Den europeiske tamsauen
mai 23, 2008
Ein skulle kanskje tru at me europeerar er smartare enn alle slags andre utysker som er å finne. Me har tross alt kolonisert heile verda og utrydda halve. Eg studerer bilogi og har ei grundig innføring i darwinisme. No skal eg samanlikne folkeslag ved hjelp av sosialdarwinisme.
Utvelgelsen som har skjedd i Europa i det siste, det vil sei den siste haugen med årtusen, har i stor grad vore drevet av infesjonssjukdommar. Dette er sjukdommar som er avhengige av høg populasjonstettet. I jeger og sankar-samfunn var ikkje denne tettheita stor nok. Jordbruksrevolusjonen i Midtausten for rundt 11000 år sidan, som raskt spreidde seg til Europa, gjorde det mogleg å brødfø store menneskepopulasjonar på små område. Store nok til at sjukdommane florerte og tok livet av fleire menneske enn eg kan telje på ei hand.
Der jordbruksrevolusjonen aldri kom av seg sjølve, men med sjeggete rabbiate europeerar som med eit kors i ene handa eit sverd i den andre og et dusin lopper i sjegget høfleg videreformidla kunnskapen, der var det andre farer som lurte. Ein kunne for eksempel bli sparka i hjel av ein gnu, slått i hovudet med ein pinne, bli bitt av ein giftslange eller komme i skade for å treffe på ein tiger. Det var også vidt utbreitt med drap. Små stammar var stadig i krig med kvarande. Krigarane hadde ikkje toårig utdanning og blei satt inn i system, system, und ordnung!!! Desse var kanskje grupper på 10-20 stk som måtte tenkje sjøl, vera taktiske og i høgaste grad vera smartare enn motstandaren. Det var ellers ikkje vanskeleg å sulte i hjel. Viss ein slutta å tenke ei vekes tid og f.eks. berre sløva rundt bålet, då kunne ein rekne med at ein sjølve og heile familien døde.
For ein europeer var det langt enklare. Samfunnet har i lang tid, ca 8000 år, vore lagt opp slik at kvart menneske berre treng å bekymre seg om eit snevert utvalg av ting. Byggje bygningar, produsere mat, krige osv.
Sauen har gjennomgått ein liknande utvelgelse som europeerar. Ein sau treng ikkje å vere så smart. Dei treng å vera flinke til å ete, flinke til å produsere ull og lam, og dei må vekse fort. Ellers består livet i å prøve å ikkje dette på ryggen (for då kjem dei seg ikkje opp igjen) og å ikkje sette hovudet fast i gjerder.
PS: Eg har ikkje utført ein vitenskapleg undersøking som kan underbyggje dennne teorien. Så den er altså fortsatt berre ein teori – for alt eg veit kan eg ha feil. Alle kan ta feil. Eg gjorde for eksempel ein…. eg meiner det var i 1991.


