting som står der er sant eller skrevet av meg.
Her kjem ei lita forteljing.
Guten kom frå Ås. Heimbygda til den berykta Are Moe: ein av dei få gjenlevanda individa av den trua ablegøyearten. Han (guten) hadde fått mopedlappen og var ute og råna. Langs vegen gjekk det ei rips. Guttebassen køyrde opp ved sida av ho og rusa mopeden sin. Vrom, vromvromVROOOM! Så tar han opp visiret og spøyr: “Ble du kåt nå?”
![]()
Dette sitatet har sjølvsagt inspirert både meg og Are i kvardagen. Her ein dagen heiv eg nokre vannibller på ei i klassa. Ho overreagerte og blei sint, det kunne eg sjå siden ho ikkje sa noko medan ho gav meg eit skarpt blikk. “Blei du kåt nå?” glapp det troskyldig ut av meg. Då var det ikkje tvil om at ho var sint lenger.
Nyt veret viss du er i utlandet! Viss du er i Norge, tenk at det kunne vore verre: du kunne ha vore i Nord Norge. Viss du er i Nord Norge og ikkje kjem deg vekk så har du mine største medfølelsar (i alle fall viss du ikkje har vet til å misbruke/bruke naturen)
Dyr
juni 18, 2008
Tradisjonell norsk oppfatning er at dyr er dyr og mennesker er mennesker.
Er det større forskjell på eit menneske og ein gorilla enn på ein gorilla og ei mus? Eller ein gorilla og ei flatlus? For ikkje å snakke om eit eincella dyr – tøffeldyret eller malaria-protozoen (tradisjonen tru gidder eg ikkje å sjekke om malaria verkeleg skyldes ein protozo. Men eg meiner å huske at det er det) for eksempel. Det er ikkje det i følge genetikken. Og ikkje i følge normal intelligens heller. Ikkje eingong i følge unormal liten intelligens er ein gorilla meir lik på ein protozo enn på deg: viss du trener ein urangutang til å alltid peike på dei to tinga som likner mest på kvarandre når den får presentert tri ting, sorry mack: då peiker han på deg og gorillaen. Ikkje teikninga av ein ein eincella ball. Det blir enda verre enn medlemmet av den fundamentalistisk frikjerka som meiner det er meir forskjell frå ingen øl til ei øl enn på ei øl og ein brukerdose heroin.
Aristoteles kunne mange ting. Blandt anna biologi. Eller kunne og kunne, det meste han fann ut om biologi var jo feil. Men det var ikkje før over tusen år seinare me fann ut av det. Men synet hans om dyr som maskinar utan sjel, det henger igjen.

Nitzhe sa: “Eg frykter at mennesker er et folk som på skremmande måte har mista dyreforstanden sin”. Dette er, i lag med mykje av det andre han sa, ikkje akseptert som sant, men ganske så sant likevel.
Eg har vore (les: sosial omgang, ikkje seksuell) med ein del dyr. Ein merker at dei har eigne personleghetar. Og alle tinga som er så “menneskleg” dei kan ein sjå hjå dyr (elefantar som besøker daude elefantar, gledesskrikande sjimpansar, sjalu hundar, sjimpansar som jaktar på ensomme offer og som smisker med den dei trur skal bli den nye sjefen. Selar som prøver å ver tøffe. Dei som har hatt noko med dyr, kanskje utanom husdyr (dei er avla fram til å bli heilt spessielle), å gjere veit at dei ikkje berre er maskinar.
Nyleg såg eg Schindlers liste. Dei jødiske damene som var skamklipte og blei jaga gjennom Auswitz av piskar og snerrande hundar såg i grunn ganske dyriske ut. Augo var fulle av panikk. Hadde eg jobba der, i min velstelte tyskeruniform og aldri sett jødar i andre situasjonar, så hadde eg nok ikkje tvilt på at jødar var ündermench. Ei nordnorsk venninde av meg sa ein gong at reinsdyr ikkje hadde sjel: det kunne ein sjå i dei tomme augo deira. Vidare oppførte dei seg så dei så ‘tosje’ når dei kom inn i byen at dei ikkje kunne ha noko intelligens heller. Dei reindyra hu hadde sett var individ som hadde forvilla seg frå vidda og inn i byen hennar (som forøvrig er ein avstand på 500 m). Eg har sett reinsdyr i sitt naturlege habitat og i eit relativt naturleg habitat (ei innhegning). Her verka dyra riktig så intelligente. Og i dei augo der var det ein sjel, like sikkert som at mora mi har det. Men ein skal ikkje jage dei mykje rundt om i f.eks. ein låve før dei ser heilt fjerne ut. Jødar har eg aldri sett, men eg går ut i frå at det same gjeld desse.

