Mens me venter…

mai 31, 2008

Det er eksamenstid. På mandag er det biologitokt i ti dagar. Me skal gå med “Jan Mayen”, forskningsbåten til universitetet i Tromsø, langs Finnmarkskysten til Kirkenes. Så skal me vere i Passvikvassdraget. Me skal lere om alt som bur i vatn. Til dette treng me sjølvsagt fiskestenger, garn og teiner. Me skal kose oss med kongekrabbe og røye.

I Finnmarka finnes det ikkje trådlaust internett. I denne tida utan nye postar på “Livet, døden, kroppshår og havet” kan ein nytte høvet til å gjera andre ting. Søke på “women parking” eller “stupid cat” på youtube for eksempel.

Når eg kjem attende er det mykje spanande i vente. Dette kan eg lova sidan eg skal ti dagar på tokt med Are, labsprit og mange løgne dyr.

Forbrytelse og straff

mai 27, 2008

Neida… Det gidd eg ikkje å drøfte på ei side som dette.

Men kor i all verda er det blitt av våren? Det er ikkje eit lauv på trea. No er det berre grått og trist som i eit anna austblokkland. Då er det godt å vere sponsa av Norsk Lånekasse! Vel heime frå ein våt sykkeltur kunne eg ta ein miljøskadeleg dusj, og nå sitt eg og koser meg med ein nysteikt grandiosa. Snart skal eg sprette ei øl og sjå ein ulovleg nerlasta film på min berbare pc. Kan livet bli betre?

Norge er verdas nest største eksportør av sjømat (etter Kina). 3,1 millionar tonn med fisk kjem frå oppdrett og fiske kvart år. Ola og Kari liker ikkje fisk, så me eksporterer mesteparten av dette. Tar ein å laster denne fisken på trailerar og sett dei etter kvarandre, støtfangar til støtfangar, så når dei frå Nordkapp til Lindesnes. Martinussen, ein av medlemma i kollektivet mitt, har rekna ut at viss ein fyller denne fisken på melkekartongar og legg desse etter kvarandre så når dei 17 gonger rundt ekvator. Dette er nok til å mette ein sulten kjeft og to.

Videre er me verdas tredje største eksportør av olje (etter Saudi-Arabia og Russland). Dette er nok til å fylle opp ein merce og to.

Norge tener så mange penger at me ikkje kan bruke alle for då blir inflasjonen for høg. Me kan produsere nok mat til mange gonger Norges befolkning. Frå me ser lys for fyste gong til det blir evig mørkt så er me sikra medisinsk behandling, penger til mat, bolig og ellers alle primærbehov. Alle har like stor rett og moglegheit til utdanning. Maten i Norge er den billegaste i Europa i forhald til inntekt. Også når det gjeld bensinprisar så er me blandt dei heldigaste i verda i forhald til inntekt.

Og høyrer ein gnål? Ja det er vel ikkje eit folk som klager mei enn nordmenn. Det er greit å klage på ugudelege byråkratar som ikkje gjer den jobben som dei er betalt til. Eller urettferdig behandling av eit slag. Det er ikkje greit å klage over veiavgift. Det er ikkje greit å klage over høge matprisar, sjølv om “beconterrningar” kostar mindre i Sverige. Jævla syting. Korleis kan det folket som har den materielt beste situasjonen gjennom menneskas historie klage så mykje over det materielle?

Om nokon no ikkje har råd til å kjøre akkurat så mykje så dei ønsker, er det ein skam? Noko å felle ei tåre over? Ver vennleg å ikkje del sytinga di med meg i alle fall. Då kjører eg hestpeisen i ræva di og fyller bensin i holet. Du skal sleppe å betale for bensinen. Men eg er ikkje gratis. Du skal få betale med 90% av inntekta di. Så kan du leve eit liv slik eit gjenomsnittleg menneske, din kunnskapslause, hovne, synes-synd-på-seg-sjølve blære med altfor lite interesser.

Eksamenslesing

mai 24, 2008

Å lese til eksamen er ikkje berre berre. Magen held på å sprenge av all kaffien, eg skit knekk. Hovudet verker, eg får kreft i ræva og min “normale” mentaltilsand blir generelt forringa.

Då er det ein ting å gjere: komme seg inn i naturen.

 Det hender rett som det er at eg tenkjer: kvifor er eg i Tromsø? Verdas nordlegaste universitet. Kaldt og mørkt og felt. Fundamentale manglar florerer: det er ikkje sjenking på universitetsområdet, damene kler ikkje av seg før etter at skuleåret er slutt osv.

