Skadefryd
april 28, 2008
Er det morosamt når folk slår seg og liknande? Ja! Ein kjent person sa den beste fryd er skadefryd. Eit godt krydder til denne fryden er når ein person, på same tid som han har det vondt også drit seg ut sosialt. Her kjem nokre historiar som har blitt kjente og kjære for meg.
Tulling 1: Ein militærgut fekk skuldera ut av ledd under ei øving. Guten var tøff og ville ikkje ha hjelp frå kameratane sine. Han tolte smerte og hadde dessutan sett på ein film korleis ein kunne få skuldera tilbake i ledd på eiga hand. Det gjaldt å springe inn i eit tre i stor fart med skuldera fyst, så ville skuldera “poppe” på plass igjen. Etter sjølvmedisineringa hørtes smertehyl. Militærguten hadde desverre ikkje klart å reparere skuldera. Men i samanstøtet var han så uheldig at han knakk kragebeinet.
Tulling 2: Det var ein gong ein gutt frå Stord som gjekk på taekwondoo. Han var ein arbeidsom utøvar, han kunne sparke høgt og liknande og fekk etter kvart flotte fargar på beltet sitt. Men det var ein ting han ikkje fekk til, og det var å gå i spagat. Men helten vår var målretta. Han strakk ut kvar einaste dag og etter langt om lenge så nerma skrittet seg gulvet. Ein dag klaska ballane i bakken, og så glad kunne han ikkje huske å ha vore. Han mottok smilande gratulasjonar frå kameratane sine før han skynta seg heim: han ville nemleg vise mora si kva han hadde lert seg. Vel heime gjorde han det. Desverre røyk det ei sen slik at naboen kunne høyre det i etasjen ovanfor (det kunne han faktisk!). Den flinke taekwondoo utøvaren hadde blitt kald på vegen heim.
I Finnmark har dei, av ein grunn som eg ennå ikkje har forstått, kuldeportar ved tunellopningane. Kuldeporten i Nordkapptunellen blir årleg øydelagd av billistar som ikkje slutter å køyre sjølv om det er ein port i vegen. Eg kjenner at det hadde vore særs flaut viss dette hadde skjedd meg. Men når det skjer ein annan (idiot) så er det i grunn ganske fornøyeleg.

Skadefryd har også ei negativ side. Nokre folk er så glade i å sjå andre sin vanntrivsel at dei overlagt bringer dei ut i uføre. Her kjem eit av mange eksempel:
Den russiske revolusjonen var ein revolusjon som på mange måtar var utriveleg. Soldatane nytta i denne høva skadefryd på ein måte som eg personleg synes var litt over grensa. Dette gjorde dei for å… Ja Gud veit kvifor dei gjorde det. For å få dagane til å gå fortare? For å ha det artig (litt på same måte som eg går på kino eller ser ein boksekamp)? Eller enkelt og greit for at menneske er ein gjeng med skaptorturistar? Uansett, la oss komme til saka: nemleg kva dei russiske soldatane (både dei kvite og dei raude) gjorde for å kunne nyte litt skadefryd med vodkaen sin. Dei laga eit lite snitt i magen på ein fange. Gjennom holet klarte dei å lirke ut ein bit av tynntarmen. Denne spikra dei fast til eit tre. Med glødande bajonettar jaga dei så fangen rundt, slik at han tvinna opp tarmen sin på treet.
Gje meg ein tungvektsmeister!
april 26, 2008
Ingen idrettsmann er meir kjent enn tungvektsmeisteren i boksing. Og få menneske lager meir liv og røre. Der i gården er det ikkje “jo me får sjå korleis løpet går. Eg føler meg i fin form, men dei andre utøverane er flinke så dette kan gå beggje vegar”. Snarare: “I want to eat his children” (Tyson), “I’m gonna give hom a serious whopping, and then I’m gonne make him say my name (Ali)” og tramping på flagga til den motstandaren ein skal bokse mot (Bernard Hopkins) .
