Eksamenslesing
mai 24, 2008
Å lese til eksamen er ikkje berre berre. Magen held på å sprenge av all kaffien, eg skit knekk. Hovudet verker, eg får kreft i ræva og min “normale” mentaltilsand blir generelt forringa.
Då er det ein ting å gjere: komme seg inn i naturen.
Det hender rett som det er at eg tenkjer: kvifor er eg i Tromsø? Verdas nordlegaste universitet. Kaldt og mørkt og felt. Fundamentale manglar florerer: det er ikkje sjenking på universitetsområdet, damene kler ikkje av seg før etter at skuleåret er slutt osv.
Så kommer ein seg ut på ein tur, og så forstår ein. Det går ikkje an å flytte herfrå. Naturen er så fin, moglegheitane så mange. Det er ikkje lange turen ein skal køyre før ein kjem vekk frå siviliserte folk. Så kan ein padle, gå på ski og bein, sjå på dyr eller skyte dei i hovudet. Sveitten pipler nedover panna. Eg har ikkje sjekka det opp, men eg trur det er slik at det er negative tankar i desse sveittedropane. Dei blir pressa ut frå hovudet, og drypp ner på bakken.
Når ein kjem attende til skulearbeid og liknande så begynner det sakte men sikkert å byggje seg opp igjen med dårleg stemning inne i hovudet. Men det tar litt tid.