Så kommer ein seg ut på ein tur, og så forstår ein. Det går ikkje an å flytte herfrå. Naturen er så fin, moglegheitane så mange. Det er ikkje lange turen ein skal køyre før ein kjem vekk frå siviliserte folk. Så kan ein padle, gå på ski og bein, sjå på dyr eller skyte dei i hovudet. Sveitten pipler nedover panna. Eg har ikkje sjekka det opp, men eg trur det er slik at det er negative tankar i desse sveittedropane. Dei blir pressa ut frå hovudet, og drypp ner på bakken.

Når ein kjem attende til skulearbeid og liknande så begynner det sakte men sikkert å byggje seg opp igjen med dårleg stemning inne i hovudet. Men det tar litt tid.

Ein skulle kanskje tru at me europeerar er smartare enn alle slags andre utysker som er å finne. Me har tross alt kolonisert heile verda og utrydda halve. Eg studerer bilogi og har ei grundig innføring i darwinisme. No skal eg samanlikne folkeslag ved hjelp av sosialdarwinisme.

Utvelgelsen som har skjedd i Europa i det siste, det vil sei den siste haugen med årtusen, har i stor grad vore drevet av infesjonssjukdommar. Dette er sjukdommar som er avhengige av høg populasjonstettet. I jeger og sankar-samfunn var ikkje denne tettheita stor nok. Jordbruksrevolusjonen i Midtausten for rundt 11000 år sidan, som raskt spreidde seg til Europa, gjorde det mogleg å brødfø store menneskepopulasjonar på små område. Store nok til at sjukdommane florerte og tok livet av fleire menneske enn eg kan telje på ei hand. 

Der jordbruksrevolusjonen aldri kom av seg sjølve, men med sjeggete rabbiate europeerar som med eit kors i ene handa eit sverd i den andre og et dusin lopper i sjegget høfleg videreformidla kunnskapen, der var det andre farer som lurte. Ein kunne for eksempel bli sparka i hjel av ein gnu, slått i hovudet med ein pinne, bli bitt av ein giftslange eller komme i skade for å treffe på ein tiger. Det var også vidt utbreitt med drap. Små stammar var stadig i krig med kvarande. Krigarane hadde ikkje toårig utdanning og blei satt inn i system, system, und ordnung!!! Desse var kanskje grupper på 10-20 stk som måtte tenkje sjøl, vera taktiske og i høgaste grad vera smartare enn motstandaren. Det var ellers ikkje vanskeleg å sulte i hjel. Viss ein slutta å tenke ei vekes tid og f.eks. berre sløva rundt bålet, då kunne ein rekne med at ein sjølve og heile familien døde.

For ein europeer var det langt enklare. Samfunnet har i lang tid, ca 8000 år, vore lagt opp slik at kvart menneske berre treng å bekymre seg om eit snevert utvalg av ting. Byggje bygningar, produsere mat, krige osv.

Sauen har gjennomgått ein liknande utvelgelse som europeerar. Ein sau treng ikkje å vere så smart. Dei treng å vera flinke til å ete, flinke til å produsere ull og lam, og dei må vekse fort. Ellers består livet i å prøve å ikkje dette på ryggen (for då kjem dei seg ikkje opp igjen) og å ikkje sette hovudet fast i gjerder.

PS: Eg har ikkje utført ein vitenskapleg undersøking som kan underbyggje dennne teorien. Så den er altså fortsatt berre ein teori – for alt eg veit kan eg ha feil. Alle kan ta feil. Eg gjorde for eksempel ein…. eg meiner det var i 1991.

Eksamenstid er en periode like før jul men også rett før damene begynner og kle av seg her i nord.  Denne teksten skal forøvrig handle om avkledning og ikke om julefeiring. Alle damer ser bra ut i bunad og 17.mai er en stor dag for både små og store nasjonalister. Med et slu blikk på skrå kan selv den tyngste flyndra med flagg se bra ut. Tenk på alle land som ikke feirer 17.mai, starten på våren, testosteronet,  yndige  jomfruer,  pils, og ikke minst nakenhet. Ofte så går mine tanker til disse menneskene som ikke får oppleve dette herlige vårspillet. Innvandrene får heldigvis lov, og med Norge som deres nye mekka traver de opp og ned karl johan med sine bekledninger som kan minne mer om telt enn klær. Vakkerheten er skjult bak teltet. Jeg prøvde og google frem noen bilder av innvandrere uten truse, men med burka. Jeg mislyktes på det sterkeste. Hva hadde jeg ikke gjort for å kunne bo i teltet et døgn om ikke annet bare få spist lunch der en regnfull 17.mai. Vaske etter meg skulle jeg ha gjort også, med tungen som vaskekost og nesen som støvsuger skulle smulene forsvunnet i en fei. Filosof er jeg ikke, men en svensk kamerat pleier og si: I de trusene der kan du finne noe godt. Hva er godt? smulene som mannen hennes la igjen etter kveldsmaten? Jeg skulle nok klart og rense opp de også. Den Norske tradisjonen med dugnad har ikke innvandrerne skjønt. Når jeg så den tunge flyndra i 17.mai toget tenkte jeg bare en ting, “hun der er en tikkende bombe, best at jeg gir henne en riktig omgang får hun går løs på ungdommer med sin store vekt” Jeg skal love dere en ting, vekt hadde hun og det var nok til flere. Etter flere store klunker med styrke drikk innviterte jeg henne hjem til meg. Godt var det, men ikke for meg. Når man våkner 18.mai ved siden av fru flodhest som smiler lurt og man selv er en tynn elg så vet man at Darwin mislyktes i sin teori om naturlig seleksjon. Med mitt utseende skulle jeg jo ende opp med en freash russ. Ikke russer, men en avgangs elev.