Om 42 timar har eg sommarferie!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Der fekk eg kriblingar i magen, når eg tenkte på det. Nå derimot er det berre å guffe opp volumet på Vestlandsfanden og studere fluelarvar. Kos deg der du er i verden. Viss du trur du har det felt så har du kanskje det. Men då er me to.
Michael Moore
juni 16, 2008
Michael Moore er ein morosam fyr, med smarte og alvorlege undertonar. I denne filmen har han det gøy saman med negrar i New York. Han får alle til å levere inn dei svarte lommebøkene sine mot nye orange slik at politiet ikkje skal forveksle dei med pistolar. Noko som visstnok har medført skadeskyting av mang ein afro-afrikaner.
No skal det seiast at negrar også kan vere ganske uforsiktige. Her snakkar ein tøff politimann til ein skuleklasse om kor farlege våpen er. Han holder opp ein pistol og seier “I’m the only on in this room that is professional, that I know of, to carry this gun” *BANG*. Så skyter han seg sjølv.
For ikkje å snakke om damer…
Nei takke seg til i Norge. Her går ikkje politiet med våpen. Sjøl meg, så udugeleg som eg er, kunne ha vore pollti her… Som Michael Moore seier: “Is this some distant faraway planet? No, It’s Norway”. I følgande snutt priser han Norge ganske bokstaveleg talt opp i Himmelen.
Snutten er naturlegvis særs overdreven. Men han Michael har likevel eit poeng, som me som bur her ikkje tenkjer så mykje over. Me lev i eit annleis land. Ganske annleis frå dei fleste andre land som finnes i dag, og veldig forskjelleg frå slik det var “før i tiå”. Betre? Tja, kven veit. På mange måtar er det det. Men me har også ’svere’ hengemagar, mykje stress og lite kontakt med familie. Og kanskje mindre gøy? Blei dette eit filosofisk spørsmål? Det er i seg sjølve eit filosofisk spørsmål, så det er det vanskeleg å svare på. Det glapp eg tråden, god kveld.
Won’t get fooled again
juni 14, 2008
I dag skal eg lage historie. Eg skal skrive tidenes kortaste post på Livet, døden, kroppshår og havet.
“I won’t get fooled again” av The Who. Høyr på denne og magesekken byrjar å hoppe opp og ner synkront med trommehinna. Visstnok er dei gamle, daue for alt eg veit, men dra meg i flettå som dei speler musikk!
Kunst
juni 13, 2008
Eg meldte meg nett inn i ei facebookgruppe som prøver å stoppe ein kunstutstilling. Gruppa heiter “STOP THIS “ARTIST”!!! THIS MAN IS A MONSTER”. Guillermo Vargas Habacuc, kunstnaren som dei er så sinte på, hadde same installasjon i fjor. I år har han blitt innvitert til”Visual Arts Biennial of the Central American” for å gjennta suksessen. Konseptet er kunstnerisk på ein tradisjonell måte. Provoserande, originalt og uventa. Guillermo fanga ein laushund og bandt han fast inne på utstillinga. Her fekk den ikkje mat. Etterkvart blei den sløv, og dette gav eit fint inntrykk av eit eller anna som dei besøkande kunne nyte. Skiltet over installasjonen var laga av hundemat, utafor rekkevidde for hunden.
Eg har ikkje gjort noko undersøkingar om dette stemmer. Men viss det gjer det så provoserer meg det inn til ryggmargen. Pine eit dyr er sjukt. Pine det på denne måten er sadistisk. Å kalle det kunst og vise det offentleg er perverst.
Her er eit anna trist eksempel på eit dyr i fangenskap. Eg tipper du ikkje ler av denne filmen:
I Finnmark
juni 11, 2008
Nå er eg attende i frå Finnmark. Norges ende. Eg og resten av klassa mi har reist langs Finnmarkskysten med “Jan Mayen”, UiT sin forskningsbåt, og så var me i Passvik. Dette tok 9 dagar. Der er sjeldan eg har hatt det så gøy. Til tross for snø kvar dag og nakne finnmarkingar som skeit frå tre medan me var i Passvik.
Kysten langs Aust-Finnmark er meg nå eit forpint stykke Norge. Me undrast på korleis folk kunne bu her. Og ikkje minst korleis dei klarte seg for 50-100 år sidan? I eit helvetes ver som kjem med Nordpolen-ekspressen og ei kulde som tar livet av alle som sovner på veg heim frå fylla. Det finnes ikkje tre så kor dei budde eller korles dei kokte kaffi forstår eg ikkje. Men ombord på Jan-Mayen var det fint. Me fann mange spanande dyr nere i sjøen. Kvar dag fekk me tri varme måltider, to dessertar, to gonger kaker og kaffi samt kvelds. Sommarkroppen gjekk til helvete medan humøret gjekk til himmels. Det var mykje å gjere. Artsbestemming, rapportskriving og eting var så energikrevande at me ikkje tok ein einaste styrt av laspriten. Men arbeidet var kjekt, så det var greit.
