Hjarteleg helvetes velkommen!
april 10, 2008
Du hadde kanskje ikkje trudd at eg var ein nerd som skriv webblogg? På sett og vis så hadde du feil. Eg spelar mellom anna “magic the gathering” og gjerne data også, ein gong i blandt.
Eg har berre lest ein blogg før, og det er bloggen til Jann på matnat. Den var løyen, herregud den var løyen. Der blei ein holdt oppdatert på korleis det stod til med han Jann. I eit heilt semester prøvde han å fikse bilen og å ta lappen, for Jann skulle til Austerriket på utveksling. Oppkjøring fekk han veka før han skulle reise. Han strauk. Heldigvis hadde kjemikeren ein kamerat som også skulle til Austerriket. Han kunne køyre. Så då vart det ein roadtrip veit du. Det neste ein fekk høyra var at bilen braut saman i Trondheim. Bloggen fekk på ingen måte ein nedtur etter dette. For Jann hadde pengar nok til å fly til Austerriket, og nå kunne ein lese kven og kva dei nye bekjentskapa hans likna på.
Elles har eg sett Rubenmann sin videoblogg. Ein reflektert nordlending det også, som formidler tankerekkene sine på internett.
På laurdag skal eg gå ein boksekamp. Det blir mot personen til venstre på plakaten under. Det blir nok verk i hovudet på sundagen tenkjer eg. Men Mendis skal verke mest, merk mine ord. Eg skal slå leveren hans ut av posisjon og daske blindtarmen mot galleblæra hans til det bli KO.
I’m so fast man, I can run through a hurricane and don’t get wet, When Mendis meets me, he’ll pay his debt. Eivind hit’s him with a left, hits him with a right, He sure fights one hell of a fight. Ouh, there comes the swing: Eikje knocks him clean out of the ring. Little did people know when they came too see the fight, That they’d witnes the launch of a black satelite.
(fritt satt saman av div Muhammad Ali sitat)