Når Muhammad Ali var på sitt beste var han den mest gjennkjente personen på jorda. I dag har me ikkje ein “undisputed champion of the world”. Det finnes fleire tittelbelter (pga fleire bokseorganisasjonar som ikkje vil samarbeide) og ingen har pr i dag alle. Den siste verkelege tungvektsmeisreren var Mike Tyson. Og han har vel ei fleste hørt om. Her er ein liten snutt som, om enn berre frå ei negativ vinkel, beskriver personen Mike Tyson ganske godt:
Mike Tyson er også kjent som “the baddest man on the planet”. Kid Dynamite har gjort verda til ein mindre kjedeleg stad å vere. Han har stått for tidenes mest energifylte og råe boksing. Uppercutta hans kom direkte frå Helvete og letta motsatanderante frå bakken. Det var ikkje alltid han slutta å slå når motstandaren gjekk ner for telling. Ein gong slo han ner dommaren. Han var så skummel at motstanderane ikkje torde å bokse skikkeleg mot han. I 1987 var det duka for Mike Tyson vs. Michael Spinks, begge utan tap til no i karriera. I garderoben før kampen var Tyson i eit dårleg humør (dårleg Tyson-humør kan ikkje samanliknast med eit vanleg dårleg humør) pga noko kluss med kampstarten. Iron Mike var så sint at han slo i veggen. Videre var han så sterk at han slo gjennom veggen – like inn i garderoben til Michael Spinks. Kampen var allereie vunne.
Her har du verdas kanskje beste eksempel på eit velkjent samfunnsproblem: ein stk gal person som er heilt vill til å sloss:
Muhammad Ali sa også mykje løye. Det hadde ikkje samme psykopat-klangen som det Tyson sa, men kom til gjengjeld ofte på rim. Og Ali snakka ein heil del meir. Han hadde sterke meiningar om alt og alle. Som han sjølve sa: “I don’t always know what I’m talking about, but I know I’m right!”. Før ein kamp provoserte han alltid motstandaren med skitsnakk, eit nytt dikt eller liknande.
Ali var journalistanes drøm. Kva enn spørsmål ein stilte så hadde han eit godt/løye svar. På spørsmål om kva han meinte om George Forman sine sjangsar til å ta tungvektstittelen svarte han “He’s too ugly to be the heavyweight champ! The champ should be pretty, like me!”. Ali har også ei relativt fin datter som heiter Leila Ali.
Cecilia Brækhus er norges beste bokser, det drister eg meg til å påstå. Det verker som om ho er på strak veg mot ein tittelkamp. Spanande!
Hillary Clinton
april 24, 2008
(blei skrevet i forgårs, trykka save i staden for publish:)
Det må ein seie… Ja det må ein verkeleg seie. Hillary Clinton påpeika i går at USA “kan utslette Iran fullstendig” som gjengjeldelse viss Iran angrip Israel med atomvåpen. Det må eg seie.
……
Ja kva skal ein seie?
Ho verka så snill. “I want all troops out of Iran!”. Ho er jo ei dame, ein demokrat, ho kritiserer Bush. Og ho smilte så moderleg. Men når det tetta seg til mellom ho og Obama i nominasjonsvalet, eller tetta og tetta: når Obama seila forbi ho i nominasjonsvalet, då kom den gretne kjerringa fram. Er det forsvarleg å ha slike premenstruelle galningar i ein maktposisjon? Og med maktposisjon meines ikkje her ein kommunebyråkrat, her meines leiaren for eit land med større militebudsjett enn heile resten av verda til samen. Eit land med inbyggjerar som i stor grad stoler blindt på myndigheitene og med myndigheiter som i liten grad bryr seg om verssamfunnet.
“Njååååååååå, æ liike ikkje haaaan, æ vil drepe han”, “I dag e æ premenstruell, æ vil bombe Iran. Jo, det vil æ; hær er det æ som e president”. “Presidentfetta i frankriket så så stygt på mæ, njååååå, æ vil drææææææpe ho”.
No annbefaler eg alle til å skru på tv3 og sjå laget som har scora mest i årets championes league daske Chelsea heile vegen tilbake til London. Om det så smell i helvete eller eg får ei uventa vitjing av ho-som-spiller i-pirates-of-the-caribeean så skal i alle fall eg det.
Katt
april 24, 2008
Katt et som kjent eit dyr. Eg likar dyr. Men eg likar ikkje katt. Unntatt når dei f.eks. blir skremte eller dett ner frå eit skap.