Når me kom så langt aust som ein kan komme i Norge så gjekk me sørover eit stykke. Då kom me til Kirkenes. Her vågde me oss i land. Det var ein fin by i grunn. Dei infødde var hyggelege og rake i ryggen. Alle skilta stod på norsk og russisk. Me lurte på om me skulle prøve å bytte til oss tørrfisk og bjørneskinn mot bordsalt og fyrstikker. Men me torde ikkje i frykt for at dei skulle ete oss opp.
Når me kjørte innover i landet kom det fyst nokre bjørk og så kom pigede meg fora: me var i Passvik nasjonalpark. Ein fantastisk stad. Bisamrottas rike. Der elgen er feit og sauene er åtne opp av bjørn. Her var det lappfiskender og brushanar, aure, abbor og kjempegjedder. Haren låg strødde langs vegkantane, Mikkel Rev slepte vomma si langs den kvite stripa med trevler av roadkill mellom tenna. Me var der ein biolog vil vere.

Medan resten av klassa samla inn insektslarvar og dritt i vatna rundt omkring, nytta eg tida til å ta igjen tapt søvn. Eg kunne sove i bilen på veg til lokaliteten, medan me var på lokaliteten (det var berre å gå litt vekk frå dei andre, og legge seg ner å snorke i lyngen. Eg hadde nemlig klart å skaffe med ein slik overlevningsdress, inne i der var det varmt og godt) og medan dei andre analyserte det me hadde funne på lokaliteten.
Når me var ferdige med desse småkrypa skulle me sjå på fisk og fugl. Det var kjekkare. Me hadde med oss ein galning fra Arendal som hadde budd der oppe i 20 år. Ein skikkeleg biolog som hadde jobba med sel og kval og bjørn og kunne alt om fugl, planter, geologi og alkohol. Han var så engasjert at han sikla når han snakka. Og han snakka. Der han ikkje kunne svare der dikta han opp eit svar. Når han såg ein sjeldan fugl fekk han ei tåre i augekroken og når han såg noko på fire bein med kjøtt på så måtte me halde han fast inne i bilen så han ikkje skulle skyte det. Paul, som han heiter, tok oss med på fuglekikking på Passvikelva. Midt i denne elva går grensa til Russland. Paul nerma seg skummelt denne denne grensa medan han tenkte på lappfiskand eller kanskje hekken til ein gammal flamme. Politiet blei sendt ut. Heldigvis var han ein gammal kjenning av politiet, og når dei såg at me nerma oss kristent land igjen så gidda dei ikkje eingong å vente til me kom attende. Dei berre snakka strengt til dei som stod på land, satte seg i bilen og reiste attende til politistasjonen. Som forøvrig besto av ein garasje, ein lafta enebolig og eit stabbur midt i skogen, heilt sant!
Forøvrig så har eg ein danske i klassen som kan drikke øl og gå på line samtidig.
Danish Girl
juni 1, 2008
Selskapet mitt på lesesalen er blandt anna Are. Forhenværende dag så gjekk han frå plassen sin for å ete i kantina. Eg for min del skulle heim. Før eg gjekk satte eg på ein film på pc-en hans. Eg fekk ein 4-meldings melding same kveld. Eg ante uro for eg har aldri fått meir enn ei setning om gongen på SMS frå han før.
Det kom fram av meldinga at når han kom attende frå etinga så hadde det samla seg ein flokk med skuelystne mennesker rundt plassen hans. Det dei såg på var http://video.xnxx.com/video6997/Danish_Girl_Gets_Fucked_By_A_Black_Stud.
Etter at temperamentet hadde roa seg fortalde han korleis han hadde rodd seg ut av denne pinlege situasjonen. Snartenkt som ein tater stilte han saman med dei andre og gav seg til å le med. Etter ei stund måtte han imidlertid seie “ja, nå kan dere gå”.
Dette høres kanskje ondt ut få mi side. Det var det naturlegvis også. Eg beklager Are. Sjå lyst på det, om tri år så er det ingen på universitetet i Tromsø så husker denne episoden lenger.
PS: Viss det er noko du som lesar føler for å kritisere, utdjupe eller noko slik så er det gøy om du skriv ‘comments’.