Eksamen begynner og nærme seg og tiden for skole står i fokus. Med kilovis med kaffe, snus og pensum pakker jeg sekken vær eneste dag. Dagene rundt 17.mai er glemt og ryggen begynner og komme seg etter ulandshjelpen jeg gav til flyndra. Jeg har gjort min del og reddet et titalls ungdommer. Til neste år blir det lunch i burka og da er det kanskje du som må redde verden fra flyndra som kom seg på land.

Hilsen Are

Gjesteinnlegg

mai 20, 2008

Ein halvtam kamerat av meg, Are, er i skrivande stund i ferd med å lage eit gjesteinnlegg.

Her er me på harejakt i lag.

Eg har meir eller mindre lova å ikkje redigere “posten” hans. Eg kan derfor ikkje love at innholdet er sømmeleg eller kjem på nynorsk.

PS: viss ein trykkjer på “<< Previous Enties” nederst på sida, så kjem det opp fleire “postar”. 

Nadine Stair, en 85 år gammel dame frå USA, ble intervjuet på dødsleiet sitt. Noko av det ho sa i dette intervjuet har blitt kjent verda over:

Hvis jeg fikk leve et liv til, da ville jeg gjøre flere feil

Jeg ville koble mer av og være mykere,

 Jeg ville være dummere enn jeg har vært på denne reisen

Jeg skulle ta saker og ting mindre alvorlig, ta flere sjanser, bestig fjell, og svømme i flere sjøer

Jeg ville spise mer iskrem og færre bønner

Jeg kom kanskje til å få flere bekymringer, men jeg skulle ha færre innbilte

Dere skjønner…. jeg er et sånt menneske som lever forsiktig og sunt,time etter time, dag etter dag

Jo visst har jeg hatt mine fine stunder, og hvis jeg fikk gjøre det om igjen,skulle jeg prøve å ha bare stunder

En stund om gangen, istedet for å leve så mange år på forskudd

Jeg har vært en sånn person som aldri går noe sted, uten termometer, varmeflaske, regnfrakk og fallskjerm

Hvis jeg fikk leve mitt liv en gang til, skulle jeg pakke mindre i vesken

Hvis jeg fikk leve en gang til, skulle jeg begynne å gå barbeint tidligere enn våren, og fortsette med det lenger ut på høsten

Jeg ville danse mer, kjøre mer karusell,

- og jeg skulle plukke flere tusenfryd…

(dette var klipp og lim frå moisund.com. Forresten ei relativt ok nettavis. Min onkel laga den for ei bygd med 500 innbyggjerar. Ei bygd med nerlagd militærstasjon, butikk, togstasjon og postkontor. No er avisa ein dollarmachine, med eigen skoda-firmabil og planar om papirversjon.)

Kva skulle ein gjort viss ein måtte leve ein gong til? Eg for min del hadde tatt livet av meg før puberteten – eg har ikkje styrke til å leve gjennom den ein gong til. Før den tid er det ikkje så mykje det går an å forandre på, då tusler ein jo stort sett rundt å gjer det ein har lyst til å gjere.

Jobb og Feire

mai 17, 2008

Hei og hopp og hopp trallala. No har eg berre ein dag i gjen så skal eg ikkje jobbe meir på utruleg lenge (utan om nokre veker på garden i sommar – men det er berre kos). Eg skal nemleg danse salsa i Spania heilt til jul, sponsa av norsk lånekasse.

Fin jobb
Eg kjem til å savne denne priviligerte jobben eg har hatt i tromsø. I eit år har eg mata selar, reinsyr, moskus, ryper, ærfugl og hanar. Eg har blitt stanga i pungen av ein moskuskalv og blitt kosebitt av ein selunge, opplevingar eg ikkje ville vore foruten. Men eit par av dyra kunne eg godt vore nettopp det – nokon har rett og slett ikkje tiltalande personleghetar. Dette er noko som særskild gjeld selane. Et par av dei hadde havna rett i fengsel viss dei hadde vore mennesker (og blitt tvangskastrert hadde dei levd for 70 år sidan). Den eine då den er slem og prøver å bryte meg ner psykisk, den andre då den er feit dum og sulten på eit plan som ikkje er akseptabelt.