Her er ein lek du kan leke med katten din:
Denne videoen er av ein katt som kjem i skade:
Det er denne også. Ein klassikar:
Her er eit trist eksempel på kor slemme kattar kan vere:
Ein prototypisk slem og bortskjemt katt som ikkje vil dele med den snille hunden:
Bøddel Tom
april 20, 2008
I rektig gamle dagar straffa ein gjerne uturne folk offentleg. Viss straffen inkluderte å bli daud så var det ei særleg populær tilstelning. Det var mellom anna færre tilskodderar tilstades ved opninga av Eifeltårnet enn det var ved ei dobbelhenretting som fant sted i Paris dagen før. Publikum satte pris på fantasi og orginalitet når synderane skulle straffast. Kjente og kjære klassikerar var å binde tau til armar og bein og så feste andre enden til galloperande hestar, brenning ved svak flamme og koking.
Med tida vart folk ikkje mindre glade i å sjå på offentlege henrettingar, men dei satte andre krav til bøddelen. No ville dei at syndaren skulle bli kjapt og humant avliva. I dei tilfella der dette ikkje skjedde kunne publikum komme med sterke reaksjonar: bøddelen blei sjølve gjerne henretta av mobben (ofte før dei reiste heim og brann opp huset og familien hans). Når ein skal hugge hovudet av nokon med eige liv som innsats, så blir ein gjerne nervøs. Når ein er nervøs er det vanskeleg å hugge skikkeleg, og då døydde gjerne den dømte seint, og bøddelen kort tid etter. Det vart ei vanskeleg tid for bøddelane. Deira rolle i samfunnet havna på ein lavmål. Her begynner historia om Tom Charmony.
Tom Charmony (det var faktisk ikkje det han hette, men eg orker ikkje å sjekke kva det eigentleg var) var fødd i ein bøddelfamilie. På grunn av nevnte samfunnsituasjon var ikkje denne familien, i likhet med alle andre bøddelfamiliar i Europa, vel ansett. Dei hadde mest sex med seg sjølve og andre bøddelfamilar. Ein fekk etter kvart bødderdynastier. Tom Charmony var familiens utskot. Han ville ikkje vera bøddel slik som faren. I staden valgdte han ei militærutdanning. Men i militæret blei han frose ut av medsoldatane. Dette er ille då det einaste som er kjekt i militæret er kameratskapet. Så ille blei det at vår venn såg seg nødt til å slutte. Han prøvde på ny i ei anna avdeling, denne gongen under falskt navn, men det varte ikkje lenge før nokon fann ut kven han var og også her blei han frose ut. Tom skifta jobb og navn fleire gonger, men sjølve om han prøvde hardt så klarte han ikkje å springe frå sjebna sin. Til slutt enda han opp som eksekusjonist på guilliotinen saman med faren. Tom hadde hematofobi og tolte ikkje å sjå blod. Under heile hans yrkesaktive liv kunne ein høyre hyl under dei henrettingane der det spruta blod. Og det gjer det, desverre for Tom, gjerne når ein høgg hovudet av eit menneske.
For fleire fortellingar om triste menneskeskjebnar anbefaler eg “Bestialitetens historie” av Jens Bjoerneboe. Her blir lesaren tadd med på ei reise gjennom nokre århundrer med fantasifull vald og djuptsittande ueinigheter. Dette er den beste boka til norges beste forfattar. Her ser han 700 år med europeisk kultur inn i kvitauget. Bjoerneboe vart så deprimert av å skrive boka (det blir ein av å lese den også) at at han døyde for eigen hand kort tid etter at den blei gidd ut.
Hadde Bjørneboe berre bore eit bjørnedyr. Desse smådyra har i lang tid vore kjent for å tole de meste. Men når russiske forskerar sendte ein gjeng ut i verdsrommet i ein open beholdar og utsatte dei for kosmisk stråling i 14 dagar, utan at dei tok skade av det, då blei eg litt overaska. Ellers kan ein forresten koke dei, fryse dei ner til 272 grader minus, utsette dei for radioaktiv stråling, plassere dei i vakuum og bada dei i sterke løysemidler. Når dei er redde, eller berre generelt leie, kan dei gå inn i ein spesiell dvaletilstand som kallast kryptobiose. I denne særs djupe søvnen er dei mest utan vatninnhald, har ikkje noko målbart stoffskifte, toler nær sagt alt og kan sove i fleire år enn noko menneske kan telje. Ein må treffe dei vinkelrett med ei hydrogenbombe for å vera garantert ei avliving.

