Norge er verdas nest største eksportør av sjømat (etter Kina). 3,1 millionar tonn med fisk kjem frå oppdrett og fiske kvart år. Ola og Kari liker ikkje fisk, så me eksporterer mesteparten av dette. Tar ein å laster denne fisken på trailerar og sett dei etter kvarandre, støtfangar til støtfangar, så når dei frå Nordkapp til Lindesnes. Martinussen, ein av medlemma i kollektivet mitt, har rekna ut at viss ein fyller denne fisken på melkekartongar og legg desse etter kvarandre så når dei 17 gonger rundt ekvator. Dette er nok til å mette ein sulten kjeft og to.

Videre er me verdas tredje største eksportør av olje (etter Saudi-Arabia og Russland). Dette er nok til å fylle opp ein merce og to.

Norge tener så mange penger at me ikkje kan bruke alle for då blir inflasjonen for høg. Me kan produsere nok mat til mange gonger Norges befolkning. Frå me ser lys for fyste gong til det blir evig mørkt så er me sikra medisinsk behandling, penger til mat, bolig og ellers alle primærbehov. Alle har like stor rett og moglegheit til utdanning. Maten i Norge er den billegaste i Europa i forhald til inntekt. Også når det gjeld bensinprisar så er me blandt dei heldigaste i verda i forhald til inntekt.

Og høyrer ein gnål? Ja det er vel ikkje eit folk som klager mei enn nordmenn. Det er greit å klage på ugudelege byråkratar som ikkje gjer den jobben som dei er betalt til. Eller urettferdig behandling av eit slag. Det er ikkje greit å klage over veiavgift. Det er ikkje greit å klage over høge matprisar, sjølv om “beconterrningar” kostar mindre i Sverige. Jævla syting. Korleis kan det folket som har den materielt beste situasjonen gjennom menneskas historie klage så mykje over det materielle?

Om nokon no ikkje har råd til å kjøre akkurat så mykje så dei ønsker, er det ein skam? Noko å felle ei tåre over? Ver vennleg å ikkje del sytinga di med meg i alle fall. Då kjører eg hestpeisen i ræva di og fyller bensin i holet. Du skal sleppe å betale for bensinen. Men eg er ikkje gratis. Du skal få betale med 90% av inntekta di. Så kan du leve eit liv slik eit gjenomsnittleg menneske, din kunnskapslause, hovne, synes-synd-på-seg-sjølve blære med altfor lite interesser.

Legg att eit svar