Den feite og dumme stappar hovudet ner i bøtta for å ete sild (dei andre foretrekker å bli servert ei og ei sild frå handa). Og så klarar ho på imponerande måte, imponerande ofte, å reise seg opp slik at bøtta blir sittande oppe på hovudet hennar. Då får ho panikk og herjer rundt og skremmer dei andre selane. Heilt til bøtta dett av. Gong på gong gjer ho dette. Angåande den slemme så har den skjerpa seg i det siste, det skal den ha. Eg gav den ein grunn til å respektere meg (ja, eg skjelte den ut og slo den med bøtta. Eg har grenser for kva eg finn meg i). Den er eit levande bevis på at det går ann å forandre seg – berre ein blir snakka til på eit språk ein forstår. PS: eg meiner ikkje å stemple heile dyregruppa “sel” som utysker, dei fleste av dei er veldig greie. Men det er alltid nokon som skal øydeleggje for alle andre.

Her kan du sjå kalven som stanga meg i reproduksjonsorgana: http://www1.nrk.no/nett-tv/distrikt/nordnorge/verdi/56517

Spania
I spania blir det ei heiundrandes liv. Vinen renn som vatn, jentene klarer knapt å styre seg for eksotiske blonde guttar, dei har mange timar fri midt på dagen og pengane strekk tri gonger så langt som i Norge. Når eg kjem attende blir det som ein nøttebrun spansktalande mann med søreuropeiske manerer.

På ei anna side så er det fare for at eg blir egla for dei kvite leggane mine. Når eg seier “I’m from Norway” så blir eg vel assosiert på godt og stort sett vondt med dei nordmenna som reiser der på charterferie. Ein poetisk ven av meg seier: “alt [av hokjønn] sørfor Kjøbenhavn er eit jævla freakshow”. Det er forsåvidt ingen jenter som er så fine som dei skandinaviske. I Søreuropa får dei gjerne bart når dei passerer 17 og blir epleforma og byrjer å gå med sjal når dei passerer 30. Eg kjem vel attende blautfeit, med t-shorte skille, feminine fakter og hundre rosinforma føflekkar.

Sørlandet

mai 14, 2008

Mitt Sørland:
Til alle mine kjenningar i Nord-Norge: http://www.mittsorland.no/. Dette er ei reklameside for sørlandet. Det er ein stad laaaang, laaaaaangt sør. Lenger sør enn Oslo til og med. Der er folk brune og kvinnene går med bikini midt i mai. Der finnes det utandørs badeland og strender med badetemperaturar over 20 grader (gjennomsnittstemperaturen i havet i Nord Norge om sommaren er 8 grader). Ein kan gå på oppdagelsesferd å sjå eksotiske dyr som hjort og grågås. Det finnes ikkje reinsdyr, fjell eller skuterar, berre dalar som renn over av elg og kyst der alle har eigen båt med motor. Dialekta der er så mjuk som fløyel og sørlandsjentene har blikk som slikker deg i ansiktet medan dei snakkar. Uvørent språkbruk og høglydt latter blir oppfatta som udanna. Her blir er det vulgært for ei mor å seie “di tullfetta” til dattera si. 

Til og med kroppsbyggjerar som jobbar i industrien snakkar lågmælt og kan smile vennleg, ja endå butikkansatte smiler. Ikkje bli overraska om dama på narvesen seier “ha ein god dag!” Dette er ein stad som eg annbefaler å leggje ferien til.

Tips: på Sørlandet er skinnvest, bart og samekler eksotisk. Bruk av dette avslører at ein er turist, og dette har som alt anna her i verda gode og dårlege sider. Ein treng ikkje å ta med vintersko – det kjem faktisk aldri snø der om vinteren!!

 

Eksperiment:
No skal eg gjere eit eksperiment. Eg skal ta tida eit minutt og så skrive akkurat det eg tenkjer.På den måten kan eg og deg bli litt betre kjent.

prøver å tenkje på noko anna enn musikken eg hoyrer på
no tenkjer eg absolutt ingenting, det var irriterande
musikken eg høyrer på er heilt grei
14sek igjen
8sek igjen
majken gjekk

Eg framstår no som ein person med svekka indre sjelsliv merker eg… Det var uheldig. Eg vonar dykk sett pris på at eg i det minste ikkje tenkte på noko støtande. Her ein dagen tenkte eg på eit par siamesiske tvillingar og ei geit, det hadde ikkje tatt seg bra ut. Heller ikkje viss eg hadde minnest korleis me lekte doktor når eg var liten. Det kunne blitt stygt. Alt i alt er eg fornøgd med eksperimentet og gjer det karakter 6 av 10 moglege.