Fullesjuk
april 19, 2008
Er det bra eller dårleg å vera fullesjuk? Det er ein altfor vidtgåande spørsmål til at det lar seg besvare her. Men eg kan meddele at eg er fullesjuk. Her er ei pro eut contra (dei som ikkje veit kva det er kan ta seg ei bolle. Eg leste nemleg ei heil lærebok om det jævelskapet når eg skulle ta eks phil, så fann eg ut at eg ikkje skulle lese den men ei anna. Fire dagar før eksamen. Det mest nyttige eg fekk ut av den er nokre vanskelege ord som eg kan bruke for å vise kor belest og intelektuell eg er) oppsett av min fullesjuk-dag:
Pro:
- blir litt sindig
- slepp å gjera noko fornuftig (utanom jobben)
Contra:
- måtte ta taxi til jobb sidan sykkelen sto ein stad eg i all min visdom plasserte den i går
- blei kvalmen på jobben
- gløymte ut ditt og datt på jobben
- blir sleten av alt
- har litt vondt i hovudet
- blir kvalmen av å snuse, men må snuse likevel (er sjølvsagt ikkje avhengig)
- blir lett irritert (for eksempel når eg ser, mens eg skriv dette, at Martinussen tar ein smågodt fra min pose og så legger den tilbake, for han ombestemte seg og ville heller ha ein anna ein. Hestpeisen.). Og syns i grunn alt er teit (f.eks. idiotane på TV).
- fulleangst
- magen er i ulage
No er eg så dårleg at eg må slutte å skrive.
Når eg blir seks og seksti, tralalalalaalaaa
april 17, 2008
Mens eg stod og såpa meg inn i dusjen i går kom eg til å tenkje på om det ikkje var kjekkare for nokre tusen år sidan? Då ein slapp å gå på skulen i 12-18 år for å lere seg det som trengtes. Og alt ein gjorde passa med dei genene ein hadde. Det menneske gjer i dag for å kople av, stresse ner og ha det kjekt, det var jo det einaste dei gjorde då. Jakt, fiske, friluftsliv, handtverk og vere sosiale. No må ein sitte i ro 5 dagar i veka frå ein er 7 år til ein blir pensjonist på ein plass der ein ikkje vil vera, og så køyra i rushtrafikk til ein heim med vasking og gnål. Dette er overhovudet ikkje noko som eit menneske er konstruert for. Situasjonen kan samanliknast med ein fugl i eit bur. Den veit jo for så vidt ikkje noko betre stakkar, men på ein skala frå 1 til 10 så føler den seg ikkje 10. Det kan du ete wasabi på.

Eg må seie eg gler meg til eg blir pensjonist. Då skal eg ha følgande vekedagar: Eg står opp tidleg, et frukost og drikk min kaffe. Så tar eg båten ut å trekk garnet og kanskje pilker litt på dei stadane eg veit at det er steinbit eller liknande. Så høgg eg litt ved til eg får lyst på pause. Då drikk litt kaffi frå termosen og røyker pipe mens eg sitt og tenkjer. Så høgg eg litt meir ved. Etter middag, som eg rett som det er har skote eller fiska sjøve, er det kaffeslabberas med kjenningar. Då kan ein snakke om gamle dagar, verdsproblemer, alt og ingenting. I helgene reiser eg meg ein tur. Vegen kan gå kor som helst, i fjellet, på sjøen og til framande kulturar: korkje Karmøy, Nedre Vats eller Setesdalen blir for langt unna for meg.

Heldigvis er eg mann. I tilleg til å kunne tisse ståande blir eg ikkje så stygg når eg blir gammal. Og viss eg blir stygg så bryr eg meg ikkje så mykje om det som viss eg hadde vore ei kvinne. Andre fordeler med å vera mann kontra kvinne? Eg oppfordrar leserar til å komme med forslag! Eg har altså tatt eit steg lenger i retning nerd: eg oppfordrar til å svare på innlegget. (Neste steg blir avstemning i slutten på kvart innlegg. Etter det blir det eit webkamera-bilete av meg sjølve ved kvar post, osv.)
Her er ein oppmuntrande film som viser at ein er seg sjølve, sjølv om ein bler gammal.
Dei daglege situasjonane blir annleis, men ein taklar dei på same måte. Eg kjem for eksempel til å komme for seint til bingoen i staden for skulen og dei som no klagar på for høg skatt kjem til å klage på for låg pansjon når me blir nermare eit århundre gamle. Bestemora mi har alltid vore tidleg ute. Ho har kjeda seg mange gonger opp i gjennom dei mange åra sine mens ho har venta på andre, f.eks. meg. Nyleg var ho på hyttetur med systera si. Den dagen dei skulle heim, når dei hadde skyndta seg å vaske hytta og gått ner til vegen for å ta bussen, såg dei at det var 3 og ein halv time til bussen kom. Heldigvis var det nokre hyggelege vegvesen-arbeiderar som innviterte dei inn i pausebrakka si slik at dei slapp å stå langs vegkanten og vente (i ein alder av ca 74 år).
Når me alikevel kommuniserer saman: her kjem vitsen eg lova om SV-fak:
Kvifor kan ikkje folk frå SV-fak deriverast?
For å pirre publikum kjem svaret i neste post. Ikkje nok med det: spørsmålet er også ein konkurranse. Den fyste som svarar rett får ein fin premie (den er hemmeleg inntil eg ser kven som svarar rett).
I Kina et dei hund, geitepenis..
april 16, 2008
… brennmanet, slanger, katt, mus og eigentleg alle dyr som finnes. Jan Fossberg, Norges fiskeriutsending i Kina og Korea, seier at det einaste med fire bein som kineserane ikkje et er bord og stolar.
Her er eit parti med hundar som skal flåast og seljast.

På resturant kan ein på penis av alle slag. Til og med av sel frå Canada. På restauranten Guolizhuang i Beijing kan dinside.no fortelje at dette koster 2500 kr. Same resturant anbefaler forøvrig ei gryte med seks forskjellege penistypar, fire testiklar og ein kyllingbuljong for nybegynnerar.
Eg veit ikkje kva som er verst av kina-mat og den rotne maten som me et her i nord. Matkulturen vår har i mange århundrer bestått blandt anna av å grave maten ner ei stund før ein et den. Rakfisk, surstrømning og liknande har blitt åte i enorme mengder sjølv i kristeleg tid. Eg har smaka surstrømning sjølve. Dette er den einaste kjente maten som ikkje dug som reveåte. Men for å vere ærleg så var det ikkje så gale. Eg starta med nokre koppar akkevitt, så prøvde eg nokre små bitar surstømning med mykje potet, rømme og flatbrød, som eg skylde ner med litt akkevitt. Etter eg manna meg opp med litt akkevitt prøvde eg å ha litt meir “fisk” til neste porsjon og det gjekk heilt fint. Eg spøy naturlegvis litt etterpå, men det kan ha vore av andre årsakar (eg drakk mellom anna ein del akevitt den kvelden).
Her kan ein sjå nokon som et surstrømning: http://www.snutter.no/app/viewMovie.action?id=3394.
Penis
april 14, 2008
Kven har den største penisen i dyreriket i forhald til kroppsstorleik? Det er ikkje ein afrikaner. Faktisk er han, noko som nokre av dykk leserar allereie veit
, vanleg å sjå i desse farvanna. Eg skal forklare nærare, og komme med bilete (som viser mest alt) om litt.
Kamp: Eg seier som Bjørndalen, som eg samanlikner meg med forøvrig, at eg er nøgd med kampen sjølv om det ikkje blei fysteplass. Eg følte at ting stemte, men motstandaren var betre i dag og eg har nokre ting som eg må jobbe med til neste kamp.

Følgende bilete er ikkje av den lengste penisen i forhald til kroppstorleik. Det er ein åtvaring til mindreårige som skulle finne vegen til denne sida. Det finnes både det eine og det andre av unevnelegheiter dei stadane der sola sjeldan skinn. Dette bilete er av ein som ikkje brukte regnfrakk ved ein anleidning på Aija Napa og fekk redusert reproduksjonsevna si betrakteleg.
Den lengste penisen i dyreriket tilhøyrer skipsruren (Balanus crenatus). Skapninga er på mange måtar eit dyr som minner om menn. Tidleg i livsstadiet svømmer det fritt rundt i havet. Den flyt forbi fiskar og sjøhestar der den reiser rundt og opplever verda. Men så plutseleg ein dag utveklar den ein sugekopp i nakken, og med denne sug den seg fast til gjenstandar den syns luktar godt. Når dette har skjedd kan ruren aldri meir reise. Den limer seg fast til skipet, krabben, brygga eller kva det måtte vera og forblir der heile livet. Skipsruren er utruleg irriterande for omgivelsane sine. Den plagar krabbar mest i hjel og har vore ein uting for båteigerar i fleire tusen år. I tillegg til dette er den veldig kåt. Men der den sitter i limet kan den ikkje fere rundt på sjekkaren. Heldigvis, utruleg fordelaktig, så har den verdas lengste penis. Med den kan han reise eit stykke utafor heimen og befrukte framande rur, utan at det treng å bli personleg.

På orakelet.no stilte ei jente på 13 år frå Finnmark dette spørsmålet: “Hvor lang er verdens lengste penis?” Den lengste penisen som er målt på eit menneske er ein 34,5 cm harding med en omkrets på 15,9 cm. Eigaren kunne forresten ikkje få ereksjon for då besvimte han av blodmangel. http://orakelet.info/3914
Bart
april 11, 2008
Om du studerer på UiT og har høyrt noko om ein galning med raud bart som driv å spring etter framande folk. Ja, så veit eg kanskje litt om den saken. Men det var ikkje med vilje, som min onkel seier, det var med vanilje. Det har seg slik at eg hadde bart i nokre dagar. Kvifor valgte eg, som einaste person (i alle fall einaste gut), under 30 år, å ha bart? Hmm.. Litt då eg fekk slik sympati for den der den stod så uskylig etter at eg hadde barbert vekk resten av skjegget. Litt bere på faen. Og kanskje eit lite snev av ei tankerekkje som kan likne på denne: bart var sist populært på 70(kanskje begynnelsen av 80)-talet, so det er sikkert rett om hjørnet at den blir populær igjen.
Andre dagen med bart, altså i går, skulle eg treffa ein vegleiar på SV-fak. Noko som minner med på ein vits om SV-fak. Noja, den får komme seinare. Eg fann ikkje fram og gjekk hverken fram eller tilbake, snarare tvert i mot, når det kom ei lita studentine gåande. Eg såg på ho, såg vekk mens eg manna meg opp, og så snudde eg meg, gjekk bort til ho og sa ”Hei! Vett du kor SV-fak ekspedisjonen e?” på mitt mål. Dette måtte eg gjenta. “Vettukor SV-fakekspedisjonen e?”. Så sa ho noko som eg forstod slik at ho ikkje var flink i norsk, men eg kunne følge etter ho så skulle ho vise meg veien. Ok sa eg med eit smil, og gjekk etter. Ho var ivrig etter å ikkje kaste vekk tida mi, ho gjekk raskt og bestemt. Ho auka farten slik at eg mest måtte springe for å halde fylgje. Det var ikkje før me hadde gått gjennom heile fakultetet og ho storma på utgangsdøra på den andre sida at den sosiale intelligensen min forstod kva det var som eigentleg var skjedd.
Eg blei veldig sur på den (den sosiale inelligensen). Men den hadde plukka opp eit sitat frå “Kill Buljo” som den slengte i hjernebarken min: “Forstådd? Når har æ noengang forstådd noe som helst? Æ trudde at vægvesenet var et monster som bodde på E6-en heilt til æ blei 16 år”. Der hadde den unekteleg eit poeng. Dette var noko eg visste om og som eg burde ha tatt høgde for.
Barten den måtte gå. Eg måtte sjølvsagt springe rundt med Hitlerbart og snakke tysk, gjere nazihelsingar og forlange SYYYSTEM! og ORDNUNG! til dei eg budde med i eit par minutt. Men så forsvant heile barten, og eg følte meg med eit som eit lite barn. Eg blei mest 5 år yngre. Dette er ein inngripen som kan annbefalast for gutar, og jenter, som ynskjer seg ein meir ungdommeleg utsjånad. La barten gå… Berre la den gå.






